Det gamle må vekk for å gje plass til det nye og tidsriktige. Verden er i endring, og det er om å gjøre å sette kongstankene sine ut i livet mens man kan. Og gjerne tjene godt på det.

Bærekraft, tradisjon, kultur og miljøvern er gode formuleringer i planarbeid og søknader, men som blir til falske fyndord når det kjem til at planene skal iverksettes.

Vi treng alle å kjenne at vi hører til, kan sjå at vi er ein del av ei lenger historie, vite kors verden har utvikla seg fram til vår tid og sjå ein veg inn framtida. Både for oss som enkeltindivid og samfunn. Vi treng å kjenne nabolaget vårt og utforske korleis folk ellers i verden lever og virker. Kva som får verden til å henge i hop.

Mennesker har til alle tider reist. Av nød, lyst, nysgjerrighet, kunnskapshunger eller ønske om å endre livsvilkåra sine. Eller rett og slett for å få ein pause fra det daglege arbeidet og hente seg inn, få nye impulser. Til å begynne med, når folk undervegs måtte forholde seg til dei som bodde på stedene dei kom til for overnatting, bespisning, råd om veivalg , reisemåte ol, fekk dei og lokalhistorie, kulturopplevingar og gode samtaler med på kjøpet.

Eg håper å trur det kan vere mulig å fortsette denne tenkemåten når Kråkeslottet er på veg inn i ein ny epoke

Etter hvert som reisemåtene blei meir effektive og vi kunne forflytte oss raskere, blei det mindre av denne kontakten. Behova åre blir dekka nesten før vi oppdaga dei, og nye blei skapt. Gammelt blir revet for å gje plass for ein ny og «kunstig» verden, og kontakten med andre mennesker enn dei som er ansatt for å serve oss, blir unaturlig eller vanskeligere.

Vil vi vite noko om plassen ein kjem til er det tilrettelagt med guida utflukter til historiske steder, museer og severdigheter. Vel og bra. Er ein så heldig at ein kjem i kontakt med det virkelige livet på reisemålet føles det som å vinne i lotto. Å få meir enn ein visste at ein ville ha. Å sjå den lange historia og utviklinga som ligg til grunn for livsvilkåra for dei som lever og arbeider i området. Å forstå.

Eit framragande eksempel på at endring ikje treng å bety at det gamle må vekk for at nytt skal få plass, er historia til Kråkeslottet på Bøvær i Senja kommune. Bygd i 1899 og drevet som fiskebruk den tida båtan var små og det var viktig med kort veg fra fiskeplassan og til levering på land. Utviklinga over til større båter førte til at havna blei for lita, og båtene måtte lever fangsten andre steder.

Tove Heitmann Olsen Foto: Privat

Bruket blei stående til forfalls, og navnet Kråkeslottet oppstod. Då kunst- og kulturpersonen Ulf fekk hand om bruket, såg han muligheta til å realisere sin kongstanke om ein scene for det gode samværet og dei sterke opplevingane. No blei det konserter og utstillinger som fekk folk til å oppsøke staden.

Dette gjorde han uten å fjerne den opprinnelige funksjonen, eller rive og bygge nytt. Tvert om fortsatte han å fortelle om det liv og virke og samfunnsnytta staden hadde hatt gjennom bevaring av utstyr og preg i huset, sjøl om det endra funksjon. Det var ingen tvil om historia, og på ein naturlig måte kunne kunnskapen om livet før fortellast.

Da Ulf overlot livsverket sitt til Georg og Kitte, fortsatte dei å fortelle historia til Kråkeslottet, uten at det hindra dei i å utvikle det videre i si samtid. Det blei både musikkfestival og kunstutstillinger. Gode samvær og sterke opplevelser i eit nedlagt fiskebruk, der ein virkelig kjenner seg som ein del av den lange historia, og kan kjenne at det er mulig å få realisere sine ideer uten å vrake.

Eg håper å trur det kan vere mulig å fortsette denne tenkemåten når Kråkeslottet er på veg inn i ein ny epoke. Reisande folk i framtida fortjener det, og samfunnutviklinga treng det.

Vil du bidra med din mening? Send debattinnlegg på epost her