Mange gode alternativer til Støre som statsminister:

På friarferd i nord

SLAG : - Det største slaget mot grasrota i Ap og folket ellers var då Jonas Gahr Støre og partileiinga i Ap gjekk saman med regjeringspartia og overførde styrings- og reguleringsmyndigheita av norsk vasskraft og energiproduksjon til ACER, EU sitt energibyrå, skriv Olav Flaate.   Foto: Trond Thomassen, iTromsø

Tåkepratet, når partileiinga i Ap pratar, og tausheita i store og viktige spørsmål for den nordlige landsdelen er påfallande

Olav Flaate

ARTIKKELFORFATTER: Olav Flaate, SV, Sørreisa 

debatt

Ap-leiinga med leiar Jonas Gahr Støre har vore på friarferd i nord. Dei vil freista å kapra nokre av dei 12.431 stemmene partiet mista ved kommunevalet i 2019 i Nordland, Troms og Finnmark i høve til kommunevalet i 2015. Ap mista og 17 Ap-ordførarar i dei nordlegaste fylka i kommunevalet i 2019, kanskje nettopp på grunn av Ap-leiinga sin arrogante væremåte.

Det seiest no at partileiaren med fylgje er her for å lytta til folket. I foredraget sitt på universitetet skal Støre blant anna ha fokusert på viktigheita av god infrastruktur i landsdelen. Førsteamanuensis og samfunnsgeograf ved Arktisk senter for fornybar energi, Birgit Kristoffersen, tolkar Støre sitt utspel om infrastruktursatsing med at det er Nord-Noregbanen Støre har i tankane. Ei slik fråsegn, der det er opp til velgjarane å tolka innhaldet, er ikkje nokon slik lovnad. Det er rett og slett å halda velgjarane for narr.

Alle, ikkje berre i nord, men i heile landet, krev klar tale: «Me skal byggja Nord-Noreg banen...» og ikkje la det bli opp til folket og velgjarane å tolka innhaldet av friarbodskapet. Tidlegare har Jonas Gahr Støre uttalt, i eit frieri til heile folket, at han vil avskaffa NPM = New Public Management i offentleg sektor. Dersom denne fråsegna ikkje berre skal vera retorikk i kjend Støre-stil, må han og vise dette i konkrete tiltak. Det fyrste tiltaket kan vera å avskaffa helseforetaksmodellen.

Støre var sjølv med på å organisera norsk helsevesen i Helseforetak, ein rein bedriftsøkonomisk konstruksjon der inntening/profitt er viktigare enn det å hjelpa pasientane. Dette er blitt som ei verksemd frikopla politisk styring og kontroll. Alt skjer som eit privat foretak med leiarar og mellomleiarar, som alle har god løn. Privatiseringsmodellen av norsk helsevesen kjem som eit resultat av Støre og Gro Harlem Brundtland sin medverknad til å få erstatta den då eksisterande handelsavtalen mellom EF og Noreg frå 1973 med EØS-avtalen.

Denne avtalen er ei oppskrift på privatisering og konkurranseutsetjing av offentleg sektor, og med fri flyt av kapital, personar, varer og tenester, vert politisk kontroll og styring med det som skjer nesten radert bort. Med ulike direktiv frå EU-kommisjonen, som pålegg norske styresmakter å kutta ut eigne lovar og reglar der desse er i strid med EU sine «geniale» påfunn.

Men kvifor Jonas Gahr Støre, går du inn for å la marknaden styra samfunnsutvilinga i Noreg istadenfor folkevalde politikarar? Gro Harlem Brundtland var og med på dette komplottet mot det norske folk. Med andre ord var sentrale norske politikarar i arbeidarrørsla saman om å redusera politikarane si makt i styringa av landet. Det er enno meir uskjøneleg at de kunne gå inn for EØS-avtalen sidan Noreg hadde ein tosidig handelsavtale med EU. EU og Noreg var likeverdige partar. Sjølvråderetten var intakt, fri for direktiv frå Brüssel. Jonas Gahr Støre og leiinga i Ap gjekk og saman med den blåblå regjeringa i det å overføra det norske finanstilsynet til EU sin sentralbank i Frankfurt. Kvifor ?

