Folkevalde på Stortinget og i regjeringa

Folket sine tenarar

PENGAR PÅ BOK: – Nasjonen Noreg har 10.000 milliardar kroner på bok. Dette står i sterk kontrast til det å redusera tida for AAP, bortfall av stønadsordningar til briller, kjeveortopedi og ei rekkje andre stønadsordningar, skriv Olav Flaate.   Foto: Trond Sandnes

Dette viser det tragedien i det heile ; at tenerane våre viser mindre og mindre respekt for oss, veljarane, som menneske.

Olav Flaate
debatt

Dei folkvalde politikarane på Stortinget og i regjeringa er folket sine tenerar. Dei er tillitsvalde kvinner og menn som skal arbeida for at folket, ung og gamal skal ha eit tryggt og godt land å veksa opp i og leva i.

Stortings — og regjeringspolitikarane våre er tillitsvalde menneske frå folket , valde av folket i demokratiske val og skal arbeida for folk og land.

Abraham Lincoln, ein av dei største presidentane i USA si historie , understreka oppgåva til dei folkevalde politikarane i Gettysburgtalen sin då han skulle innvia ein stor kyrkjegard etter eitt av dei blodigaste slaga under den amerikanske borgarkrigen, som skjedde i området kring Gettysburg; «…that this nation under God, shall have a new birth of freedom – and that government of the people, by the people, for the people, shall not perish from the earth.»

Gjennom grunnlova vår frå 1814 har våre tillitsvalde politikarar/tenerar klare retningsliner å gå etter.

Der står det blant anna i § 1 «Kongeriket Norge er et frit, selvstendigt, udeleligt og uafhædeligt Rige…»

I § 49 står det vidare at «Folket udøver sin lovgivende Makt ved Stortinget,…»

Mykje har skjedd både i Noreg og i den store verda sidan 1814.

Fellesskapstankegongen og solidaritet er blitt meir og meir overkøyrd av kapitalisme, globalisme og individualisme der mykje er styrt av pengesterke personar og konsern.

Det mest urovekkjande i dette er at desse kreftene, ofte multinasjonale konsern, tilogmed dikterer nasjonalforsamlingar, som Stortinget, til å akseptera/godta lovar for handel og samfunnsstyring med ei stor målsetjing ; mest mogeleg profitt for pengeeigarane.

Då eit stortingsfleirtal i 1991 røysta ja til EØS- avtalen mellom EU og Noreg , sa dei samstundes frå seg mykje av norsk sjølvråderett, den sjølvråderetten som det norske folk røysta for å oppretthalda både i 1972 og i 1994.

Som EØS-medlem har fleirtalet av norske tillitsvalde stortingspolitikarar gitt frå seg retten til å laga lovar for samfunnsutviklinga i Noreg til EU.

I samsvar med Grunnlova er det våre tenerar på Stortinget som skal gjera dette.

EØS-avtalen bestemmer at Noreg må innlemma direktiv/lover frå Brüssel i det norske lovverket. Dette var klart presisert då avtalen vart inngått.

Det er opp gjennom åra blitt mellom 13- og 14.000 slike lover, som er blitt ein del av det norske lovverket.

Desse lovene gjeld framfor norske lover dersom det skulle oppstå ein konfliktsitusjon mellom norske lover og EU-lover.

Fleirtalet av dei tillitsvalde stortingspolitikarane våre , har og gjennom EØS-avtalen sagt ja til dei fire fridomane; Fri flyt av folk, kapital, varer og tenester.

Dessutan har dei sagt ja til privatisering og konkurranseutsetjing av offentlege tenester.

New Public Management gjennomsyrer no offentleg forvaltning i Noreg.

Arven frå Gro Harlem Brundtland med sin bedriftsøkonomipolitikk er eksemplarisk vidareført av noverande leiar for Ap, Jonas Gahr Støre.

Jens Stoltenberg (Ap) i navnet ein sosialdemokrat, er mannen bak endringa av sjukehusstrukturen i Noreg. Han står bak å organisera norske sjukehus som helseforetak.

Den bedriftsøkonomiske tankegongen slår gjennom. Det absurde blir at ein kategori pasientar vert meir lønsame enn andre.

