I vinter har det vore vérforhold som har gjort bjørkeskogen snøtung, slik at det som står nærmast vegen til dels har vore til sjenanse for brøytebilen. Det har Senja kommune som vegeigar gjort noko med, og det er bra. Men no er vi ferdige med det som er bra.

To maskinar har (til no) langs vel ei mils Svartfjellveg heil- og halvhogd bjørkeskogen så langt dei har nådd og lagt han ifrå seg på skogeigaren sin eigedom.

Informasjon til skogeigarane: Null. Ikkje på førehand og heller ikkje på etterhand.

Kommunen har som vegeigar visse rettar på «sin eigedom». Denne eigedommen er avgrensa i meter, målt frå midten av vegen. Den hogsten kommunen no har drive, har i stor grad skjedd utanfor det området der kommunen har rettigheiter, og det som er hogd, ligg hos skogeigaren, ukvista og på ein måte som gjer det vanskeleg å ta han att og gjere brensel av det. Dette er slikt vi veit fordi vi kan sjå det.

Skal vi då måtte bruke advokat eller politi for å få skadevaldar til å gjere opp for seg?

Så er det visst, i mangel av informasjon (?) oppstått det ryktet at kvar som vil, kan kor han vil, på kva måte han vil, hente seg det han måtte sjå gagn i av den bjørka som er hogd og la resten ligge att.

Viss dette er feilinformasjon, så må kommunen ha ansvaret for det. Etter det vi kan sjå, så er det fleire som er i gang med å praktisere denne «informasjonen» slik dei sjølve tolkar han. Det skal bli lite artig å sjå korleis her skal sjå ut når det ein gong blir vår og sommar.

Er verkeleg Senja kommune sin administrasjon så underbemanna at dei ikkje kunne, og, ser det ut til, heller ikkje kan, eventuelt vil ellerorkar å gå ut og informere dei det gjeld når dei blir råka av tiltak som kommunen står for? Så vidt eg veit, så har kommunen adressa til alle som har eigedom, og då skulle det vel vere ei overkommeleg sak å informere dei?

Her er det gjort ein fysisk skade, og skaden har ein viss økonomisk dimensjon. Skal vi då måtte bruke advokat eller politi for å få skadevaldar til å gjere opp for seg?

Vil du bidra med din mening? Send debattinnlegg på epost her