Koronaviruset:

Trygghet eller fri flyt?

KRONIKK

SJØLRÅDERETT: – Det er å håpa at både regjering og storting, som gjer ein god jobb under den eksisterande koronapandemien, erfarer at det er ein stor fordel å ha nasjonal sjølvråderett, at dei kan stola på det norske folk, skriv Olav Flaate.   Foto: Ole Berg-Rusten, NTB/Scanpix

Det er å håpa at krisepakkane frå regjering og storting hjelper dei fleste

Olav Flaate
debatt
Det einaste sikre er at alt er usikkert, er det mange som seier. Kanskje er det noko i det. Men dei fleste av oss ynskjer tryggheit i liva våre. Difor teiknar me og mange gonger dyre forsikringar for hus og heim, bil og reise. Samstundes som me håpar at me aldri får bruk for forsikringa.

Det å vera føre var, har alltid vore ein god leveregel. Det gjer ein som privat person og det gjer ofte styresmaktene i landet for folket. Økonomisk tryggheit, trygge arbeidsplassar, trygg matforsyning, trygge medisin og helsetilbod Takka vere dyktige politikarar er Noreg blitt ein av dei beste velferdsstatane i verda.Det er styresmaktene i det einskilde landet som innan ramene av nasjonalstaten har kontroll og oversyn over kva som skal til for å tryggje folk sine behov for ulike velferds- og utviklingstenester.

Den kontrollen på økonomien hadde politikarane i Noreg etter krigen. Den brukte dei for folket, som hadde stor tillit til dei folkevalde på Stortinget. I denne tida kom og Ap med slagordet «By og land, hand i hand». Det var gjensidig respekt mellom folk og folkevalde. Me fekk DU, Distriktenes utviklingsfond, som skulle syta for offentleg stønad til etableringar i distrikta. Dei norske styresmaktene hadde kontroll både med økonomien og lovgivinga. Og folket var «smitta» av dugnadsånd, fellesskap og solidaritet. Men så, etter fleire år med dugnadsånd og felles innsats av både folk og politikarar og med ei kjensle av tryggleik, kom kaldgufset inn i norsk politikk.

Gro Harlem Brundtland, statsminister for Ap, fekk med seg eit fleirtal på Stortinget til å signera EØS-avtalen med det som den gongen heitte EF. Dette vart gjort trass i at Noreg på det tidspunktet allereie hadde ein tosidig Handelsavtale med EU. Tosidig vil sei at Noreg hadde full sjølvråderett i høve til EF. Målsetjing for EU er å bli den sterkaste kunnskapsbaserte økonomien i verda. For å få dette til skulle dei demokratisk valde styresmaktene i dei einskilde EU-EØS landa «halda fingrane av fatet», næringslivet skulle utvikla seg på eigne premissar utan offentleg innblanding.

Det skulle vera fri flyt av kapital, personar, varer og tenester. Marknadsstyre, som verken tenkjer på folk sine behov for tryggheit, helsetilbod, utdaning eller samfunnsstyring på folk og land sine premissar, skulle erstatta demokratisk politisk styring og kontroll med samfunnsutviklinga. Gro Harlem Brundtland, godt hjulpen av Jonas Gahr Støre, og eit fleirtal på Stortinget ga bort sjølvråderetten vår til EU, som i dag overstyrer både Den norske Grunnlova og Stortinget .

I 1990-åra var Herman Daly sjefsøkonom i miljøavdelinga i Verdsbanken. Han meinte det var svært uklokt at marknadsøkonomien skulle «styra» samfunnsutviklinga. Daly var kritisk til det me i dag kallar EU fordi denne unionen ville leggja til rette for ein marknadsstyrt styring av samfunnet der politikarane skulle vera lengst mogeleg unna.

Når målet for EU/EØS er å skapa den mest konkurransedyktige og kunnskapsbaserte økonomien i verda, går det dårleg i hop med å skapa gode velferdstilbod og gode sosiale livsvilkår for folket. Daly meiner at tosidige handelsavtalar mellom land der dei einskilde landa er likeverdige handelspartnarar, er det som vil gagne folk og land best. Det var ein slik avtale Noreg hadde gjennom den gamle Handelsavtalen mellom EU og Noreg. Ein slik handelsavtale sikrar ikkje berre hundre prosent handlingsrom, men og kontroll med eigen økonomi og ut frå det treffe tiltak for velferd og tilretteleggjing for utvikling i heile landet.

For å få det til trengs både private og offentlege verksemder, der staten har det overordna ansvaret for å tilretteleggja for næringslivsutvikling og organisera og finansiera velferdstilbod og infrastruktur. I ein krisesituasjon som både Noreg og resten av verda er i no, er det ein tryggjingsventil å ha ein sterk offentleg sektor, lokomotivet i samfunnsutviklinga. Både private verksemder og privatpersonar er i dag glade for den sterke offentlege sektoren. EU derimot ynskjer å privatisera mest mogeleg av offentleg verksemd og driva samfunnsinstitusjonane etter bedriftsøkonomiske prinsipp der inntening er viktigare enn tenesteyting.

