Tilsvar til Ine Eriksen Søreide:

«Utariksministeren rosemalar EØS-avtalen»

VELFERD: - Gode trygde- og helseytingar for studentar, arbeidstakarar og reisande er sjølvsagt bra. Men utanriksministeren gløymer at alle norske statsborgarar har behov for dei same «gode» velferdsytingane, skriv Olav Flaate. Foto: Heiko Junge, NTB/Scanpix 

nyheter

Utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide rosemalar EØS-avtalen i mange aviser i juni 2020. Innlegget hennar er eit tilsvar til Nei til EU, som vil sei opp EØS-avtalen. Ho kallar artikkelen sin «EØS er vårt viktigste marked».

EØS er ein handelsavtale, ikkje nokon marknad. EU, beståande av dei ulike medlemslanda er ein marknad. Utanriksministeren understreker ved hjelp av statistiske data kor viktig Den Europeiske Unionen er som marknad for norske varer. Dette er ein kunnskap som storparten av det norske folk har, for opp gjennom historia har det vore naturleg handelssamband mellom Noreg og dei andre europeiske landa.

Geografisk nærleik har invitert til dette. Difor, lenge før både den «gamle» handelsavtalen og EØS-avtalen si tid, var det handel mellom Europa og Noreg. Den «gamle» to sidige handelsavtalen (utan direktiv frå Brüssel) frå 1973 det som dengongen heitte EF (seinare EU) fungerte godt. Utanriksministeren hevdar at det er stor ulikskap mellom EØS-avtalen og handelsavtalen. Ho har så rett så rett i det, men det virkar ikkje som ho eller Jonas Gahr Støre med fleirtalet på Stortinget bryr seg om konsekvensane av dette.

Å erstatta handelsavtalen mellom Noreg og EF med EØS-avtalen var som å omdanna landet vårt frå eit land med full sjølvråderett og ei nasjonalforsamling (Stortinget), som etter Grunnlova skal laga lovar for å fremja vekst, velferd og utvikling i Noreg, til å bli eit koloniliknande land der lovar og føresegner kjem frå EU. Desse lovane overstyrer dei eksisterande norske lovane, vedtatt av Stortinget, dersom det oppstår konflikt mellom dei norske lovane og EU sine direktiv/lovar.

Det særeigne med EU-direktiva er at dei skal leggja til rette for mest mogeleg profitt for det private næringslivet. Dessutan legg dei opp til mest mogeleg privatisering og konkurranseutsetjing av offentleg sektor. Offentleg sektor er lokomotivet i samfunnet, og skal kontrollera og sjå til at skule, helsetilbod, omsorg, beredskap og alle kommunikasjonssystem fungerer. I den pågåande pandemien i store delar av verda erfarer me kor viktig det er at det offentlege har det overordna ansvaret for dei ulike tenestetilboda.

Gjennom EØS-avtalen med privatisering og konkurranseutsetjing av offentlege tenestetilbod, er samfunnslokomotivet i ferd med å spora av. Ulike regjeringar har år etter år overført for lite pengar til kommunane i høve til dei oppgåvene dei same regjeringane har pålagt kommunane å gjera. Fylgjene av dette er at kommunane må spara. Fleire kommunale etatar opplever ei nedskjæring av talet på tilsette.

Denne EØS-inspirerte New Public Management styringa av offentleg sektor med bedriftsøkonomisk budsjettdisiplin, sjølv med for låge etatsbudsjett, fører både til auka sjukefråvære og ein ynskjesituasjon for private verksemder. Det er nett denne situasjonen NHO direktøren ynskjer seg og arbeider for, for å få private barnehagar, omsorgsheimar, sjukehus og skular.

Vidare i EØS-lovprisinga si vektlegg utanriksministeren gode studiemogelegheiter i EU. Men dei mogelegheitene var der før og. Gode trygde- og helseytingar for studentar, arbeidstakarar og reisande er sjølvsagt bra. Men utanriksministeren gløymer at alle norske statsborgarar har behov for dei same «gode» velferdsytingane. Men som ei fylgje av EØS-avtalen, med privatisering, konkurranseutsetjing og bedriftsøkonomistyring av offentleg sektor, er til dømes liggjetida for fødande kvinner og andre sjukehusinnlagde redusert til eit minimum. Helseforetaka skal tena pengar.

Utanriksministeren sin yndlingsavtale har og ført til ei privatisering og oppsplitting av jarnbanetilbodet i Noreg. For ikkje å gløyma alle buss-selskapa som måtte slutta grunna anbodshysteriet knytta til EØS-avtalen. Fri flyt-politikken knytta til denne avtalen pulveriserer ansvaret for samfunnsbyggjinga. Bedriftsøkonomistyring av offentleg sektor og marknadsstyring av samfunnet skapar meir og meir utryggheit.

Handelsavtalen frå 1973 var verksam fram til EØS-avtalen vart gjort gjeldande i 1994. Inntil då var det politisk styring av tilhøvet mellom Noreg og EU. Med ein slik avtale opprettheld Stortinget rolla si som lovgivande forsamling for Noreg — og har hundre prosent handlingsrom. Ein nasjonalstat med full sjølvråderett synest å bli viktigare og viktigare.

Nick Timothy, stabsjefen til dåværande statsminister av Storbritannia, Theresa May, peikar på noko han kallar for ultraliberalisme, og minner på fleire område om EØS, er det same som å setja personleg fridom over alle andre verdiar som velferd, rettferd, tryggleik og verdigheit. Han freistar å få dei konservative til å innsjå at den politiske krisa, som folk opplever i mange land i verda, berre kan løysast av ein aktiv stat, regulering av marknaden (ikkje fri flyt), omfordeling av godene og ei satsing på fellesskapet.

Med ein slik aktiv stat, utan EØS, kan Noreg byggja opp nasjonale beredsskapslager av korn, mat, medisinar, smittevernutstyr, drivstoff, reservedelar mm.,noko som vil gi oss ei kjensle av tryggleik. Samarbeid mellom suverene statar tufta på demokrati og ytringsfridom vil ha betre kontroll med styringa av utviklinga enn fri flyt-politikken knytta til EØS-avtalen.

Difor kan det bli ein vinn-vinn-situasjon for mange dersom utanriksministeren, i samarbeid med Jonas Gahr Støre og Ap, legg fram forslag om å få sagt opp EØS-avtalen og erstatta han med ei modernisert utgåva av handelsavtalen frå 1973.