I det siste er der komme i høgmæla korleis Senja kommune skal ta vare på den stadig større delen av innbyggarar som av aldersgrunnar møter fysiske og mentale utfordringar som dei har problem med å takle. Og det er flott. For å ta det fysiske først: Der er problemet mest synleg, men det vi ikkje ser, er dei som blir sittande inne og i mange tilfelle treng hjelp til å halde seg i vigør — ei stund til, VISS det då er ønskeleg.

Det her er ein mangfelt problematikk som eg berre vil ha nemnt når det problemet alt er på bane. Her trengs både godvilje frå ein del menneske og — ikkje minst: Pengar frå dei som har teke på seg ansvaret for å forvalte det som den eldre generasjonen har spart i hop. Det vil seie: Kommunen, med sine folkevalde, tilsette og organ må ha ansvaret for at tenesta blir til og at ho fungerer.

Det måtte vere råd å lage enkle bruksanvisningar som andre enn datakunnige kunne forstå?

Så var det heilt nye utfordringar: I løpet av dei siste 10-20 åra er det blitt aldeles uråd for ein del eldre menneske å orientere seg i det nye digitalsamfunnet. For kvar minste skit trengst det eit passord, og du må gje deg inn på ein ukjent og uskilta veg berre for å få betalt ei rekning eller gjere di samfunnsplikt overfor NAV og alle dei offentlege instansane som krever at du melder til dei, på eit språk og på ein måte som du er ukjent med.

Data-språk og -logikk er noko som yngre menneske tydelegvis ikkje ser ut til å ha dei store problema med. Men dei er gjerna lite i stand til å forklare oss kva vi skal gjere og korleis vi skal gjere det. Det er som oftast tolmod og innsikt som er mangelvare. Om dei har forklart noko det eine året, så fekk det våge seg om vi var blanke når neste år kjem.

Det måtte vere råd å lage enkle bruksanvisningar som andre enn datakunnige kunne forstå? Så fekk vi ta vare på den lappen til vi fekk bruk for han neste gong? Og brukarkonsulenten hadde heile tida høve til å forbetre tilbodet?

Skulle det ikkje vere råd for ein kommune som Senja å bygge opp ein slik teneste? Det var ikkje naudsynt å slå på stortromma med ein gong. Ein enkelt person fekk greie seg. Ansvaret for organisering og utvikling av tenesten fekk vere opp til folkevalde. Lat oss no sjå at dokker kan få til noko slikt mens overskotsmillionane enno er ferske!

Lykke til!