Regjeringa ga 8. august 2023 konsesjon til elektrifisering og oppgradering av Snøhvit/Melkøya. Straum frå nettet skal erstatte gassturbinane på anlegget. Klimaskadeleg fossil gass skal produserast med rein lokal vasskraft og vindkraft.

Det skal sjå ut som om dei norske klimautsleppa er kutta. Men gassen som ikkje lenger blir brent i turbinane, skal eksporterast og brennast i utlandet. Utsleppa frå Melkøya blir ikkje borte, dei blir flytta på.

Melkøya-saka gjeld kortsiktig vinning, kanskje ti år med klimaøydeleggande norsk gasseksport

Samtidig lanserte regjeringa eit «kraftløft» for Finnmark: Innan 2030 skal det byggast nye straumlinjer og nye, store vindanlegg, først og fremst i Finnmark. Regjeringa har avvist protestar frå reindrifta. I all framtid skal naturen og reindrifta betale for straum til Equinor.

Ingunn Elstad Foto: Privat

Heimane og industrien i Troms og Finnmark må også betale. Meininga er at vindanlegga skal produsere minst like mykje kraft som Equinor har reservert til Melkøya. Sidan effekten på vindkrafta varierer, blir det altfor lite straum til overs for forbrukarane, særleg om vinteren.

Ifølgje ein ny rapport frå European Green Table kan straumutgiftene for hushalda, industrien og det offentlege i Troms og Finnmark auke med 5,6 milliardar kroner i 2030, eller 34.000 kroner i året for ein familie på fire. https://www.europeangreentable.com/_files/ugd/54fb72_1d8eb45a42824658b3d0f5def3185444.pdf ;Sindre Palmberg, Harstad Tidende 12.02.2024.

Equinor får begynne å ta ut straum frå 2030. Olje- og gassressursane på sokkelen minkar. Energidepartementet forventar ei levetid på anlegget berre fram til 2040. Melkøya-saka gjeld kortsiktig vinning, kanskje ti år med klimaøydeleggande norsk gasseksport. Samtidig går etterspurnaden etter gass ned i Europa. Fornybar energi tar over.

Fleirtalet i Nord-Noreg er mot elektrifiseringa. Fleirtalet av nasjonane i verda krev rask og rettferdig utfasing av all fossilproduksjon. Elektrifiseringa av Melkøya må stansast.

Vil du bidra med din mening? Send debattinnlegg på epost her