Straumkabalen NorthConnect fra Norge til Skottland:

Krafteksportkablar, naturressursar og samfunnsbyggjing

KRONIKK

KONTROLL?: – Med minska kontroll med norske vasskraftressursar, ein kraftkabel til Tyskland, ein til England og mogelegvis ein til Skottland kan ein spørja seg om kva som vert att til norsk industri og norske hushaldningar til ein gunstig kraftpris? spør Olav Flaate i dette innlegget. På bildet Statnetts NorNed- anlegg på Raustad med sjøkabelen mellom Norge og Nederland, verdens lengste kraftkabel under vann.   Foto: Tor Erik Schrøder, NTB/Scanpix

Kva er verdien av all denne pengerikdomen dersom stadig fleire i dette landet opplever ein stor desperasjon og utryggheit i dagleglivet?

Olav Flaate
debatt
Fylgjande kraftselskap har søkt om konsesjon for å byggja ein straumkabel — NorthConnect — mellom Eidfjord i Hardanger og Skottland: Vattenfall AB, E-CO Energi AS, Agder Energi AS og Lyse Produksjon AS. Kraftselskapa vil tena mykje pengar på å få lov til å byggja denne straumkabelen.

Representantantar for to av selskapa: Toini Løvseth, direktør for marked i Energi Norge, og Steffen Syvertsen, konsernsjef i Agder Energi har difor gjort ein PR-framstøyt i form av debattinnlegg for dette prosjektet i blant anna Folkebladet og Nordlys.Det er ein veksande motstand mot det å gjennomføra denne utbyggjinga. Viktige delar av fagrørsla som Fellesforbundet og LO er i mot. Både konsernsjefen og direktøren framhevar derimot den klimatiske vinninga ved det dei kallar «klimakabelen» NorthConnect. Det navnet går rett inn i den globale klima-debatten som går føre seg.

I debattinnlegget sitt i Folkebladet måndag 30. desember 2019 skriv direktør for marked i Energi Norge Toini Løvseth «at debatten om kraftkabelen Noth Connect mellom Norge og Skottland handler nesten bare om pris». Direktøren poengterer at NVE (Noregs vassdrags og energidirektorat) i si vurdering av prosjektet kjem fram til at kabelen vil gi ein samfunnsøkonomisk vinst på 8,5 milliardar kroner årleg. Toini Løvseth argumenterer vidare med at North Connect handlar om «et klimavennlig energisystem for fremtiden. Og om å bake en større inntektskake for det norske samfunnet.»

NVE vil gi kraftselskapa: Vattenfall AB, E-CO Energi AS, Agder Energi AS og Lyse Produksjon AS ein større del av handelsinntektene frå kabelen enn om Statnett skulle ha stått for prosjektet med å byggje NorthConnect mellom Noreg og Skottland. Dei store kommersielle interessene hos dei kraftselskapa som har søkt om konsesjon for å byggje denne kabelen, forklarer kanskje det meste av den aggressive marknadsføringa dei driv for å byggja kabelen.

Kva er i ferd med å skje med Noreg, mødre og fedrelandet vårt, som fekk si eiga grunnlov i

1814 og som mange likar å kalla eit demokrati? Ein eventuell NorthConnect kraftkabel mellom Noreg og Skottland og ein kraftkabel mellom Noreg og Tyskland under byggjing, i tillegg til ein kraftkabel mellom Noreg og England med byggjestart våren 2020, fortel oss at norske styresmakter med regjering og storting er i ferd med å kommersialisera norske naturressursar. Naturressursane og den norske naturen tilhøyrer fellesskapet. Elektrisk energi ga ljos og varme i husa, kraft til industriutbyggjing og skapte det norske velferdssamfunnet, og skal framleis vera ein ressurs for det norske folk. Naturen skal ikkje vera noko handelsvare.

Spørsmålet om klima og miljø er både viktig og aktuelt, og kvart land, og kvar og ein av oss menneske som lever på denne jorda, må få kunnskapar og økonomisk ryggrad til å arbeida for å redusera skadelege klimautslepp. EØS-avtalen gjorde det nødvendig for storting og regjering å ta stilling til om Noreg ville overføra kontroll og reguleringsmyndigheita av norsk energi og kraftproduksjon (norske naturressursar) til ACER, EU sitt energibyrå. Sjølv om 122 Ap-ordførarar og fleire fagforbund gjekk imot dette, stemte likevel Ap med Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide i front, saman med eit fleirtal på Stortinget for å overføra styringa og kontrollen med arvesølvet vårt, det som skapte den norske velferdsstaten, til ACER/EU.

