Bygdene som berre kemnaren hugsar på

KRONIKK

PRIS?: – Kor mykje kostar det å ruste dei opp til ein fullverdig grusveg?, spør Steinar Nymo.   Foto: Carina Hansen

debatt

TF for 27. juni inneheld den gledelige meldinga at Torsmovegen no skal rustast opp og asfalterast også på Lenvik si sida av kommunegrensa. Gledelig for brukarane av vegen og kanskje også for oss som håper at Senja kommune skal satse sterkare på lovpålagte oppgaver, så som veg.

Av lengre vegstrekker er det vel no i Lenvik-porteføljen berre tre som står att, Kvannlivegen, Årnesvegen og Svartfjellvegen. Kor mykje kostar det å ruste dei opp til ein fullverdig grusveg? Har nokon tatt bryet med å rekne på det, eller har ikkje politikarane vist interesse for det emnet?

Kva kostar dei no? For å få ei slags forestilling om det må vi ha lengda på vegen og vite kva tilstand han er i. Det kan kanskje variere. Det eg har litt greia på, er Svartfjellvegen. Viss vi seier han er 5 meter brei og 14 kilometer lang, blir det 70.000 kvadratmeter, og eit 10 centimeter lag blir 7.000 kubikkmeter. Prisar og tal elles kjem frå bransjefolk og skal vere rimelig pålitelige.

Opprusting til brukbar standard: (eingongsinvestering)

• 10 cm knusgrus, levert og utkjørt 3 millioner kroner.

• 40 cm eigne massar av lågare kvalitet, levert og utkjørt 4 millioner kroner.

• SUM opprusting 14 kilometer grusveg 7 millioner kroner.

Summen er eit resultat av at Lenvik kommune i årevis har tært på vegkapitalen. Det er «eit oppsamla underskott». Løyvingane har vore for små, og har det vore bruk for ei krona til eit akutt formål, så er dei ofte henta på sommarvedlikehald. Det vi no opplever, er at den nye, dyre veghøvelen «køyrer sundt» rett som det er. Kvar vår er det same haloyen. Årsak? Når tilførte massar er skrapa bort, kjem sjølve Norge i dagen. Det er meir enn ei vegskrapa kan tole.

Årlig utgift til sommarvedlikehald:

• 1 båtlast (700 m3) knusgrus for å erstatte én centimeter grus som kvart år blir skrapa ut i veggrøftene, levert og utkjørt 300.000 kroner

• Grøfterensk per år, snitt for 10-årsperiode 100.000 kroner

• SUM årlig vedlikehald 400.000 kroner

Utgiftene no svarer til cirka 30 kroner per år og meter Med ein fornuftig skrapepraksis skulle dessa utgiftene kunne halverast. Men i tillegg kjem utgiftene til dei tenestene som kommunen sjølv utfører.

Grus eller asfalt? Ei generalopprusting av noverande grusveg kjem på 500 kroner per meter, og innkjøp av massar og tenester til årlig sommarvedlikehald treng neppe å overstige 15 kroner per meter. Viss vi bruker dei prisane som er nemnde for ein opprusta og asfaltert Torsmoveg, så blir anleggskostnadene der 2.000 kroner per meter. Det svarer til 28 millionar kroner for 14 kilometer Svartfjellveg. Og vedlikehald? Ein asfaltert veg er ikkje vedlikehaldsfri. Men det er stas med asfalt for den som har råd til det.

Asfalt på Svartfjellvegen? Det er fritt fram for å drøyme og ønske for den som vil, men eg for min del trur ikkje at det økonomisk sett er klokt å asfaltere han. Viss eg skulle komme med ein spådom om Svartfjellvegen, så måtte det nesten bli at den første som ser asfalt på den vegen, det mennesket er ikkje fødd enno.

Ikkje mange fastbuande. På dei 14 kilometrane mellom Landøykrysset og Bukkemoen er det berre 9 hus der det er røyk i pipa. Men der er 9 momsregistrerte føretak. Vegen er ikkje ei gjennomfartsåra for bil, men han er utgangspunkt for ferdsel attover Heggedalen og Helvetesdalen. I tillegg kjem ein kommunal campingplass og meir enn 100 hytter/fritidsbustader. Trafikken på vegen er medkvart i overkant av det han toler. Særlig tungtrafikk til tider då bereevna er dårlig, skulle vi helst ha unngått.

Økonomisk edruskap og tillit til politikarane. Svartfjellvegen er no, fysisk og billedlig, botnskrapa. Den som spanderer bil og felgar på ei synfaring, kan sjølv forvisse seg om det. Den gjelda som vegeigaren har opparbeidd seg i forhold til vegen, må derfor løysast inn straks. Det går ikkje an å flotte seg med asfalt på ein kommunal veg viss folk på dei andre må smyge seg fram mellom hump og berg og stein og søla.

Unge menneske ser det no ulikt å slå seg til i bygda nettopp p.g.a. vegen. Den som bygg eller kostar på huset, kan rekne med å få i høgda 1/3 att ved sal. Takstfolk gjer frådrag i verdsetting grunngitt i nettopp vegstandarden, og det må sjølvsagt også bankane ta omsyn til.

Kva gjer då kommunen? Han krev eigedomsskatt. Og riv du huset, så må du betale 11.000 i gebyr. Kva politikar eller politisk parti har jobba for at kommunen skal ivareta oppgåver som han er pålagt etter lova? Her er det «berre» pengar det står i for å skape rettferd og eit minstemål av anstendigheit overfor oss som bur i dei grendene som kommunestyret glømmer, og som berre kemneren hugsar på. Løyving er eit reint politisk spørsmål. Her har politikarane enno muligheit for å vise det om dei har anna enn talemåtar å fare med.