Ta vare på bonden — han er verneverdig!

KRONIKK

TIL BONDEN: – Du skal vita at det er mange i dette landet som er imponerte over det arbeidet du gjer. Utan deg døyr bygdene og og det velpleide kulturlandskapet, skriv Olav Flaate.   Foto: Anne-May Johansen

debatt

Hurra for bonden. Han gjer ein kjempejobb med å produsera mjølk, kjøt, ost, frukt og grønsaker, med andre ord den maten me treng for å leva. Det er tre prosent av landet vårt som er eigna til jordbruksproduksjon. Her produserer den norske bonden om lag førti prosent av den maten me treng.

Resten må me importera. Dette er eit stort tankekors. For størst mogeleg sjølvberging av mat er ein større tryggleik for oss alle. Å vera sjølvberga med mat under ein pandemi, slik me opplever no, og ellers ved eventuelle kriser av ulike slag er særs viktig, fordi det er i slike høve at tilførsle av mat frå andre land lett kan stoppa opp.

Så det er berre å ta av hatten for bonden for den viktige jobben han gjer. Forutan å ha kunnskapar om stell og foring av dyr, må han og ha kunnskapar om stell av jord, gjødsling, pløying, harving og såing alt etter kva slag gard det er. Men same kva han driv med må han tilpassa mykje av arbeidet sitt til skiftande vær og klimaendringar. Og med ein stadig veksande maskinpark på mang gardar, må bonden og vera ein dyktig mekanikar for å halda maskineriet i gang.

Dei største utfordringane for bonden skapar nok eit fleirtal av våre folkevalde på Stortinget. Dei synest verken å prioritera størst mogeleg sjølvbergingsgrad av matvarer eller å motivera bonden i det krevjande arbeidet han har. Tvert om oppfordrar dei mjølkebønder til å selja mjølkekvotane sine. SSlike negative stimuli ovanfor bonden er med på å yttarlegare få lagt ned fleire gardsbruk i Noreg. Sjølvom mjølk til konsum går ned, er mjølk ein viktig ingrediens i mange produkt.

EØS-avtalen, unfanga av Gro Harlem Brundtland og Jonas Gahr Støre, og som styrer mykje av samfunnslivet her i landet, skulle i utgangspunktet ikkje omfatta jordbruksnæringa. Men artikkel 19 i avtalen legg likevel opp til handel med matvarer, ein handel som EU og Noreg skal ha gjensidig nytte av. Så skal det anna kvart år vera drøftingar om ei gradvis liberalisering av denne handelen.

Resultatet er blitt at norske styresmakter har godtatt å importera mykje meir ost og andre mjølkeprodukt enn det Noreg eksporterer for, til EU. Dette er galskap når grasproduksjon, mjølkeproduksjon og sauehald har svært gode vilkår i den norske geografien. Sidan 2010 har importen av ost frå EU auka med 73 prosent! I 2019 vart det importert 14000 tonn ost, ost som den norske bonden kunne ha produsert mykje av sjølv. Når ein så tenkjer på at det går om lag ti liter mjølk til å produsera ein kilo ost tilsvarer importen av ost i 2019 ein samla mjølkeproduksjon frå 700 gardsbruk i Noreg.

Dette viser at Storting og regjering er eit stort trugsmål mot den norske bonden ettersom dei prioriterer import istadenfor kortreist ost her heime. I tillegg til å kjempa mot «broilar»-politikarar, må bonden og kjempa mot ei rekkje kosthaldsekspertar, som bannlyser raudt kjøt og klimaaktivistar, som reknar bonden som den store klimaøydeleggjaren her i landet. Det er vanskeleg å halda seg alvorleg når fisefine klimaaktivistar, særleg i hovudstaden, skuldar den norske kua for å vera ein miljøversting gjennom metanfisen sin. Ja, bonden, han som produserer maten vår, møter motbør frå fleire ulike hald. Difor er det viktig å slå ring rundt bonden og gi han den æra han fortener.

Fyrste bod for styresmaktene våre vil difor væra å stimulera og oppmoda den norske bonden til å auka sjølvbergingsgraden av norsk, kortreist mat og redusera import av langreist, og forureinande transport av mat i fyrste rekkje frå EU, Argentina og Brasil. Det er stadig ferre bønder att i norske bygdelag , så bondeyrket kan sikkert stundom følast einsamt. Likevel treng landet rekruttering av den yngre garde, som kan overta gardsdrifta. Men slik styresmaktene våre, sneversynte såkalla kosthaldsekspertar og klimaaktivistar oppfører seg ovanfor bonden, skal det mykje viljestyrke og sjølvkjensle til for å satsa på bondeyrket som karriereveg.

Men til bonden: Du skal vita at det er mange i dette landet som er imponerte over det arbeidet du gjer. Utan deg døyr bygdene og det velpleide kulturlandskapet. Stå på trass i uforstanden frå ulike hald. Kanskje bondevetet sig inn der og ein gong.