Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik la nyleg fram regjeringa si distriktsmelding. Målet for regjeringa er at det skal bu folk i heile landet og at folketalet i distrikta skal auke.  Fleire peiker på at dette kan vere eit urealistisk mål,  men regjeringa vil snu utviklinga og skal ha ros for det. Kva vil dei satse på? Regjeringa vil  gje meir makt til lokalsamfunna, og dei ynsker meir samarbeid mellom kommunane. Dei vil satse på høghastigheitsband, fagskular, desentralisert utdanning, regionale studiesenter,  fleire læreplassar, meir kraftnett, styrka politi og elles gode rammevilkår.  Dette er alle gode tiltak, men er det nok?  Korleis få folk til å ville bu i distrikt som vårt,  med lange avstandar og vintrar,  men også med pittoresk natur, nordlys og midnattssol?

Eitt avgjerande spørsmål er, koss få kvinnene til å bli verande i nord og/eller til å ville flytte til Nord-Noreg og ut i distrikta? Distriktsmeldinga peikar i liten grad på sjølve hovudutfordringa; å legge betre til rette for at fleire ungar blir fødde i Noreg og då særleg i distrikta.

 I min kommune, Senja, med nærare 15000 innbyggjarar, har eit næringsliv i vekst og stort mangfald av arbeidsplassar både i sentrum og i resten av kommunen. Det som manglar er folk, familiar og ungar.

Gunn-Elin Gauthun. Foto: Maria Holm Simonsen

Folketalet i  Noreg har gått opp dei siste 25 åra, medan i Nord-Noreg, utanom Bodø og Tromsø har det gått ned og ned i årevis. Tala ville vore endå verre viss det ikkje var for alle flyktningane og alle EØS- arbeidstakarane frå Aust-Europa.  Det døyr fleire enn det blir fødde både i Noreg og i heile Norden.  Det blir fødd 10.000 færre born i 2022 enn i 2012 og alderen til førstegongsfødande kvinner har i same perioden  auka med nesten to år, frå 28,5 til 30,2 år (ssb.no, mars 2023). I dei tre nordlegaste fylka, Nordland, Troms og Finnmark blei det i 2020 født 1,41 barn per kvinne, nesten like lågt tal i Oslo. Rogaland ligg på topp med 1,64 barn per kvinne. For 50 år sidan, i 1973, blei det født 1,98 born per kvinne i gjennomsnitt.

Kvifor går fødselstala ned?  Kan det ha å gjere med stønadsordningar i samband med fødsel barn og moglegheiter for å skaffe seg bustad? I følgje ssb. kan økonomisk usikkerheit føre til lågare fødselstal.

Nav seier mellom anna dette om stønadsordninga i samband med fødsel :  «For å ha rett til foreldrepengar må du ha hatt inntekt i minst 6 av de 10 siste månadene. Studielån eller stipend fra Lånekassen gir ikke rett til foreldrepenger. Om du ikke har rett til foreldrepenger, kan du søke om engangsstønad.»

Eingongsstønaden er i dag på 90.300 kroner. Denne summen skal dekke alt av utgifter i samband med fødsel og omsorg. Det å få barn før du er ferdig med utdanning, eller før du er i fast jobb, er eit stort tapsprosjekt.  Kven kan leve på 90.300 kroner i opptil eitt år? Fattigdomsgrensa for ein familie med to barn er 600.000, før skatt i 2023.  Sjølvsagt er det svært positivt at mor og far er ferdig utdanna, har hus og fast arbeid før dei får barn. Men norske kvinner vil då halde fram med å føde sitt første barn seint, og sjansen er stor for at dei får færre barn. Det er på høg tid å sjå på dei politisk vedtatte støtteordningane som gjeld i samband med fødsel.

For at unge kvinner, utan arbeid eller under utdanning skal bli i distrikta i nord, kunne ein t.d. gje fødselsstønad som tilsvarer det kvinner i arbeid i gjennomsnittet får.  Det er eit paradoks at vaksne kvinner med lang utdanning, og som endeleg har fått ein interessant jobb, samstundes skal måtte føde barn og oppdra dei. Dei kjem fort i den berømte tidsklemma. Alt skal skje på ein gong, både karriere, partnar og born! Vil kvinner ha det slik og er dette det luraste når målet er få fleire ungar?

Regjeringa vil auke satsinga på desentralisert utdanning. Dette er bra, og gjer at unge som får barn før dei er ferdige med utdanninga, får gode moglegheiter til å skaffe seg utdanning. Fertiliteten går ned med auka alder, så det er positivt å legge til rette for at også unge kvinner i 20-åra kan få barn. Fysiologisk er det lettast å få barn i tjueåra.  Dei unge som tar utdanning i nord og blir buande her etterpå, burde kunne få ekstra stipend, eller gode avskrivingar på studielånet sitt.  Når det er så mykje i samfunnet som bidreg til sentralisering, må vi leggja til rette for ei motsett utvikling. Vi må ha nokre ekstra gode som gjer det attraktivt å få barn og å bu i nord.

Dei unge må ha tilgang til både arbeid og bustad. For å kunne kjøpe bustad, må du ha fast jobb og i tillegg må ein ha spart opp eigenkapital. I storbyane blir dette oftast svært dyrt for dei unge, så her har distrikta eit fortrinn. Men dessverre er det like dyrt med nybygg i bygd som i by, så her må ein anten auke støtteordningane, eller senke krava for å få eigen bustad. Husbanken og kommunane må auka støtta. Kommunane kan også sjølv bygge gode bustader for utleige og slik legge til rette for etablering.   Desse husa kan kommunen også selje til dei som ønsker det og så bygge nye for utleige. Dette vil gjere det enkelt å busette seg i kommunen. Bustader er blitt etterlyst av bedrifter i kommunen vår.

I distriktsmeldinga er ordet «kvinne» nemnt ein gong. Born er nemnt 34 gonger og då stort sett saman med barnehage. For at skal vere vits med  barnehage, må ein ha født ungar! Det er difor noko grunnleggande som manglar i meldinga med tanke på korleis ein skal få opp fødselstala og folketalet i distrikta.

 Senja kommune kan bli ein «barnekommune» ( jmf. barnefestivalen på Lysnes.). Alt kommunen gjer bør heile tida ha fokus på barn, unge og familiar.  6-timarsdag for dei som har jobb i kommunen er å legge til rette for eit godt familieliv. Kva med ei ekstra ferieveke til folk som busett seg i Senja?

Det er meir enn kommunesamarbeid og breiband som skal til for å halde igjen jenter og auke folketallet i nord. Først må ein legge til rette slik at det kan bli fødd fleire ungar.  Neste steg er å lette på tidsklemma og innføre 6-timarsdag. . Distriktsmeldinga er full av gode intensjonar, men ho manglar fokus på jenter/kvinner og familieliv. Berre konkrete tiltak der det følger pengar med for kvinner og familieliv, vil gje den endringa regjeringa og folk flest ynskjer.

Vil du bidra med din mening? Send debattinnlegg på epost her