Byen Bardufoss: Vi legg vekt på heilt andre ting

KURS: - Sola går nok sin gang over himmelen som før, sjølv om Bardufoss blir kallt by. Men vi meiner at dette er eit spørsmål om kor vi vil, kva slags kurs vi skal inn på, skriver Øyvind Tollefsen.  Foto: Gjermund Nilssen

Råderetten skal vere lokal og overskuddet skal bli i bygda

Øyvind Tollefsen

DEBATTANT: Øyvind Tollefsen. 

debatt

Spørsmålet om å satse på Bardufoss er ikkje noko nytt. Det har i mange år vore eit sterkt ønske om å flytte kommunehuset til Andselv, til å investere langt meir i sentrum. Det har vore hevda at Målselv sitt store problem er at vi er spredd på så mange senter rundt omkring.

Folk har hatt sin identitet på Rundhaugen, Kirkesdalen og Karlstad, framfor Bardufoss. Dette faktum er framstillt som ein bøyg for å kunne satse på Bardufoss. Det er i dette lyset bystatus er løfta fram. Vi har respekt for at mange meiner dette skal skape meir fart i byutviklinga. Så forstår vi også godt at andre igjen ser humoristisk på dette og flirer godt i skjegget av tanken om Bardufoss som by. Kanskje har vi godt av å ikkje ta oss sjølv så høytidelig, i det minste ligg det nok stoff her til eit par revynummer.

Det er bra at vi av og til stiller spørsmålet om kem vi er, kor vi står og kor vi skal. Når vi lager ny kommuneplan gjør vi dette. I samfunnsdelen, som vi skal i gang med no, skal nettopp dette opp til diskusjon. Vi skal ha folkemøter rundt i heile kommunen der dei forskjellige syn kan løftes fram i respekt for kvarandre. Og så skal kommunestyret forsøke, så godt vi kan, å kome fram til ei mest mulig felles forståing av desse spørsmåla til slutt.


Tok en skål for den nye byen

Kommunestyret i Målselv har talt: Troms har nå fire byer, og den nyeste er den minste. Foreløpig.


Vi blir nok aldri hundre prosent enig, men det er viktig at ein slik grundig prosess har som siktemål å kome fram til eit resultat vi i størst mulig grad kan samles om. Vi meiner at å presse gjennom bystatus no, er det motsatte av å vise respekt for dei grundige prosessane ei god samfunnsutvikling treng. Konklusjonen, svaret på spørsmålan skal kome etter, ikkje før diskusjonen starter.

Kem er vi? Vi bør vere stolt av det vi er. Det er inga skam å vere liten. Å vere liten kan også bety å vere stor. Orda Inger Hagerup skreiv i diktet om mauren gjer meining for oss:

«Liten? Jeg? Langtifra. Jeg er akkurat stor nok. Fyller meg selv helt på langs og på tvers fra øverst til nederst. Er du større enn deg selv kanskje?»

Desse orda er viktigare enn stadig auka materiell velstand, den djupare meininga i diktet er meir utfyllande enn auka brutto nasjonalprodukt, visdommen i desse korte linjene overgår det meste av det som blir hausa opp som evige sanningar i eit kapitalistisk samfunn. I dette landet som heiter Vegen mot Nord, dit folk måtte reise for å finne fisken og jord til å sette potet i, her bor vi.

No er sanninga å sende fisken att og fram til andre sia av kloden før han blir satt på bordet. I dag er sanninga å kjøpe eggkokar for å koke egg, brødmaskin for å bake brød, eller tusen andre dusinvarer produsert i Kina, kjøpt på Power eller Elkjøp. Produsert for å vare ei kort tid, laga slik at dei er umulig å reparere, slik at vi skal kjøpe nye.

Og vi, du og eg, skal ikkje vere som mauren. Som fyller seg sjøl. Vi skal alltid vere noko anna enn det vi er. Noko vi skal finne der framme i dansen rundt gullkalven. Denne kalven finn vi ikkje i ein fjøs på bygda, folk må nok flytte frå fjøset og inn til byen for å ta del i dansen. Denne dansen har skapt materiell velstand, bygd på det svarte gullet. Men også større sosiale forskjellar. Dei rike blir rikare og fleire fell utom. Vi har no 115.000 fattige barn i Norge.

Dette er ikkje vårt samfunn. Og skal vi sjå framover, så veit vi vel alle innerst inne at denne dansen må ta slutt. Kursen må legges om. Vi kan ikkje lenger la oss smørje av det svarte gullet. Vi må løfte fram andre verdiar enn den resirkulerte trua på byens fortreffeligheit. Der byen veks fram av ei naturlig og bærekraftig utvikling, ser vi sjølvsagt at byen har si meining. Ein by må vekse fram av at krava til den nye kursen bli oppfyllt. Kommunestyret sitt vedtak endrer ingenting på dette.

Vi må bygge på dei evige ressursane, dei som kjem frå sola. Dei som naturen foredler til fisk og potet. Til skog, til plantefiber, til ku elg sau og rein. Vi finn dei her og der, utafor heile kysten vår, langt innover dalane våre. Der dei alltid vil vere. Dette må vi no ta tilbake, det motsatte av å legge ned og flytte bort. Vi må foredle fisken her, ikkje i Kina. Vi må produsere og foredle biffen her, ikkje i Argentina. Og, for å sitere ein veldig klok senterpartimann: «Vi må da kunne produsere våre eigne kjøleskap her i landet og kjøre moped (norsk) til jobben».


Førsteklasses bybetraktninger fra Bardufoss:

– Det skal være fontener og alt som er i andre ordentlige byer

Emil, Gabriel, Ada og Klara bor i den nye byen Bardufoss. Men de er ikke helt sikker på om Bardufoss ser ut helt som en by. I alle fall ikke ennå.