Det største slaget mot grasrota i Ap og folket ellers var då Jonas Gahr Støre og partileiinga i Ap gjekk saman med regjeringspartia og overførde styrings- og reguleringsmyndigheita av norsk vasskraft og energiproduksjon til ACER, EU sitt energibyrå. Det norske arvesølvet, det som bygde velferdslandet Noreg, var Støre, Epen Barth Eide og resten av stortingsgruppa med på å overføra til EU. Kvifor?

Energi, elektrisk kraft, er viktig i alle land både for industri og folk flest. Vatn vert fleire stader i verda sett på som det «blå gullet». Dette ga Jonas Gahr Støre bort over hovudet på det norske folk. 122 Ap ordførarar protesterte mot dette. Kvifor lytta du ikkje til dei Jonas Gahr Støre?

Du kom til den nordleg landsdelen for å lytta til folket. Dette er noko som du som folkevald politikar og partileiar skal gjera heile tida. Kvar er fellesskapstankegangen og lojaliteten din til Ap velgjarane og det norske folk Støre? Korleis var det med lyttinga og lojaliteten til folk i nord i samband med helikoptersaka på Bardufoss og flystasjonen på Andøya? Å byggje opp respekt og tillit er ein lang prosess. Ei rask friarferd i nord utan konkrete lovnader vitnar om mangel på respekt for folket som bur her. Folketalet her nord går ned, men dei beste blir att.

Tenk kva Nord-Noregbanen vil ha å sei for transport av både råvarer og ferdigprodukt til og frå landsdelen. Tenk kva Nord-Noregbanen vil ha å sei for det å stimulera folketilveksten i landsdelen. Tåkepratet, når partileiinga i Ap pratar, og tausheita i store og viktige spørsmål for den nordlige landsdelen er påfallande. Det var eingong ein vis mann slik eg vurderer han, som sa; «Det dunkelt sagde, er det dunkelt tenkte».

Med Gro Harlem Brundtland og etterfylgjarane hennar i det sentrale Ap fram til den noverande leiaren Jonas Gahr Støre, har partileiinga steg for steg gått bort frå den sosialdemokratiske retninga til partiet. Partiet er i sterk kontrast til det stolte Arbeidarpartiet som stod for oppbyggjinga av landet etter den 2. verdskrigen. Me får eit bilete på dette gjennom orda til Erik Brofoss, finansminister i regjeringa til Einar Gerhardsen;

«Menneskene har etter hvert gjennom vitenskapelige og tekniske framsteg klart å fri seg fra naturkreftenes voldsherredømme. De har klart å sprenge de bånd som naturen har lagt over menneskenes liv. Det ville være et steg mot økt frihet å kunne frigjøre oss fra den blinde underkastelsen av tilfeldigheter i det økonomiske liv, som overfor den enkelte synes å virke som naturkrefter. Vi må gjøre oss til herrer over de økonomiske krefter, i stedet for å bli behersket av dem.»

Jonas Gahr Støre og stortingsfleirtalet si lovprising av fri flyt-politikken, hovudbodskapen, i EØS-avtalen, er eit tydeleg prov på at det er «tilfeldighetene» som skal styra det økonomiske livet med Jonas Gahr Støre som potensiell statsminister. Når fotballag gjer det dårleg og tapar kampar gong på gong, må ansvarleg trenar slutta i jobben. Når oppslutningen til politiske parti går nedover på meiningsmålingane, hender det at det vert leiarskifte der og. Det er framleis mange dyktige Ap-ordførarar i dette landet. Dei vil vera gode alternativ til Støre som statsminister dersom Ap-leiinga sin partidisiplin ikkje øydelegg dei.