Bare med ein ting for auga; profitt:

Ja, vi elsker dette landet!

JUBEL?: – Trass i folket sin uvilje mot å bli knytta for nært til EU gjennom medlemsskap, har det nærast vore jubel for EØS-avtalen blant eit fleirtal på Stortinget ved skiftande regjeringar fram til i dag, skriv Olav Flaate.   Foto: Lise Åserud, NTB/Scanpix

Staten, det offentlege, må igjen bli lokomotivet i samfunnsbyggjinga

Olav Flaate

SKRIBENT: Oalv Flaate.  Foto: Linda Pedersen

debatt

«Ja vi elsker dette landet...» Det er nett det me gjer — ikkje berre på 17. mai, Grunnlovsdagen vår, men heile året. Dette landet er vårt, ditt og mitt og tilhøyrer det norske folk.

Bjørnstjerne Bjørnson, han som har skreve nasjonalsongen vår, uttrykker kjenslene våre for landet når han startar slik;

«Ja, vi elsker dette landet, som det stiger frem, furet, værbitt over vannet med de tusen hjem...»

Eidsvollsmennene synest og å vera glade både i landet og den etterlengta sjølvråderetten. Med Grunnlova av 1814 ga dei landet eit godt fundament for utvikling av demokrati og betring av levekår for folket. Lausrivinga frå ein union med Danmark førte ikkje automatisk til full sjølvråderett , for Noreg gjekk frå unionen med Danmark til ein ny union. Denne gongen med Sverige og utanrikspolitikken skulle kontrollerast derifrå.

Men med opphevinga av unionen mellom Sverige og Noreg i 1905, var det duka for absolutt sjølvråderett, utan innblanding frå andre land. Fedrelandskjærleiken kom til uttrykk på fleire måtar, både frå politikarar, ulike kunstnarar og næringslivsfolk. Med auka ingeniør- og teknisk kompetanse, starta norske fagfolk temjinga av fossefalla og med byggjing av vasskraftverk, på Vestlandet og vidare nordover låg alt klart for å bruka elektrisk kraft både i industri og i private hushaldningar.

Etter byggjing av kraftliner rundt om i landet, der mykje av arbeidet vart gjort på dugnad, vart det lys i husa og kraft til ein veksande industriverksemd. Det fattige Noreg opplevde ei økonomisk blømingstid. Folket løfta i flokk. Reskpekten for Grunnlova og det veksande demokratiet var sterk både blant dei folkevalde og blant folket. Dei arbeidde mot det same målet; demokrati og betre materiell velstand.

Stortinget laga lovar for ein sterk nasjonalstat. Dei folkevalde var interesserte i å byggja landet, og dei hadde sjølvråderetten til å gjera det.

Den 2. Verdskrig med mange menneskelege lidingar både i Noreg og mange andre land minna det norske folk om kor viktig det var med fridom og sjølvråderett. Det var forbode å heisa det norske flagget både på Grunnlovsdagen den 17. mai , og ellers, så lenge landet var okkupert av nazistane.

Nordahl Grieg, diktar og journalist, skriv om dette i samband med Grunnlovsdagen 17. mai 1940; «I dag står flaggstangen naken blant Eidsvolls grønnede trær. Men nettopp i denne timen vet vi hva frihet er.... Det fødtes i oss en visshet frihet og liv er ett så enkelt, så uundværlig som menneskets åndedrett.»

Då krigen var over og folket igjen kunne pusta fritt , var det den sterke fellesskapskjensla og dugnadsånda som styrka folket til gjennoppbygginga av landet. Diktaturet frå nazitida var over og norske styresmakter var igjen herrar i eige hus og kunne gjera kva dei ville og på den måten dei ville for å få både samfunnsliv og næringsliv på fote. Landet vart bygd opp att, velstanden vart betre og næringslivet kom i gjengje att. Det var optimisme , tru på framtida og ikkje minst stor grad av tillit blant folk og folk hadde tillit til politikarane og offentleg sektor spela ei viktig rolle i samfunnsbyggjinga.

Men kor lenge var Adam i Paradis? Ei rikmannsdotter frå Oslo, Gro Harlem Brundtland, vart statsminister for Ap og kom som ein kaldgufs inn i rolla som den politiske leiaren av Noreg. Statsminister Margareth Thatcher i Storbritannia var primus motor for privatisering av offentleg verksemd og starta prosessen med at offentlege institusjonar skulle styrast som private verksemder der kravet til overskot var viktigare enn kvaliteten på tenesteytinga til folk flest.