Ap godt hjulpen av Høgre og eit fleirtal på Stortinget var tidleg ute med å tilretteleggja for ei bedriftsstyring og marknadssrtyring av statlege forvaltningsforetak som jarnbanen, televerket og det gamle e-verket. Desse vart til statlege aksjeselskap. Praksisen med forvaltning av dei norske statsinntenktene til det beste for folk og land var utdatert blant politikarane. Heller ikkje sjukehusa slapp unna denne prosessen. Landet vart delt inn i helseforetak, der det var viktigare å tena pengar enn å gi pasientane ein god behandling. Kva tryggleik er det i det å senda kvinner heim frå sjukehus dagen etter fødsel, eller ferdig behandla pasientar frå sjukehus til vidare pleie i heimkommunen?

Gjennom EØS-avtalen har Noreg fått ein husmannsavtale med EU der EU overstyrer norske styresmakter, regjering og storting. I ei tid der den norske regjeringa driv med storstila motkonjunktur politikk gjennom krisepakkar for å hindra at norske verksemder går konkurs og arbeidslause og permitterte får pengar på konto, skal ESA, EU sitt kontrollorgan, godkjenna om desse tiltaka er innanfor ramma til EØS-avtalen! EØS-avtalen var og årsaka til at NMD, Norsk Medisinaldepot, endra karakter frå statleg monopol til halvstatleg for så å bli privatisert. Norske styresmakter har difor ikkje kontroll på legemiddelberedskapen i Noreg lenger. Dette kan lett føra til at viktige medisinar og smittevernsutstyr kan bli mangelvare i ulike krisetider for landet.

Helsedirektoratet vedgår og at det er store manglar knytta til nasjonal legemiddelberedskap. Inneværande koronapandemi , som verda no opplever, får mange av oss til å tenkja på kva som er viktig for oss å ha tilgang til, slik at me kan føla tryggheit når mykje rundt oss stoppar opp. Det gjeld både for privat og offentleg sektor. «Just in time»-filosofien, å få reservedelar til køyrety, maskinar nett når ein treng det, kan fungera når alt går normalt, men ikkje når ulike grupper av menneske i ulike land treng dei same varene samstundes. Når det gjeld tilførsle av korn og jordbruksprodukt når eksport landa treng maten/kornet sitt sjølv, er det eit tankekors at styresmaktene våre Storting og regjering har «gambla» med tryggleiken til folk.

Den same respektløysa ovanfor folk og land gjer seg i dag gjeldande når det gjeld utnytting av norske naturressursar. Desse tilhøyrer det norske folk. Men norske styremakter har gitt råderetten til store landareal for vindkraftutbygg til utanlandsk storkapital. Overføringa av styrings og reguleringsretten av norsk vasskraft og energiproduksjon til ACER, EU sitt energibyrå er utilgjeveleg. Det er å håpa at både regjering og storting, som gjer ein god jobb under den eksisterande koronapandemien, erfarer at det er ein stor fordel å ha nasjonal sjølvråderett, at dei kan stola på det norske folk.

Fellesskap, solidaritet og dugnadsånd, kjenneteikn ved det norske folk, harmonerer lite med å organiser statlege verksemder, som sjukehussektoren, som statlege foretak der rein bedriftsøkonomi skal styra behandlingstilbodet. No når de, våre tillitsvalde politikarar, som er det me kallar styresmakter har opparbeid ein

«Goodwill» , ein tillit i folket, er det viktig at de rettar opp alt det idiotiske de har gjort og istadenfor å hykla om alle fordelane med EØS-avtalen kort og godt seier opp denne avtalen. Det er ikkje snakk om å bryta tilhøvet og samarbeidet med EU, men å ha ei hand på rattet i det som skjer. Tryggleik istadenfor fri flyt. Det neste er å teikna ei forsikring på vegne av det norske folk i samsvar med dei erfaringane de har gjort til no under koronapandemien. De vil finna ei god oppskrift på dette i Finland, som har eit statleg lager av;

1.400 medisintypar for 6-10 månaders bruk plassert på eit rullerande lager. Drivstoff for fem månaders bruk. Daglegvarer for seks månaders bruk. Matkorn for seks månaders bruk. Metall og reservedelar til landbruket.

Men i tillegg til dette kan det og vera viktig å ha eit lager for grasfrø (etter tørkesumaren i 2018). Viktig vil det vera, etter det men no erfarer, å ha store nok lager av smittevernutstyr både for helsevesenet og for folk sine behov for dette ved liknande hendingar. Så istadenfor fri flyt, er det viktig for oss alle å kunna styra utviklinga sjølve utan gjennom direktiv å bli fortalt kva som er lov til å gjera eller ikkje.

Me er alle merka av korona på den eine eller andre måten. Det er å håpa at krisepakkane frå regjering og storting hjelper dei fleste, både privatpersonar, dei einskilde verksemdene og primærnæringane.