Tor Nymo i Målselv Senterparti har gjentatt sin påstand om at det er sinnsstemninga vår som gjer at SV har gått mot den bilaterale samarbeidsavtalen mellom USA og Noreg. Ifølgje Nymo er det «USA-hat» som ligg til grunn. Det er det sjølvsagt ikkje.

Nei, det er rasjonelle argument som ligg til grunn for våre vurderingar, i denne saka som i andre. At folk er ueinige i vurderingar og konklusjonar i politiske spørsmål, er ein del av demokratiet vårt. At fleirtalet til slutt bestemmer, så også i denne saka, er det også. Men debatten blir fattigare og mindre opplyst når ein karikerer andres standpunkt slik Nymo har gjort.

Eg har i mine tidlegare innlegg gjort greie for korfor eg og SV er mot denne avtalen. Kort fortalt handlar dette om at vi ikkje meiner det er rett å inngå ein avtale som i prinsippet avstår suverenitet til amerikanarane på norsk jord.

Sjølv om USA er ein viktig alliert i Nato, er det ikkje alltid samsvar mellom norske og amerikanske interesser — og denne avtalen er direkte mellom USA og Noreg, og ikkje som del av Nato-samarbeidet.

Men sjølv om vi meiner denne avtalen ikkje er ein god idé, er også SV einige i at det trengst ei styrking av norsk forsvarsevne. Personellsituasjonen i Forsvaret er kritisk, som fleire nyheitsoppslag i det siste har vist, i tillegg til at det trengst både meir luftvern og andre kapasitetar.

SV har vore denne regjeringas budsjettpartnar ved alle statsbudsjett i denne stortingsperioden, og eg forsøkte derfor i mitt førre innlegg å invitere Nymo, Målselv Senterparti og alle andre til å diskutere oss fram til viktige satsingar vi kan bli einige om her i Troms når neste langtidsplan for forsvarssektoren blir lagt fram seinare i vår.

Eg registrerer at Nymo synst det er viktigare å teikne eit skremmebilete av SV enn å finne løysingar for å styrke Forsvaret.

Vil du bidra med din mening? Send debattinnlegg på epost her