EU-medlemskap, EØS eller handelsavtale?

Flott at folket vaknar og engasjerer seg

GALSKAP: - No kjem kjem konsekvensane av det fatale EØS-vedtaket i form av skyhøge straumprisar, i vasskraftlandet Noreg. Industriverksemder, særleg smelteverksindustrien, offentlege institusjonar og folk flest merkar galskapen ved EØS-avtalen, skriv Olav Flaate. Bildet er fra smeltehallen ved Finnfjord AS.  Foto: Vidar Bjørkli

Det er nettopp demokrati og folkestyre folket ynskjer seg i dette landet

Olav Flaate
debatt

I to folkerøystingar, 1972 og 1994 har fleirtalet av det norske folket sagt nei til medlemskap i den europeiske unionen. Grunnen var at det norske folk sjølve skulle kunna bestemma korleis Noreg som samfunn skulle utvikla seg og korleis Noreg skulle samarbeida og samhandla med andre land i verda.

Det kommunale sjølvstyret stod sterkt, og kommunane hadde den fine blandinga av lokale private entreprenørar med sine tilbod av ulike varer og tenester, og det kommunalpolitiske lokomotivet tilretteleggjaren for næringsverksemd og forvaltning av offentlege velferdstenester til lokalbefolkninga. Alt var nært folket og ting var oversiktlege for dei fleste. Men kvifor ha det slik, med tryggleik og lokalpatriotisme, når Noreg kunne bli ein del av den europeiske unionen og stortingspolitikarar skli inn i posisjonar i Brüssel?

Gro Harlem Brundtland, statsminister frå Ap ved folkerøystinga i 1994, ivra sterkt for norsk EU-medlemskap. Saman med andre tilhengjarar av EU-medlemskap argumenterte ho med at Noreg ville mista 100.000 arbeidsplassar dersom det norske folk røysta nei til EU-medlemskap. Mykje ville bli verre då, sa den fremste norske tillitsvalde, statsminister Gro Harlem Brundtland. I ettertid, når me har fasiten, veit me at det var det motsette som skjedde. Næringslivet blomstra opp og folk hadde framleis arbeidsplassane sine. Skræmepropagandaen vart gjort til skamme.

Men «rikmannsduoen» Gro Harlem Brundtland og Jonas Gahr Støre, den gong ved statsministeren sitt kontor, var forutsjåande og hadde ein plan B. Dersom det vart nederlag i folkerøystinga, som det vart, ville dei knyte Noreg så tett til EU gjennom EØS-avtalen at det ville gå smidigare å oppnå fullt EU-medlemskap. Dette gjorde dei, sjølv om Noreg på den tida hadde ein tosidig handelsavtale med EU, ein handelsavtale som til no ikkje er sagt opp av nokon av partane. Dette målet har dei delvis nådd. EØS er blitt som eit EU-medlemskap utan røysterett.

Direktiv og regelverk frå Brüssel overkøyrer både grunnlova og Stortinget, den institusjonen som skal vera den norske lovgivande forsamlinga! I tillegg til det må Noreg og betala «medlemskapsavgift» for å få tilgang til marknaden i EU. Som EØSmedlem må Noreg og akseptera EU-bibelen sitt bodskap om «Fri flyt av varer, tenester, kapital og personar». Ukontrollert «fri flyt» skapar på eit vis anarkistiske, ustyrlege og kaotiske tilstandar. Dette avspeglar seg særleg innan det eingong førutseielege arbeidslivet.

Staten, arbeidsgivarane og fagrørsla forhandla seg fram til eit arbeidsliv tufta på trygge\ arbeids- og lønsvilkår, den nordiske modellen. EU og EØS ynskjer ikkje at det offentlege, fellesskapet skal ha den lokomotivliknande styringa av samfunnsutviklinga. EU/EØS vil privatisera mest mogeleg av det offentlege tenestetilbodet og individualisera lønsforhandlingane og dermed undergrava styrken i Fagrørsla. Kven tener på dette? Svaret seier seg mest sjølv; arbeidsgivarane og kapitaleigarane.

Mykje er allereie gjort av dette innan samferdslesektoren, med ei oppsplitting av vegvesenet og det same med jarnbanesektoren. Der er allereie godstraffikken splitta opp og privatisert. No står persontrafikken for tur gjennom Jarnbanepakke 4, som skal røystast over i Stortinget i 2019. Det britiske tog-selskapet «Go Ahead» vann anbodet om persontrafikk på Sørlandsbanen. Dette er eit selskap som skapa store problem i den britiske togtrafikken.

Diskusjonen om EØS har verkeleg blussa opp no. Dette er svært gledeleg. Det er særleg vedtaket i styret for Fellesforbundet si avdeling 5 i Bergen om å sei opp EØS-avtalen, som har smitta over på fagrørsla generelt men og på folk flest. Det kjem fleire og fleire spørsmål om påstandane frå Støre, Erna og NHO om at EØS-avtalen er så god, «verdas beste avtale», ifylgje Erna Solbeg, som dei hevdar. Det er flott at folket vaknar. Det er flott at folk engasjerar seg.

