Om «politisk korrektheit», også kalla «nytale» i den offentlege debatten.

Den politiske klassa i Noreg er gjennomsyra av folk som har ein vel utvikla sans for sitt eige vel og som bruker demokratiet vårt til å realisere det. Mange av dei er «gaukungar» som har lege i eit bestemt reir frå dei blei vorpne, andre har «konvertert» eller vore veskebærarar for einkvan som har ein viss posisjon i eit politisk parti.

Til saman utgjer dei ein eigen samfunnsklasse som har teke makta i Noreg.

Dei har kodert sitt eige språk, politisk korrektheit, (political correctness eller PC) som med ei viss sjølvvald rollefordeling, men utan grenser seg imellom, er den politiske arenaen som dei framtrer på. Dei som ikkje talar PC, har ikkje noko i det offentlege rommet å gjere.

Det er noko dei er samde om, og er det ein person som kjem med ord og tankar som ikkje er PC, så er dei som kråkene, snare til å hakke vedkomande forderva. I deira etikk er det lovleg å jukse og svindle og lyge seg til eigne fordelar, så lenge du held deg til PC. Om du i ord og tankar trør utanfor, så skal du ut av lauget.

No har jo Stortinget vedteke at det ikkje skal vere straffbart å lyge for veljarane, verken for parti eller personar. Men her har vi veljarane eit maktmiddel som vi kan bruke

Kven er det no som har stelt det til slik? Kven har ansvaret? I eit indirekte folkestyre er det, formelt sett, veljarane som bestemmer kven som skal ha posisjonar, ut frå kva korleis dei marknadsfører seg i offentlegheita. Kva veit vi så om korleis politikarane «våre» vil stille seg i aktuelle saker? Korleis skal vi kunne vite det? Kva lovnader har dei gjeve?

Det vi i beste, til dels verste fall, alt etter som, kan tru og håpe på, er at dei fylgjer det partiprogrammet som skal vere lokkemiddelet overfor veljarane. Men programmet gjeld berre dersom dei får fleirtal for det. Elles må dei kompromisse, og då gjeld det ikkje lenger.

Kva for ein stortingskandidat står fram og seier at han skal stemme mot EU, EØS, Acer og Schengen, straumkablar og alt anna som øydelegg sjølvråderetten vår — uanhelvetessett? Vis meg ein, så veit eg kva eg skal stemme.

For ei tid sia skal det ha vore slik at EU-partia Ap og Høgre kvar sin gong, ved avslutting av stortingsperioden, la fram forslag om at ei innmelding i EU berre skulle krevje 2/3, ikkje 3/4 fleirtal i Stortinget. Då låg det betre til rette for eit kupp dersom det skulle bli mogleg å ri oss inn på ein stemningsbølgje. Men då måtte dei ha ein runde med representantane før dei la det fram.

Då dei kom til nestor i Troms-fraksjonen, svarte han nokolunde slik: «Dokker gjer kva f... dokker vil i den saka. Men eg har ein lovnad til veljarane mine, og den skal eg halde». Etter som soga seier, så måtte Ap melde avbod den gongen.

Dei vi har hatt seinare, er slike som skulle snu opp-ned på det meste i Oslo berre dei kom seg på «Tinget». Men der blei dei tekne under vengane av partileiinga, og det var dei som bestemte posisjonar og renominering og slikt. Dermed var den lovnaden verdilaus.

Partia har kuppa og teke over folkestyret. Dei som står att med lang nase, er ikkje lygarane her, det er vi toskane som stillar ved valurnene og legitimerer det dei gjer.

Om ein enkeltperson av dei skulle bruke eit anna språk enn PC, kanskje bruke ord og vendingar og vise tankar som er uhøviske etter vår målestokk, så er det ikkje dermed sagt at den det gjeld, er meir sannferdig enn andre. Men han kan vere det.

Om så er tilfelle, det må vi finne ut av ved å sjå på totaliteten for den det gjeld, korleis han viser seg i andre situasjonar eller kjem med klåre lovnader om. No har jo Stortinget vedteke at det ikkje skal vere straffbart å lyge for veljarane, verken for parti eller personar. Men her har vi veljarane eit maktmiddel som vi kan bruke. Kva elles?

Vil du bidra med din mening? Send debattinnlegg på epost her