Sola går nok sin gang over himmelen som før, sjølv om Bardufoss blir kallt by. Men vi meiner at dette er eit spørsmål om kor vi vil, kva slags kurs vi skal inn på. Ønsker vi at forbrukersamfunnet skal fortsette, at BNP skal opp, evig opp, at kapitalen skal styre enda meir? Da skal vi fortsette denne kursen, med liberalisering, sentralisering, auka forskjellar og rovdrift på natur og framtidige livsmuligheiter.

Men om vi har andre tankar om kursen, om vi ønsker som Kåre Willoch sa det; «Sette tæring etter næring» denne gongen i økologisk forstand, om vi meiner at vi ikkje lenger kan fortsette å bruke opp lagerressursar kloden har brukt millionar av år på å lage og lagre, da må vi sette andre verdiar høgare.

Og så heilt konkret: Kva slags praktiske utslag i politikken for vår kommune kan vi sjå for oss? Først, det blir sagt at bystatus vil koste null kroner. Det er eit utsagn vi meiner ikkje har mykje truverdigheit. Det er eit uttalt mål av Høgre mellom anna, at kommuneadministrasjonen skal flyttes til Andselv. Av taktiske omsyn, nærmast som elefanten ingen snakker om, er dette tona ned i diskusjonen om bystatus. Men sjølvsagt kjem dette opp med fornya energi av bystatusvedtaket.

Så registrerer vi også ei forventing om at kommunen tar eigarskap til bystatusen. Vi legg derfor til grunn at det vil dreie seg om bygge/leige nytt kommunehus samt andre kostnader som fort vil kome opp i fleire titalls millionar kroner. Det er etter vår meining uklok økonomisk politikk for kommunen. Ingenting er så lønnsomt som å fortsette å bruke eit godt vedlikeholdt nedbetalt hus som rommer den kontorplassen vi har bruk for.

Og om vi snakker om klimagasser og bruk av ressursar, er det ingenting som slår det å bruke eit godt hus lenger istaden for å bygge nytt.

Vi vil heller stimulere til sosial utjamning der vi som kommune kan bidra. Forslaget om å ikkje avkorte sosialstøtta for barnetrygd for familier som mottar det er eit eksempel. Legge tilrette for at barn frå familier med låg inntekt kan ta del i aktivitar/skoleturar på linje med andre, er eit anna. Det er viktig for eit godt samfunn å redusere dei økonomiske forskjellane, skape fellesskap framfor ulikskap.

Vi vil satse på dei fornybare næringane, produsere lokalt og foredle lokalt. Vi har eit næringsliv innafor jord og skog som vil, men som treng andre rammevilkår enn idag. Vi må forsvare det vi har og bygge det ut. I desse dagar blir det hausta tusener tonn potet i bygda vår. Det er noko å vere stolt av. Det er noko å sprette champagneflaska for.

Vi har grunnlag gjennom skogen vår, til å bygge ut ei foredling av råvarene, utført av dyktige handtverkarar. Vi må framover lagre CO2 i vegger og tak i dei husa vi bygger. Det gjer vi ved å bruke trematerialer. Vi har miljø på råvaresida, på utdanning, vi har handtverkarar og kompetanse på teikning og prosjektering, vi som kommune må ta mål av seg til å kople desse miljøa og på den måten styrke og utvikle eit næringsliv bygd på fornybare ressursar.

Vi har i mange år snakka varmt om å bruke den lokale fornybare ressursen skogen er, til oppvarming. Forsvarsbygg har vist veg gjennom bygging av varmesentralar fyrt med skogsflis. Elektrisk kraft er alt for verdifull til å brukes opp i ein varmeovn. Forsvarsbygg sin suksess har tilført bygda kunnskap, kompetanse og energi på mange måtar.

Arena utmark er ein god ide. Å samle fagmiljø innafor forvaltning og styring av utmark under eit tak i Skogbrukets hus på Andselv, kan skape gode ringverknader. Her står huset klart, det må kanskje utvidast for å romme alt som bør inn her. Bygg på det vi har og utvid gjerne med eit signalbygg av massivtre. Arena utmark må no løftes ut av dauvatnet, vi treng ny energi inn i dette arbeidet for å realisere det.

Forsvaret er viktig i kommunen vår. Det vil innan kort tid kome ei kraftig kursendring i spørsmålet om CO2-utslepp i Forsvaret. For mange er dette nye tankar, til dels vanskelege tankar å forstå. Vi ønsker at Målselv kommune skal vere raskt ute med eit initiativ for denne satsinga. Vi ser ingen grunn til at dette arbeidet ikkje skulle styres frå Målselv. Arena utmark kunne vere eit utmerka utgangspunkt for ei slik lokalisering.

Vi har eit reiseliv i kommunen som i stor grad er bygd på opplevingar i naturen. Ved vatn og elv, til skogs og til fjells ligg det eit grunnlag som med riktig bruk kan bygges ut. Eit slikt reiseliv må bygges på tankane om at folk skal vere her i lenger tid av gongen. Dei lange reisene med korte opphald er ikkje bærekraftig og legg for lite att i lokalsamfunnet. Vår jobb er å stimulere ei slik utvikling. Her må vi samtidig advare mot utviklinga vi ser no der lokale bedrifter kjøpes opp, alt av lokale folk seies opp og importert arbeidskraft på tvilsomme kontrakter blir engasjert. Overskudd blir eksportert og slitasjen og ulempene blir att lokalt.

Ressursane er lokalt forankra. Råderetten skal vere lokal og overskuddet skal bli i bygda. Det må vere siktemålet for all vår aktivitet. For enkelte er byen veldig viktig. Vi legg vekt på heilt andre ting i arbeidet for Målselv framover.