Difor kjem og EØS-tilhengjarane no på barrikadane for å forsvara dei løgnene dei har servert det norske folk i tjuefem år. Det er dei løgnene som styret i Fellesforbundet si avdeling 5 i Bergen no har oppdaga. NHO, Erna Solberg (H), Jonas Gahr Støre (Ap), fiskeriminister Harald T. Næsvik (Frp), Kent Gudmundsen (H), Vette Wang Soleim (H) og mange andre framhever tilgangen til EU-marknaden med 500 millionar menneske. Ingen av desse trekk fram livsvilkåra for folk flest i Noreg, korleis me skal ha det med omsyn til sosial tryggleik, tryggleik for helse, for arbeidsvilkår, for distriktsutvikling, for kontroll og styring av samferdslepolitikken.

Den frie flyten knytta til privatiseringa av NSB er og i full gang innan gods og persontrafikken, med vogntog og buss frå EU-landa til og frå Noreg. Dette er ikkje berre ein risiko for tryggleiken på norske vegar, men og eit trugsmål mot arbeidsplassane til sjåførane til norske vogntog — og busstransportørar. Dette står i skarp kontrast til det som Kent Gudmundsen (H) og Vette Wang Soleim (H) skriv til forsvar for EØS; «EØS-avtalen gir bedriftene i Troms full tilgang til et marked på 500 millioner europeere. Uten denne tilgangen mister bedriftene våre viktige konkurransefortrinn. Da vil distriktsarbeidsplasser gå tapt. (Det same som Gro Harlem Brundtland sa dersom det norske folk ikkje røysta ja til norsk medlemskap i EU i 1994).

Gudmundsen/Soleim nemner ikkje arbeidsplassar som har gått tapt på grunn av EØS; Rena Kartongfabrikk, anbodshysteriet i offentleg sektor, kabotasjetransporten, og for ikkje å gløyma kaoset som har oppstått i norsk arbeidsliv nettopp på grunn av EØS. Kent Gudmundsen (H) synest å gløyma det landet og det folket han er tillitsvald for.

Korleis skal Noreg utvikla seg? Er det å fylgja direktiva frå EU om privatisering av offentleg sektor, sparing på tenestetilboda til innbyggjarane i dette landet, samanslåingar av offentlege verksemder, kommunar og regionar ein inspirasjon til folkeleg initiativ og trivnad? Har Kent Gudmundsen og Soleim ingen visjonar for framtida? Dette er eigentleg lett å skjøna, for dei overlet til marknaden på 500 millionar og marknadskreftene å styre noko som politikarane skulle styra.

Både Gudmundsen og fiskeriminister Harald T. Nesvik skriv mest likelydande avisinnlegg der dei poengterer at det vil vera vanskeleg for Noreg å reforhandla EØS og få ein betre marknadstilgang til EU enn i dag. Begge framhever problema Storbritannia har med Brexit utan å skilje mellom dei ulike ståstadene; EU-medlemskap og EØS-avtale. Ein tosidig handelsavtale mellom Noreg og EU er ei stor føremon både for demokratiet, for sjølvråderetten og for styringa av dette landet.

Å samanlikna Noreg med Storbritannia når det gjeld utmelding av EU og oppseiing av EØS-avtalen, er ein stor skræmepropaganda i kjend Gro Harlem Brundtland stil. Det står i EØS-avtalen i artikkel 120 at Frihandelsavtalen frå 1973, som både EU og Noreg er bundne av, skal gjerast gjeldande dersom Noreg ynskjer å sei opp avtalen. Ei modernisering av handelsavtalen frå 1973 er ein stor fordel for demokratiet, for Stortinget som lovgivande institusjon, for regjeringa som utøvande institusjon og ikkje minst for Høgsterett og domstolane som dømande institusjon i Noreg. Dei offentlege institusjonane våre får med andre ord den myndigheita dei skal ha i eit levande demokrati.

Det er nettopp demokrati og folkestyre folket ynskjer seg i dette landet, og med ein tosidig handelsavtale med EU, får me både ei revitalisering av folkestyret, sjølvråderett og ikkje minst auka sjølvrespekt. Fleirtalet på Stortinget la seg flate for EØS då dei overførde kontroll og reguleringsmyndigheita til norsk vasskraft og energiproduksjon til ACER, EU sitt energibyrå. Dette gjorde dei trass i kraftige åtvaringar og protestar frå 120 Ap ordførarar, representantar for ulike industriverksemder, tusentals einskildpersonar og organisasjonen Nei til EU.

No kjem kjem konsekvensane av det fatale EØS-vedtaket i form av skyhøge straumprisar, i vasskraftlandet Noreg. Industriverksemder, særleg smelteverksindustrien, offentlege institusjonar og folk flest merkar galskapen ved EØS-avtalen. Kent Gudmundsen, Jonas Gahr Støre, Erna Solberg; Kven er det de representerer? Er det det norske folk eller EU? Dersom de meinar å representera det norske folk, seier de opp EØS-avtalen no, og slik syter for at det norske storting, regjering og domstolar som styrer i dette lander uavhengige både av EU og USA.

Dette har me klart før,og hausta stor internasjonal respekt for den velferdsstaten, den norske arbeidslivsmodellen med trepartssamarbeidet og for den fredsnasjonen Noreg eingong var. No er dette internasjonale biletet av Noreg i ferd med å forvitra, smuldra opp. Tenk berre på fredsnasjonen Noreg, som eingong stod for diplomati og fredsbyggjing, som er blitt til krigsnasjonen Noreg.