Koseleg med liv og kjente lydar rundt seg

Fuglane og vi

KRONIKK

RESERVAT: – På det meste har vi i vårt private, vesle fuglereservat hatt sju efuglar som har ruga ut ungar. Også i år har eg ordna med plassar til ganske mange, skriv Kato Per Løvstad.   Foto: Privat

Det vil vere trasig den dagen det ikkje er fuglar å sjå og høre nede i fjæra

Kato Per Løvstad
debatt
Kvar vår sitt vi og ventar. Ser på kalenderen og tittar ut av vindauget. Kjem dei ikkje snart? spør vi kvarandre. I fjor kom småmåsen den 2. april, og tenk i år såg vi han den første. Et par stykkje hadde tatt plass nede på vorren, sat der og såg seg omkring og lurte liksom på om alt var ved det gamle.

Dagen etter var alle måseparene på plass. Eg ut og prata med dei. Tippen, tippen, sei eg kvar gong. Då skvett dei til og lyer. På den måten veit eg at dei kjenner meg. Når eg går ned til fjæra, så går eg alltid varsamt medan eg pratar til dei. Dei sitt i ro. Nokre av dei går nesten ikkje unna føtene mine. Sitt og ser på meg og husker kleda mine, for eg prøver alltid å ha på meg den same gamle yttertrøya og den same hua.

Nede i fjæra puslar eg med mitt, og måsane sitt i ro og ser på. Dei er snare til å undersøke dersom eg endrar på noko, flyttar ein stokk eller rullar ein stein på plass etter uvêret. Eller eg utbedrar grillplassen, set opp fleire rugekassar eller pyntar litt etter vinterstormane sine herjingar. Ikkje før er eg gått der ifrå, så kjem måsane og undersøker om der er noko dei kan eta. Alle matrestar, sjølv om det er lite nokre gongar, ber eg ned til fjæra og legg på ein fast stad. Så passar eg på å gå berre eit stykkje unna, slik at småmåsane får ete. Går eg opp imot vegen, er svartbakane raskt nedpå steinen og forsyner seg.

For mange år sia, fikk vi tak i eit gamalt dokkehus. Det sette vi opp nede i strandsona. I nordrøstet spikra eg opp ein kasse for måsen. I sørendene ein for tjelden. Kona mi laga ein måse- og ein tjeldfigur som ho slo opp på veggen like ved kassane. Ikkje så å forstå at vi venta at fuglane skulle forstå hintet og halde seg der figurane tilsa at dei skulle vere.

Men då tjelden kom nokre dagar seinare, så overtok han som regel føringa heilt. Han kunne trippe seiersikker att og fram over taket og legge seg ned i den kassen som måtte høve akkurat då. Om småmåsen hadde lagt seg, så skreik og hakka tjelden så fælt at måsen berre måtte se og kome seg opp og gje vekk plassen sin. Slikt skjer kvart år. Det er reine kinoen. Man kan flire seg skakke av opptrinnet. Det ser ut for at den med størst nebb, er sjefen. Resultatet har vore at tjeld og måse rett som det var har inntatt kvarandre sine kassar og har ruga ut ungar der.

Vi har òg sett opp fleire måsekassar på sørsida av vorren. Dei fleste er i bruk kvart einaste år. Eit rødnebbternepar har år om anna også lagt egg nedpå vorren. Merkelig nok har dei gjort lite vesen av seg. Dei har knapt berga egga sine eit einaste år. Eit stokkandpar gjømmer alltid bort egga sine i området nær utløpet av ei stikkrenne.

Eg trur dei eit og anna året har berga ungar på vatnet. I bjørkene rundt grillplassen og på naustveggen har eg sett opp kassar for småfuglane. Det har hittil i vår vore ein ganske hektisk aktivitet blant spurv, meis og linerle. Dessverre er stæren blitt heilt borte. På nordsida av naustet får vi kvart år besøk av eit bekkasinpar. Kor dei legg reiret sitt veit eg ikkje, men det er nok ein stad på eigedommen min. Ei e har òg reir her oppi krattet på nordsida kvart år.

Ytterst nede på vorren riggar vi kvar vår opp ei gamal, gjennomrusta trillebår til ea. Vi set samstundes opp ein kasse på ein staur til eit svartbakpar som i mange år har valgt å legge egg her inne i fjorden i staden for ute i øyane. Men også her blir det kvart år kamp om plassane. Av og til blandar også ekallane seg inn i slåssinga med stormåsane. Som regel blir svartbakane sine luftangrep for vanskelege å parere, og kallane velg å flykte bort på havet. Då er slaget om den lukrative rugeplassen under trillebåra tapt for ea.

For å avhjelpe situasjonen, har eg begynt å legge ein stor haug med gamaltang eit stykkje ifrå båra i håp om at svartbaken tar denne plassen og ea får behalde sin plass under trillebåra. Frå tid til anna har dette og blitt løysinga. Under ruginga har naboane som oftast halde fred med kvarandre.

På det meste har vi i vårt private, vesle fuglereservat hatt sju efuglar som har ruga ut ungar. Også i år har eg ordna med plassar til ganske mange. Men dei siste åra har vi vore så plaga med røyskatt, mink, oter, rev, ramn og kråke at ingen fuglar har berga ungane sine. Eg har skote rev fram til fredingstida. Mink har eg tatt fleire av, både i feller og med hagla. Det same gjeld røyskatt i løpet av vinteren. For eit par dagar sia hadde vi besøk av ein mink oppe ved verandaen. Det fikk han blodig angre på.

Oteren kan man ikkje anna enn jage når han blir nærgåande, og det skjer ganske ofte i rugetida, dessverre. Han forsyner seg grovt av fugleegg og ungar. Bestanden her ute på Nord-Senja har økt radikalt. Sjølv om ein og annan er blitt påkjørt, så er antallet altfor høgt. Ein hører rett som det er at kull på tre-fire rek kring om husa, og at dei nærmast er blitt for husdyr å rekne. Også rundt oppdrettsanlegga er oteren ein hyppig gjest, seies det.

Også han Mikkel tar sin del av egg og fugleungar. Det er som han veit at eg ikkje kan skyte han etter ein viss dato. Han gir seg derfor god tid og spring ikkje straks eg viser meg. I det heile kan man seie at fuglane i fjæra er utsette for mange farar. Det er heilt nausdsynt at menneska hjelper dei, slik at i alle fall nokre individ får vekse opp og bere slekta vidare. Det vil vere trasig den dagen det ikkje er fuglar å sjå og høre nede i fjæra.

Dei siste åra har måsane rømt opp til husa og har lagt egga sine der. Det skyldes nettopp gjentatte angrep av nemnde predatorar. Er man villig til å gjøre ein innsats for å desimere desse og beskytte fuglane i deira naturlege omgivnader, så unngår man denne flyttinga. Dersom man heilt lar vere å mate måsane oppe ved husa, men i staden gjør det nede i fjæra, så held dei seg for det meste der, har det vist seg. Då unngår man å få tilgrisa bilar, hus og gardsplass av måseskit og fjør.

Det er ergerleg å bli tilgrisa, men når ein tenker på kor kort tid fuglane er her, så får ein tole det. Ein får heller vaske bobilen nokre gongar ekstra og banne stilt for seg sjølv. Det er uansett koseleg med liv og kjente lydar rundt seg. Plutseleg er alt over og fuglane har dratt. Då har man fred heilt til neste vår. Tenk på det!