Bedriftsøkonomi-modellen i praksis:

«Fra velferdsstat til velferd for NHO»

ANSVAR: - Verken Støre eller Solberg er villege til å ta inn over seg at det er deira politikk som fører til at folketalet i distrikta går nedover, skriv Olav Flaate.  Foto: Terje Pedersen, NTB

I Noreg byggjer noverande regjering ned den sosiale velferda.

debatt

Det nye året 2021 var ikkje gamalt før Ap-leiar Jonas Gahr Støre i Dagsavisen kunne roa ned NHO-sjefen Erik Almlid med at EØS-avtalen er ein garanti frå Ap. Det same gjorde statsminister Erna Solberg på sin måte då ho i nyttårstalen sin til det norske folk ga EØS-avtalen æra for at Noreg har fått tilgang på Covid 19-vaksinen.

Men mange land rundt om i verda har fått tilgang til Covid 19-vaksinen utan å vera fastlåste i ein EØS-avtale. Støre og Solberg er begge tilhengjarar av EU-medlemssap, og arbeider for dette i alt dei gjer og seier. Eitt av måla for EU er å privatisera mest mogeleg av offentleg sektor der marknadsøkonomi og bedriftsøkonomi skal styra omfanget og kvaliteten på tenestene. Støre og Ap var svært målretta i dette arbeidet då dei organiserte norsk helsevesen i helseforetak frikopla politisk styring.

Erna Solberg i regjering sette i gong eit storstila reformprogram som allereie har øydelagt mange lokalsamfunn. Denne reformiveren har ført til at mange statlege arbeidsplassar i distrikts-Noreg er lagde ned eller slått saman, slik at lokalbefolkninga får det vanskelegare når dei har behov for desse tenestene. Fylgjene av dette er at folk flytter og pulserande lokalsamfunn litt etter litt vert utarma. Verken Støre eller Solberg er villege til å ta inn over seg at det er deira politikk som fører til at folketalet i distrikta går nedover. Desse to politikarane er like flinke til å rosemala EØS-avtalen utan å problematisera at dei begge har gått inn for å avvikla Stortinget som den lovgivande institusjonen i Noreg. Lover og direktiv kjem gjennom EØS-avtalen frå Brüssel og ikkje frå det norske Stortinget, og desse lovene oversrtyrer gjeldande norske lover.

I to folkerøystingar sa eit fleirtal av det norske folk ja til sjølvråderett, og at Stortinget framleis skulle vera den lovgivande institusjonen i Noreg. Det er difor eit paradoks at eit fleirtal av folkevalde politikarar på Stortinget ikkje respekterer folket og verdien av sjølvråderett for det norske folk med ein sterk offentleg sektor og velfungerande demokratiske institusjonar

Stein Lier Hansen, direktør i Norsk Industri, seier at det beste offentleg sektor kan gjera i Covid 19-dugnaden er å redusera talet på offentleg tilsette. Han set medarbeidarane i privat sektor, der mange er permiterte, opp mot tilsette i offentleg sektor. Dei har det mykje betre enn mange i privat sektor, seier Lier Hansen, for dei har med heimekontor og slepp permitteringar frå jobben.

Dersom alle leiarar i privat sektor har same meiningane som Lier Hansen, er eg redd det kan få alvorlege konsekvensar for den norske samfunnsmodellen. Offentleg sektor står opp for privat sektor i vanskelege tider, slik Franklin D. Roosevelt og gjorde det under den store økonomiske krisa i 1930-åra, og som norske styresmakter har freista på under pandemien. Den hjelpa kunne nok ha kome tidlegare og vore meir føreseieleg både for bedrifter og einskildpersonar, som enten vart permitterte eller vart oppsagde.

Privat og offentleg sektor er avhengige av kvarandre, og i desse koronatider opplever me alle at talet på offentleg tilsette skulle ha vore høgare enn det er. Det er behov for mange fleire helsearbeidarar, lærarar, barnehagetilsette osv. Men i bedriftsøkonomistyringa av offentleg sektor, kommunar og fylkeskommunar er dei økonomiske overføringane frå staten mindre og mindre i høve til dei oppgåvene staten overfører frå seg sjølv til kommunane. I desse tider er det difor mange kommunar rundt om i landet som må gjera store kutt i budsjetta sine både ved å redusera tenestetilbodet sitt og i verste fall gå til oppseiingar av tilsette.

EØS-avtalen har skapa mykje uro både for offentleg sektor og for arbeidslivet generelt både med sosial dumping og uverdige arbeidsvilkår. Dette brydde verken Støre eller Gro Harlem Brundtland seg om i forkant av for eller mot EU-røystinga i 1994. Dei kom begge med sterke skræmeskot om tap av 100.000 arbeidsplassar dersom det norske folk røysta nei til medlemsskap i EU. Trass i desse dystre spådommane var det det motsette som skjedde. Det vart skapt mange fleire arbeidsplassar i kjølvatnet av fleirtalet for nei til EU-medlemsskap. Det er difor rart at Jonas Gahr Støre gjentar den same skræmepropagandaen no i 2021 dersom Noreg seier opp EØS-avtalen og erstattar han med ei modernisert form av den tosidige handelsavtalen mellom Noreg og EF frå 1973.

Sauda, ein liten industrikommune i Rogaland fylke, var dominert av Ap i heile etterkrigstida og gjorde ein framifrå jobb der. Etter at både Gro Harlem Brundtland, Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre har styrt partiet stadig tettare Høgre og Erna Solberg, fall oppslutnaden om partiet som ein stein. I dag er det Sp som har ordføraren i Sauda, og spelar dermed den rolla som Ap gjorde tidlegare.

Tilliten mellom folk og folkevalde smuldrar bort sjølv om både Ap-leiaren, Erna Solberg og til og med kongen seier at det er stor tillit mellom folket og politikarane. Når både Ap og Høgre støttar opp om EØS-avtalen og dermed eit politisk system som gjennom lovgiving favoriserer fleirnasjonale selskap og utraderer Stortinget som den grunnlovsmessige lovgivande institusjonen i Noreg, er det noko som skurrar i mine øyro.

Brexiter i hamn. Endeleg er britane kvitt den klamme handa frå Brüssel. Endeleg er paralamentet arenaen for å laga dei britiske lovane. Endeleg har dei sjølvråderett til å forma si eiga framtid. Korona-pandemi og utmelding av EU vil sikkert vera utfordrande, men med 100 prosent sjølvråderett har dei igjen mogelegheiter til å reisa seg både både når det gjeld samfunnøkonomi og offentleg velferd. Dei kan forma si eiga framtid og samarbeida med dei landa dei sjølve ynskjer.

I Noreg byggjer noverande regjering ned den sosiale velferda. Å nytta seg av NAV-systemet synest å vera eit brotsverk samstundes som økonomiske ytingar til dei som treng det vert skore ned. Dette er bedriftsøkonomimodellen i praksis. Elles skryt helseminister Bent Høie EØS-avtalen opp i skyene, ein avtale som ifylgje han gjer at Noreg får tilgang til koronavaksinen, slik Jonas Gahr Støre, Erna Solberg og Ine Eriksen Søreide gjer det. I 27 år har dei servert den same løgna til det norske folk.

Jonas Gahr Støre lovar til og med truskap til EØS-avtalen og velferd for NHO. Å tilretteleggja for livskraftige bygder ein samanbindande jarnbane frå nord til sør er ikkje-tema no før stortingsvalet.