Hasardspel med arbeidsplassar?

HERRER: – Etter Brexit var britane igjen kvinner og herrar i eige hus og parlamentet vart igjen den lovgivande forsamlinga i landet utan eit einaste EU-direktiv, skriv Olav Flaate.   Foto: Alastair Grant

debatt

Hårek Elvenes er stortingsrepresentant for Høgre og arbeider for norsk EU-medlemsskap. I eit debattinlegg i ulike aviser kjem han med eit skræmebilete av det som kan skje med Noreg ved ei eventuell oppseiing av EØS-avtalen.

Han meiner det vil vera som å driva eit hasardspel med norske arbeidsplassar, og at Noreg kan få den verste økonomiske krisa sidan den store depressjonen (1929). Det er som om historia gjentar seg, for han driv den same skræmepropagandaen som Gro Harlem Brundtland (Ap) gjorde framføre folkerøystinga om ja eller nei til norsk medlemsskap i EU i 1994. Ho sa då at eit nei til EU-medlemsskap ville føra til at 100.000 norske arbeidsplassar ville forsvinna.

Resultatet var at sysselsetjinga, talet på arbeidsplassar auka veldig — trass i dei dystre spådomane til Gro Harlem Brundtland, som såg på EØS-avtalen som eit springbrett for EU-medlemsskap. Hårek Elvenes held fram med svartmålinga si når han skriv at verken Sp, SV eller Raudt har tatt lærdom av Brexit og at «Brexit har vært en gedigen økonomisk katastrofe for Storbritannia».

Hårek Elvenes må væra temmeleg desperat når han tyr til noko som grensar til «fake news» for å halda meg til den nynorske terminologien. Prognosane for den økonomiske utviklinga i Storbritannia opererer med ein forventa auke i BNP i 2021 på 6,8 prosent, og det er den høgaste veksten dei har hatt sidan dei starta med å laga slike prognosar i 1949!

Etter Brexit var britane igjen kvinner og herrar i eige hus og parlamentet vart igjen den lovgivande forsamlinga i landet utan eit einaste EU-direktiv.Dermed hadde dei sjølvråderett til å gjennomføra store statlege investeringar i einskilde regionar for å utjamna økonomisk og sosial ulikskap.


Frykter rødgrønt jernbane-nei kan ødelegge for Nord-Norgebanen

Even Aronsen og Venstre frykter den rødgrønne siden vil rote bord Nord-Norgebanen ved å si nei til EUs jernbanepakke.


Med Brexit var det og slutt med fri flyt-politikken frå EU. Det vart slutt på fri flyt av arbeidskraft og det som vert kalla sosial dumping. Dette resulterte i at gjennomsnittsløna i hotel- og restaurantnæringa auka med 18 prosent og i detaljhandelen med ti prosent, Etter Brexit har Storbritannia inngått handelsavtalar med 96 land.

Hårek Elvenes fryktar at norske politikarar skal sei opp EØS-avtalen, den avtalen som han sjølv, Jonas Gahr Støre og NHO meiner har tent landet så godt. På kva slag måte? EØS-avtalen har ei oppgåva, slik eg ser det. Han er, grunna det påtvungne EU-regelverket og mange EU-direktiv, eit godt springbrett til fullt EU-medlemsskap. Hårek Elvenes burde vita at det vil vera ein mykje lettare prosess knytta til ei oppseiing av EØS-avtalen enn det var for britane å gå ut av EU.

Hårek Elvenes burde og kjenna til at Noreg har ein frihandelsavtale med EF/EU frå 1973. Denne avtalen vert gjeldande når EØS-avtalen vert sagt opp. Frå då av vil det og bli slutt på fjernstyringa frå Brüssel, og Hårek Elvenes vil igjen få oppdaga at Stortinget er den lovgivande forsamlinga i Noreg, og ikkje EU-kommisjonen i Brüssel.

Som britane får me full sjølvråderett og husmannskontrakten gjennom EØS-avtalen vert historie. Det er på tide at både Hårek Elvenes (Høgre) og Jonas Gahr Støre (Ap) respekterer fleirtalet av resultatet av to folkerøystingar om kva slag tilknyting Noreg skal ha til EU og gjer tiltak for å få sagt opp EØS-avtalen.