Britane kan i det lange løp profittere på å bli kasta ut uten avtale:

Gribbane regjerer i EU

EKSEMPEL: - Vi kan forstå at EU «av pedagogiske grunnar» vil statuere eit eksempel ved Brexit. Det kan jo hende at det er fleire land som kjem på same tanken? spør Steinar Nymo.   Foto: Yves Herman

Frå Noreg har vi orkesterplass til den interne striden i EU

Steinar Nymo
debatt

I det EU som i Gro Harlem Brundtland si tid blei omtalt som «ei høgare form for sivilisasjon» er det no gribbane som regjerer. Engelskmennene har ved folkeavrøysting (Brexit) vist at dei vil ut, og inntil 29. mars i år har dei frist til å få ein overgangsavtale på plass. Men dei kåra EU byd dei, er så harde at det britiske parlamentet ikkje vil godkjenne avtalen. Kva så?

Tyske økonomar går no hardt ut mot si eiga regjering og dei folka dei har i Brussel. Dei meiner det er uklokt å gje britane ei slik behandling. Det kan vise seg at britane i det lange løp kan profittere på å bli kasta ut utan avtale. Som eksportnasjon har Tyskland interesse av mest mulig fri handel; og der har britane vore ein viktig alliert i EU.

Av dei andre «store» i EU er det no att berre Frankrike og Italia. Og dei viser, ved sida av å grave seg ned i stadig større gjeld til utlandet, ein heller lunken interesse for å bygge ned tollmurar mellom EU og resten av verda. Utåt gjer dei seg til talsmenn for eit middelhavs-EU og alle som har eit avslappa forhold til budsjettdisiplin. Der står dei imot den nordeuropeiske blokken. Dei er snar til å male bart på Merkel når ho er ei festbremsa som ikkje vil vere med på den leiken.

Vi kan forstå at EU «av pedagogiske grunnar» vil statuere eit eksempel ved Brexit. Det kan jo hende at det er fleire land som kjem på same tanken? Men om det er politisk og økonomisk klokt å gjere det med britane?

Språkbruken frå økonomane si sida er hard. Dei legg i EU-politikarane sin munn eit motto som marxisten Karl Liebknecht hadde henta frå dei franske jakobinarane:» Og vil du ikkje vere broren min, så drep eg deg.» Karl Liebknecht var, saman med Rosa Luxemburg, leiar for det blodige Spartakus-opprøret i 1919, ein væpna kamp mot dei regjerande sosialdemokratane. Begge blei drepne på ein brutal måte, og når dei i dag blir hylla som heltar av enkelte politiske retningar, er det vel neppe for det dei gjorde, men for den fæle måten dei døydde på.

Frå Noreg har vi orkesterplass til den interne striden i EU. Vi kan prise oss lykkelige som slepp å la oss utsette for slikt. Eit EØS-argument? På ingen måte. Som EØS-medlem kan vi bli tvungne til å vere med på å eksekvere dommen over det som f.t. er vår viktigaste handelspartnar.