Tor Nymo i Målselv Senterparti har i fleire aviser denne veka forsøkt å avfeie SVs skepsis til forsvarsavtale med USA med å karikere standpunkta våre. Det er eit dårleg utgangspunkt for ein reieleg debatt.

Eg har lagt fram mine meiningar om forsvarsavtalen med USA i eit innlegg i Nordlys den 17. februar i år, og eg meiner framleis det er ein dårleg idé å gje USA eksklusiv tilgang til område på norsk jord, der vi i prinsippet gjer frå oss sjølvråderett, og kor amerikanske styrkar potensielt kan unndra seg norsk lov.

Dette er ikkje ein avtale i NATO-regi, men direkte mellom USA og Noreg. Det var aldri behov for at USA skulle få slik eksklusivitet under heile den kalde krigen, og det bør ikkje vera det no heller.

I staden for å latterleggjere kvarandre sine standpunkt i forsvarsdebatten, fortener den offentlege samtalen at vi diskuterer sakleg og ryddig. Dagens tryggingspolitiske situasjon krev at vi løfter saman det vi er einige om. SV har inngått budsjettavtale med Ap/Sp-regjeringa i kvart statsbudsjett denne stortingsperioden.

SV er for å styrke Forsvaret, og eg ser fram til gode debattar om den neste langtidsplanen som blir lagt fram denne våren

Til beste for forsvarsfylket Troms og forsvarskommunen Målselv, burde det vere også i Senterpartiet i Målselv sin interesse å finne ut kva vi kan stå samla om framfor å drive stråmannsargumentasjon.

Eit konkret eksempel er når SV fekk auka støtte til karrieresenteret på Bardufoss og samarbeidet deira med Forsvaret no i statsbudsjettet før jul. Det tilskottet hadde regjeringa foreslått å kutte, sjølv om Sjef Hæren Lars S. Lervik ved fleire høve har trekt fram samarbeidet med karrieresenteret som eit viktig tiltak for å rekruttere og behalde personell. I forsvarsbudsjettsamanheng var dette beløpet (600.000 kroner) ei dråpe i havet, men for Troms, Hæren og Målselv på ingen måte ubetydeleg.

SV er for å styrke Forsvaret, og eg ser fram til gode debattar om den neste langtidsplanen som blir lagt fram denne våren. Eg håper den debatten blir sakleg. Vi må bygge forsvarsevne og beredskap i lag, ikkje med stråmenn.

Vil du bidra med din mening? Send debattinnlegg på epost her