Det er lett å peike på grunnar til at sentraliseringa kan fortsette. Vi vil finne politikken som sørger for at fleire ønskjer å bu i distrikta.

Førre veke lanserte eg regjeringas distriktsmelding. På leiarplass skriv Folkebladet at regjeringas distriktsmål er lite konkret. Eg kunne ikkje ha vore meir ueinig.

Medan tidlegare regjeringar har nytta ei vag formulering om å «oppretthalde hovudtrekka i busettingsmønsteret», seier denne regjeringa i klartekst at målet er folketalsvekst i distriktskommunar.

Det vi vil unngå, er at store områdar i distrikta opplever folketalsnedgang. Men Folkebladet har nok teke litt mykje Møllers tran i si tolking: Vi har ingen ambisjon om at folketalet skal auke i «kvar einaste lille distriktskommune», som Folkebladet skriv. Det er nok i overkant optimistisk, sjølv med Sp i regjering. Målet til regjeringa, slik det går fram av meldinga, er at folke­talet samla sett skal auke i distrikts­kommunar på det som kallast sentralitetsnivå 4, 5 og 6. Med ein aktiv og mål­retta politikk har vi gode føre­setnader for å klare dette:

Nærleik til natur, opplevingar og tette lokal­samfunn gjer distriktsområda attraktive og unike. Erfaringar frå koronaepidemien viser at fleire ønskjer seg eit liv utanfor stor­byane. Gjennom å utvikle og byggje vidare på lokale særpreg er distrikta attraktive stader for buset­ting og aktivitet. Innovasjon i offentleg sektor, tillitsreform og forsøksordningar kan styrkje dei små kommunane si evne til å tilby gode tenester.

Det grøne skiftet tek i stor grad utgangspunkt i ressursar i distrikta. Det kan innebere ein ny giv for mange distriktskommunar, både fordi det gir større inntekter, og fordi det fører til større breidde i arbeidsmarknaden.

Desentralisert og fleksibel utdanning gjer det enklare for ungdom å busette seg i distrikta, og det kan trekkje til seg unge studentar frå fleire stader i landet.

Som Folkebladet trekk fram, handlar det om å bryte ein langvarig og global trend med sentralisering og urbanisering. Nettopp derfor er distriktspolitikken viktig. Sentralisering er inga naturlov. Sentralisering skjer når sjølvforsterkande prosessar får spele seg ut uhemma. Det skjer når ein ikkje har ein plan for politikkutviklinga som tek omsyn til at politikk får ulike konsekvensar rundt om i landet.

Regjeringa vil at all offentleg forvalting skal vurdere distriktspolitiske omsyn. Vi vil at konsekvensar for distrikta skal synleggjerast i alle reformar. Det inneber at ein ikkje berre skal styre ut frå økonomien til sektoren isolert sett, men ut frå ein større heilskap. Med Senterpartiet i regjering legger vi til rette for at lokal­samfunna i større grad kan utvikle og bygge vidare på sine fortrinn. Dei skal styre meir av arealbruken sjølv, så dei kan legge til rette for næringsliv og nye bustader.

Digitalisering opnar for å gjere ting på nye måtar. Det kan gi nye moglegheiter for utvikling og vekst i distrikta.  Auka bruk av digitale løysingar legg til rette for at mange arbeidsoppgåver kan utførast same kvar i landet ein bur. Det gjer det mogleg å ta i bruk digitale velferdsløysingar. Men då må vi ha høghastigheitsbreiband i heile landet. Regjeringa jobbar med det.

Den nye distriktsmeldinga markerer startskotet for regjeringas distriktspolitikk, og viser den breidda av oppgåver og fagfelt som regjeringa jobbar med. Dei konkrete tiltaka kjem i årlege budsjett og vedtak. Eg skal kjempe for distrikta kvar gong.

Vil du bidra med din mening? Send debattinnlegg på epost her