Skatte- og avgiftspolitikken i Norge vart etter krigen laga slik at dei som hadde økonomisk ryggrad skulle betale meir enn dei som ikkje hadde den same evna. Slik bygde vi eit solidarisk samfunn der også barn frå låginntektsfamilier kunne få utdanning, helsehjelp for alle og sosialstønad for dei som trengte det. Dette inkluderande samfunnet har brakt store nye grupper inn i yrkeslivet og med det auka verdiskapinga stort.

Dei siste tiåra er denne politikken reversert av regjeringar med forskjellig farge. Skatten, særlig for dei høge inntektene, har over tid blitt redusert og avgiftene har auka sterkt. Denne omlegginga har ramma låginntektfamiliane og tilgodesett dei med høge inntekter. Når marginalskatten blir kutta, tjener dette heilt andre enn dei med lita inntekt. Og når avgiftene auker rammer ikkje det dei som har høg inntekt slik det rammer ei enslig mor eller ein minstepensjonist.

Vi blir ofte møtt med det evige argumentet at det ikkje er mulig å snu om. Det er ei historiefortelling vi ikkje aksepterer

No slår dyrtida inn over oss, prisane stig kraftig og kommunane må kutte i tilboda for å balansere budsjetta sine. Også denne gongen er det dei som har minst som skal ta dei største børene. Det som skjer no er ei kraftig tilstramming av levekåra for dei som har minst fra før. Høginntektsgrupper har ofte ein økonomisk buffer til å ta ei omstilling, og i tillegg eit heilt anna grunnlag til å møte det som skjer no.

Rødt Målselv har fleire gonger tatt opp forslag med sikte på å motvirke utviklinga som rammer så skjeivt i samfunnet. Det vil vi fortsette med, både i formannskap og kommunestyre. Og om vi skulle møte motstand frå dei andre partia, vil vi fortsette å reise slike forslag. Vi blir ofte møtt med det evige argumentet at det ikkje er mulig å snu om. Det er ei historiefortelling vi ikkje aksepterer. Vi vil omprioritere bruken av midla og vil kome med slike forslag i budsjettet for neste år. Eit slikt forslag er å gje ei ekstra utbetaling før jul til barnefamilier som mottar sosialhjelp.

Ein slik politikk er solidarisk, det er viktig i seg sjølv. Men det vil også føre videre den nordiske modellen som har vist seg å vere heilt overlegen i å auke verdiskapinga i samfunnet. Andre land har lagt større vekt på at dei rike må få bli rikare for på den måten å skape verdier til fordeling i samfunnet. Resultata taler for seg. At fleire tar del i yrkeslivet og samfunnslivet generelt og der forskjellane blir mindre, skaper eit samfunn som er inkluderande og som gjer oss ei større kake til fordeling.