SNART OVER: Haugesund møter Rosenborg på Lerkendal i eliteseriens nest siste runde søndag. SNART OVER: Haugesund møter Rosenborg på Lerkendal i eliteseriens nest siste runde søndag. Foto: NTB Scanpix

Lite å spela for?

SUPPORTERBLOGG: Gjekk lufta litt ut av Haugesund-ballongen i Sandefjord?

Arne Tveit Katla, Haugesund-supporter

Då Haugesund slo Sandefjord i kvalfangarbyen i slutten av september, betydde det at plassen i neste års Tippeliga i praksis blei sikra. Men etter dette har poengfangsten uteblitt. Sesongen blei lenge ein kamp på den nedste halvdelen av tabellen, og lenge var me faretruande nær både kvallikplass og det som verre er.

Sesongen skal fullførast på best mulig måte

Eg meinar sjølvsagt at sesongen skal fullførast på best mulig måte sjølv om «ein ikkje har noko å spela for».

Ein skal alltid spela for å få flest mogeleg poeng, og ein skal prøva å levera varene for sitt kjære publikum. Men likevel: før og under heimekampen mot Odd i sat eg og følte på at lufta på ein måte var gått ut av ballongen.

Maakeberget var pga. ein liten protestaksjon ikkje samla, og på resten av tribunen var det også dødt. På banen såg det lenge ut til å gå mot poeng, men då Odd avgjorde like før slutt, virka det dessverre nesten naturleg.

Meir oppgitt enn skuffa

Borte mot LSK hadde Mark Dempsey overtatt laget, og han sette sitt 3-5-2 – stempel på laget. Det såg lovande ut i starten, men då LSK laga 2-0 på to minutt, gjekk mykje av piffen ut av laget. Rett nok var det nok av sjansar i andre omgang, men du sat likevel med kjensla av at dette tross alt var ein kamp LSK kontrollerte ganske greitt.

Også heimekampen mot Vålerenga var lenge positiv, men då VIF scora virka det nok ein gang som lufta forsvann ut av Haugesund. Det var ikkje rare greiene ein makta å mobilisera i andre omgang. Då eg reiste meg og rusla ut ved kampslutt var eg nesten meir oppgitt enn skuffa.

Begrensa tru på poengfangst

Eg har dessverre ganske begrensa tru på noko særleg poengfangst på Lerkendal søndag. Eit fullstappa Lerkendal tek imot heimelaget til gullfest. Men i fjor møtte me Molde som hadde blitt seriemeistrar runden før. Resultatet av den kampen gjorde underteikna heftig og begeistra på sitt første besøk i rosenes by, så det er jo alltid håp.

Og for vår del håpar eg at Tromsø ikkje er trygge før siste serierunde. Då vil mykje fokus bli retta mot Haugesund stadion den søndagskvelden, og ein kamp som «betyr noko» er det Haugesund treng no.