Dette viser det tragedien i det heile ; at tenerane våre viser mindre og mindre respekt for oss, veljarane, som menneske.

Eit godt døme på dette er korleis menneske, som av ulike årsaker har kontakta NAV( ei samanslåing av arbeidskontor, trygdekontor og sosialkontor) for å få hjelp, mest blir sett på som mogelege lovbrytarar når dei tar kontakt. Dersom ein er så heldig å få kontakt, for mange NAV kontor er lagde ned og opningstidene er reduserte.

Det er ei lukka at det vert retta full fokus på NAV systemet no i samband med at NAV ikkje har retta seg etter diktatet frå Brüssel om fri flyt «doktrinen» at EU direktiv/lovar overstyrer norske lovar.

Det var denne «genistreken» Ja til EU forkjemparen Gro Harlem Brundtland og eit fleirtal på Stortinget fekk til då dei sa ja til EØS- avtalen , sjølv om Noreg på den tida hadde ein Handelsavtale med EU (utan direktiv frå EU)

Styresmaktene våre har i lang tid framheva den såkalla arbeidslina, at det skal løna seg å arbeida framfor det å få velferdsytingar gjennom NAV.

Dette er sjølvsagt, men det er ikkje alle, som av ulike årsaker kan arbeida. Det kan vera medfødde funksjonshemmingar, ulukker eller sjukdom som set ein stoppar for «arbeidslina» til regjeringa.

Desse personane, våre medmenneske, treng ein uhindra tilgang til samtale, hjelp, trøyst og oppmuntring av fagfolk, forvaltarane av det norske velferdssystemet, som ser dei som medmenneske , ikkje som arbeidsmaskinar , ulønsame varer eller mogelege lovbrytarar.

Bedriftsøkonomitankegangen til styresmaktene går så langt at dei reduserer menneskeverdet til mange menneske i dette landet. Dei går til og med så langt at dei overstyrer legediagnosar. Og alt dette er i god EØS ånd.

Er dette å arbeida for folket?

Tenerane våre har sjølve fastsett at dei skal ha ei løn på om lag èn million kroner i året. Nasjonen Noreg har 10.000 milliardar kroner på bok. Dette står i sterk kontrast til det å redusera tida for AAP, bortfall av stønadsordningar til briller, kjeveortopedi og ei rekkje andre stønadsordningar.

Når regjeringa og eit fleirtal på Stortinget kunne overføra norsk sjølvråderett over vasskraft og energiproduksjon, det norske arvesølvet, til ACER, EU sitt energibyrå og det norske finanstilsynet til EU sin sentralbank i Frankfurt, er det noko fundamentalt galt, ein massesuggesjonsliknande kortslutning blant dei tillitsvalde politikarane våre.

I desse dagar vert me presentert med at stadig fleire av oss «Arbeidsgjevarane»/veljarane har mindre og mindre tillit til våre tillitsvalde.

Kommunalminister Monica Mæland grunngir dette med at politikarane må ta mange upopulære avgjersler.

Dialog og kontakt med folket er bytta ut med ein respektlaus arroganse som er i ferd med å køyra den norske velferdsmodellen, demokratiet og byggjinga av landet i grøfta.

Det seiest at ein skal bruka både hjerne og hjarta i det arbeidet ein har fått ansvar for og vist tillit til å skjøtta.

Det virkar som om fleirtalet av våre høgt løna tenerar har mista begge delar.

Noko av det dei er flinkast til, e rå koma med ein retorisk mitraljøseliknande ordflaum det er vanskeleg å skjøna.

Det er og ein stor tankekross at mange av tenerane våre brukar mykje verdfull tid og dermed av skattebetalarane sine pengar til personlege maktkampar, baksnakking og intrigemakeri på Stortinget.

Å ha eit eige land med ei eiga grunnlov og ei nasjonalforsamling, som i samsvar med grunnlova skal laga landsgjeldande lover er meir verdfullt enn mange av medlemmene av denne nasjonalforsamlinga synest å tenkja gjennom.

Difor er det naturleg at alle stortingspolitikarane, som vil ha EØS-avtalen snarast fastset ein møtedato for å læra om, og freista å leva seg inn i, kva som rørte seg i det norske folk i dei fylgjande åra; 1814, 1905, 1945, 1972 og 1994.