Det er midtsumar, krig i Ukraina, flystreik, ferietid, stigande straumprisar, drivstoffprisar og matvareprisar..

Etter to år med pandemi med ei nedstenging av samfunnet, er mange av oss svært sårbare i denne tida. Mest av alt vert me påverka av den tragiske krigen i Ukraina. Denne krigen dannar eit dystert bakteppe til alle dei krisene me opplever i Noreg.

Når vanlege folk får problem med å betala rekningane sine. Når vanlege folk ikkje har nok pengar til mat og klede. Det er no me håpar at dei norske styresmaktene med Storting og regjering reiser seg, tar det ansvaret som kviler på skuldrane deira og gir håp til alle dei som slit når mykje synest å rakna for dei.

Men istadenfor å koma med dette håpet, serverer oljeministeren at straumprisane vil på sikt gå «bananas» og det vert fare fror straumrasjonering til vinteren. Statsministeren tenner heller ikkje noko håp når han står fast på at straumeksporten til EU skal halda fram sjølv om vassmagasina tømmest dag for dag og truar leveranse av straum både til industri og til hushaldningar.

Det er mange vanlege folk som er frustrerte i Noreg no. Når det økonomiske fundamentet er i ferd med å smuldra opp både for den eine og den andre, er det kort veg til desperasjon og håpløyse.

Naturressursane, slik som skog, fisk, fossefall og så vidare tilhøyrer fellesskapet , det norske folk. Men i 1991 fann politikarane ut at dei skulle gjera straum om til ei vare og prisast etter tilbod og etterspurnad. Marknaden skulle styra prisen pr. kwh. Dette skjedde i 1991 og vert omtala som den nye Energilova. Tidlegare hadde politikarane bestemt straumprisane og det var føreseielege prisar for oss alle.

Politikarane våre overlot meir av kontrollen med norsk vasskraft produksjon og prisfastsetjing til EU og marknadskreftene då dei inngjekk EØS-avtalen med EU i 1994. Dermed vart Noreg dratt inn i ACER, EU sitt energibyrå. Dette byrået har reguleringsmynde over norsk energiproduksjon og distribusjon av elkraft i energinettet til og i EU. Med fri flyt av varer og tenester i EU og EØS området med marknadsprisar på elkraft har regjering og storting gitt frå seg norsk sjølvråderett til EU.

EØS-AVTALEN: - Politikarane våre overlot meir av kontrollen med norsk vasskraft produksjon og prisfastsetjing til EU og marknadskreftene då dei inngjekk EØS-avtalen med EU i 1994, skriv Olav Flaate. Foto: Lise Åserud / NTB

Det synest som statsminister Jonas Gahr Støre er meir interessert i å eksportera fornybar elkraft til EU enn å sikra tilstrekkeleg rein, rimeleg elektrisk kraft til norsk industri og norske hushaldningar.

Vasskrafta er den naturressursen som var grunnlaget for å utviklinga av Noreg til eit velferdsland. Naturressursane er fellesskapet sin eigedom som politikarane våre ikkje har lov til å nytta som ei handelsvare. Dei skal framleis vera fundamentet i ei vidare utvikling av landet vårt til det beste for noværande og framtidige generasjonar.

Sjølvråderett er noko grunnleggjande for alle frie land. Men grunna EØS-avtalen må Noreg  godta lovar og reglar frå EU og har dermed mista sjølvråderetten sin. Dette er det viktig at storting og regjering gjer noko med. Det kan dei gjera ved å sei opp EØS avtalen mellom EU og Noreg. Når den avtalen er sagt opp, har EU inga makt over Noreg lenger og kan ikkje påleggja Noreg å innlemma EU direktiv i det norske lovverket.

Så snart EØS-avtalen er sagt opp, startar prosessen med å tilpassa den gamle Handelsavtalen frå 1973 mellom Noreg og EU til å regulera handel og anna samkvem mellom EU og Noreg, der Noreg og EU er likeverdige partar.

Men kva kan me gjera med auka straumprisar, drivstoffprisar , matprisar og til og med renteauke? Kan me gjera noko? Skal me berre fylgja nøye med kva som skjer? Regjering og storting kan straks treffa tiltak som vil gjera det lettare for mange mennesker som slit med å få pengane til å strekkja til i kvardagen.

Strakstiltak kan vera:

- Kutta avgiftene på diesel og bensin

- Redusera prisane på diesel og bensin.

- Oppheva  marknadspris på straum

- Fastsetja prisen på straum til 20 øre pr. kwh uavhengig av marknaden.

Det virkar som politikarane våre har abdisert i ein situasjon dei både har ansvar og mynde til å tilretteleggja for det norske folk

Men istadenfor å gjera noko av dette , eksporterer Jonas Gahr Støre stadig meir fornybar elkraft til EU, medan olje og energiministeren spår «prisbonanza» på straum og utsikter til straumrasjonering til vinter og vår.

Det virkar som politikarane våre har abdisert i ein situasjon dei både har ansvar og mynde til å tilretteleggja for det norske folk. Det er vanskeleg å akseptera at «tenerane» våre ikkje gjer jobben sin. I arbeidslivet vert slike folk oppsagde.

Noko må gjerast fort no, for EU har kome med tre nye direktiv som er ute på høyring til 22. august . Deler av høyringsutkasta står til og med på engelsk, og det i eit land der folk skriv og pratar norsk!! Direktiva opnar opp for ei forsert utbyggjing av vindkraft både på land og til havs.

Ingen – verken i stortinget eller i regjeringa synest å ha reagert på den korte høyringsfristen sjølv om det er i ferietida for mange. Ingen har heller protestert på at høyringsutkasta står på engelsk!

No er det på tide at dei folkevalde viser kven dei er folkevalde for, det norske folk eller EU. Det må kunna vera eit rettmessig krav at regjeringa vår med statsminister Jonas Gahr Støre viser det norske folk respekt både ved å avvisa dei tre nye direktivforslaga og ved å sei opp EØS avtalen.

Det norske folk krev sjølvråderett.