Med minska kontroll med norske vasskraftressursar, ein kraftkabel til Tyskland, ein til England og mogelegvis ein til Skottland kan ein spørja seg om kva som vert att til norsk industri og norske hushaldningar til ein gunstig kraftpris? Det å vera interessert i prisen på energi, er heilt naturleg. Låg energipris er den konkurransefordelen norske verksemder har hatt ovanfor utanlandske produsentar. Det vert framheva at North Connect kabelen, «klimakabelen» vil gi ein årleg samfunnsøkonomisk vinst på 8,5 milliardar kroner. Kva verd har desse pengane og 10.000 milliardar kroner på den norske stat sitt pensjonsfond for Kari og Ola Nordmann? Kva tyder åtte-ni milliardar kroner til eller frå?

Det som er viktig, er at alle som bur i dette landet opplever tryggheit, at alle har nok mat, klede, tak over hovudet, tilgang til helsetenester og ikkje minst dersom ein av ulike grunnar, som sjukdom, ulukker eller andre årsaker fell ut av arbeidslivet. Trass i alle milliardane på bok er det stadig fleire som opplever at livsgrunnlaget deira vert skrumpa inn. Det kan vera både pensjonistar og uføretrygda. I forkant av den store NAV- skandalen ga regjeringa melding om at tida for å få AAP — arbeidsavklaringspengar skulle reduserast frå fira til tre år. Menneske som i utgangspunktet hadde ein krevjande situasjon både psykisk og økonomisk, skulle få det verre. Desperasjonen er stor blant mange av dei det gjeld.

New Public Management med å kutta kostnader, redusera velferdstilbod, spara og gi skattelette til dei rike, er i ferd med å byggja ned Noreg. Hykleriet, avstanden mellom dei fine festtalane og TV- talane til statsminister Erna Solberg og kva ho gjer i handling, er eit hån mot det norske folk. Kva skjedde med dei som «ulovleg» hadde vore utanfor landegrensene medan dei fekk ein eller annan økonomisk stønad frå NAV? Nokre vart sette i fengsel som om dei var kriminelle. Så viste det seg at EØS-direktiva overstyrer det norske lovverket — og fleire «lovbrytarar», som hadde fått både fengsel og pengebøter, skal no få oppreisning. Det skal skje etter at den personlege økonomien for mange er ruinert gjennom det som rettmessig vert kalla NAV-skandale.

Skal me akseptera at våre medmenneske, som har behov for økonomisk eller psykologisk hjelp frå ein velferdsinstitusjon, skal bli behandla på denne måten? I den EØS-avtalen, som eit fleirtal på Stortinget røysta ja til, går det tydeleg fram at EU-lover overstyrer norske lover. Det virkar difor som våre tillitsvalde politikarar på Stortinget ikkje har lese avtaleteksten godt nok før dei stemte for avtalen. Massesuggesjon er eit fint ord for denne stemmegivinga.

8,5 milliardar kroner kvart år i samfunnsøkonomisk vinst ved ein eventuell North Connect kabel og 10.000 milliardar kroner. Kva er verdien av all denne pengerikdomen dersom stadig fleire i dette landet opplever ein stor desperasjon og utryggheit i dagleglivet? Menneske har krav på same respekt enten ein er direktør eller ein mottar AAP frå NAV. For at det som på papiret skal vera den lovgivande forsamlinga i Noreg, Stortinget, skal koma på rett spor, er fyrste bod å avskaffa det kyniske, upersonlege marknadsstyre som er innbaka i EØS-avtalen.

Det norske folk og landet treng ein to-sidig handelsavtale mellom EU og Noreg for å få sjølvråderett til å forvalta naturressursar og pengeverdiar til det beste for folket som bur her. Dersom me skal lukkast i dette, treng me politikarar som respekterer grunnlova og ser på seg sjølve som tenerar for folket og ikkje ser på politikarvervet som ein karrierestige, som kanskje kan enda opp i dei sameinte nasjonane (FN).

Med sjølvråderett og ein ny «rase» politikarar kan me skapa ei samfunnsånd som ser verdien av å vidareutvikle velferdsstaten og ha busetnad i heile landet. Gro Harlem Brundtland var kanskje den fyrste statsministeren som ikkje hadde denne samfunnsånda.