Budsjettkampen i Senja 2021:

Kutt nederst og lengst ute?

LIV LAGA: – Skal Senja kommune vera liv laga må den byggjast nedifrå, skriv Magne Reigstad og Herbjørg Valvåg.  Foto: Carina Hansen

debatt

Forslag om kutt i lokalutvala og i rådene for ungdom, eldre og personar med funksjonsnedsetjing, mens kommunestyret, ordførar og varaordførar slepp unna.

Senja SV har på lik line med andre parti i kommunen støtta opp om etableringa av lokalutvala. Dei blei til etter ein viktig og systematisk prosess der ei faggruppe leda arbeidet for å sikre nærdemokratiet i den nye kommunen. Modellar for å leggje til rette for eit aktivt og blomstrande nærdemokrati blei studerte. På folkemøta rundt i det som skulle bli Senja kommune blei det lagt fram idear og forslag til ordningar for dette. Slik fekk Senja kommune åtte lokalutval med fullmakter, økonomi og faglig støtte i administrasjonen for å vere tett på utfordringar i lokalsamfunna, spele inn idear og vere samarbeidspartar for positiv utvikling av den nye kommunen.

Kvart utval skulle ha 250.000 kroner til bruk på lokal satsing. Summert for utvala ville desse pengane utgjere to million kroner. I tillegg skulle styremedlemmar i lokalutvala ha godtgjersle for styremøte tilsvarande halvparten av det som blir gitt for møte i kommunestyre, formannskap og utval. Dette aksepterte Senja SV som ein grei nøkkel då kommunestyret handsama forskriftene 30. oktober i fjor. Vi syntes at arbeidet i styret for lokalutvala, Ungdomsrådet, Eldrerådet og Rådet for personer med funksjonsnedsetjing kunne vere i same kategori, vurdert ut frå storleiken på arbeidsfeltet, møtelengde, saksomfang og møte per år.

Utgangspunktet for heile ordninga med møtegodtgjersle er som kjent godtgjersla til ordførar. Ho er 116 prosent av godtgjersla til ein stortingsrepresentant og er no på 1.146.077 kroner. Varaordfører får godtgjersle tilsvarande 50 prosent av det ordføraren har. All møtegodtgjersle for politisk arbeid reknast vidare som prosentdelar av det ordføraren har per år. Eit møte i kommunestyret gir den enkelte folkevalgte godtgjersle på 2.292 kroner. Saman med Ap og MDG gjekk SV imot dei høge godtgjerslene til ordførar og varaordførar. Vi hadde endringar i modellen som vi meinte ville styrke det demokratiske arbeidet. Men det er nok ei tapt sak, — fram til 2023.

No føreligg det eit nytt forslag til forskrift om godtgjering og velferdsordningar for folkevalde i Senja kommune. Kva inneber dette forslaget? Jau, ordførar, varaordførar, medlemmar av kommunestyret, formannskapet, kontrollutvalet og dei tre utvala skal ikkje få endringar i godtgjerslene. Men for lokalutvala, Ungdomsrådet, Rådet for personer med funksjonsnedsetjing får leiaren kutt med 1/3 og medlemmane kutt til det halve. Nøkkelen som dei politiske partia var samde om for eit år sidan for å setje pris på deltaking i samfunnsutviklinga i Senja kommune, han er no blitt skikkelig skeiv.

Signalet frå det nye forslaget er at det er tre gonger så gromt å leie eit møte i Utval for samfunnsutvikling enn å leie eit lokalutvalsmøte. Og det er fire gonger så gromt å vere medlem av det same sentrale utvalet enn å vere medlem av eit lokalutval. Dei same forskjellane trer fram når ein samanliknar arbeidet i Utval for oppvekst og kultur med Ungdomsrådsarbeidet. Likeins blir samanlikninga mellom Utval for helse og omsorg med Eldrerådet og Rådet for personer med funksjonsnedsetjing.

Det er trøsteslaust at dei som har makt til å endre og vedta nye forskrifter no får eit forslag på bordet som ikkje rammar dei sjølve. Nederst og lengst ute ser ut til å vere regelen når kommunen er nødt til å kutte i budsjett. Lokalutvala har allereie fått kutt på 100.000 til 150.000 i dei pengane som er tenkt brukt til å utvikle sterke og gode lokalsamfunn. Vi fryktar at meir kutt vil komme.

Senja SV ser at kommunen no sender eit sterkt signal om kva som skal prioriterast. Nærdemokrati ser ut til å måtte vike for sentral styring. Ungdom blir pynt på kaka, slik som ungdommen vår allereie har sagt at dei fryktar. Eldre blir lite oppskatta for kraft, breidde av ressursar og visdom. Folk med funksjonsnedsetjing, som vi alle snakka så vakkert om i siste valkamp, dei står iallfall ikkje fremst i prioriteringane.

Senja SV har følgjande standpunkt til nøkkelen for godtgjersle: Satsane for lokalutval og lovpålagde medvirkningsorgan skal ikkje endrast, dei skal framleis vere slik:

* Lokalutval: Leiar 0,15 prosent, medlemmar og varamedlemmar 0,10 prosent.

* Lovpålagde medvirkningsorgan, d.v.s. Ungdomsråd, Eldreråd og Rådet for personar med funksjonsnedsetjing: Leiar 0,15 prosent, medlemmar og varamedlemmar 0,10 prosent.

Senja kommunestyre skal i desember handsame budsjett for 2021. Her vil det koma kuttforslag innan dei fleste av kommunen sine primæroppgåver. Det framlagte forslaget til forskrift inneber at det skal kuttast innan demokratisk arbeid, men her skal alle kutt takast frå dei utvala som får minst og som er på det lågaste nivået i demokratiet. Senja SV meiner at dersom det skal sparast pengar på demokratisk arbeid, så må nedskjeringa takast som eit prosentvis kutt frå toppen, det vil seie frå og med godtgjersla til ordføraren. Skal Senja kommune vera liv laga må den byggjast nedifrå. Medverknad og lokalt engasjement må til skal Senja lykkast!