Det var i god Thatcher-tankegong at Gro Harlem Brundtland sende ut ei forordning til kommunane i landet at dei ikkje berre skulle henta inn anbod frå lokale leverandørar. Dei skulle henta inn anbod i heile Noreg. Dette var ein del av strategien hennar for at Noreg skulle bli EU-medlem. Planen hennar var å erstatta den gjeldande handelsavtalen med EU med EØS-avtalen, ein handelsavtale skreddarsydd for næringslivet. Gro var med dette kanskje den fyrste statsministeren som gjekk mot folket. Eit fleirtal røysta nei til EU medlemsskap i 1972, noko dei og gjorde i 1994 etter at EØS-avtalen var signert.

Trass i folket sin uvilje mot å bli knytta for nært til EU gjennom medlemsskap, har det nærast vore jubel for EØS-avtalen blant eit fleirtal på Stortinget ved skiftande regjeringar fram til i dag. Sjølvom det har hagla EU-direktiv (ca. 11.000 til no) som overstyrer og instruerer norske styresmakter, jublar både Støre og Erna over denne avtalen.

EØS-regelverket legg opp til mest mogeleg privatisering av offentleg sektor, slik Margareth Thatcher gjorde det i Storbritannia.I samband med dette regelverket har særleg noverande regjering sett i gang med ein storstila sparing i offentleg sektor både gjennom ei rekkje reformar og budsjettkutt når det gjeld velferdstilbod. Budsjettkutt går som oftast ut over dei som treng det mest. Erna og noverande regjering burde skamma seg.

Feiringa av Grunnlova den 17. mai med mange fine ord om kor viktig denne lova og demokratiet er for folk og land står i skarp kontrast til vedtaket i regjeringa og eit fleirtal på Stortinget om å overføra kontroll- og reguleringsmyndigheita av norsk vasskraft og energiproduksjon til ACER, EU sitt energibyrå. Arvesølvet vårt, det som bygde landet, vår felles eigedom vart gitt bort over hovudet på det norske folk. Kvar vert det av innhaldet av slagorda til Arbeidarpartiet om «fellesskap» og «demokrati», Støre?

Ei liknande overkøyring av det norske folk skjedde då regjeringa og eit fleirtal på Stortinget vedtok å overføra det norske Finanstilsynet til EU sin sentralbank i Frankfurt. Dette skjedde etter store protestar frå det norske folk og var klårt i strid med den norske grunnlova. For eit stort hykleri det er av doke, Jonas Gahr Støre og Erna Solberg, å feira nettopp Grunnlova og demokratiet den 17. mai etter at de har gjort desse grunnlovsstridige handlingane.

På område etter område grip EØS-avtalen inn i eksisterande ordningar for å tilpassa dette til sitt eige regelverk. Og det kan verkeleg setjast eit stort spørsmål til demokratiet i Noreg når norske husstandar får påbod om å erstatta dei gamle straummålarane sine med dei såkalla AMS-målarane. Desse målarane registrerer automatisk både kor mykje og når på dagen me forbrukarane brukar straum.Med ein slik målar kan dei justera prisane opp eller ned i høve til når forbruket er størst.

Mange av dei som har installert slike AMS-målarar har fått ulike grader av fysiske plager på grunn av stråling frå dei nye målarane. Andre har av ulke årsaker vore «før var» og sendt legeattest til kraftselskapa for å informera om at dei reagerer negativt på elektrisk stråling.

Dette tolerer ikkje norske kraftselskap, og som straff må desse abonnentane betala mellom 1.800 og 2.500 kroner i årleg straffegebyr. Nokre stader i landet har kraftselskapa til og med stengt av straumen til dei «ulydige» straumkundane. Er det slik me vil ha det i Noreg?

Politikarane er tause til dette EØSrelaterte påbodet. Verken Jonas Gahr Støre eller Erna Solberg ,som begge lovpriste demokratiet på 17. mai, har ytra seg om desse straffetiltaka.Er dette det nye demokratiet eller er det new public management?

Dersom det er det, er verken Jonas eller Erna verdige til å få folk si tillit til å styra Noreg. Noreg må «ala opp» politikarar som tenkjer meir på demokratiet, og leggja til rette for å byggja landet for fellesskapet, istadenfor å leggja seg paddeflate for EØS-regelverket og sin eigen karriere. Folket må velja kven som er verdige til å vera våre tillitsvalde på Stortinget, og ikkje partielitane. På den måten vil me unngå å få politikarar som får vervet sitt for lang og tru teneste eller retoriske nådegåver.

Slik det er i dag let dei marknadskreftene styra utan samfunnsbyggjande mål, berre med ein ting for auga; profitt.Staten, det offentlege, må igjen bli lokomotivet i samfunnsbyggjinga. For å få det til er fyrste steget å sei opp EØS-avtalen med EU, slik at me får attende sjølvråderetten og igjen blir herrar i eige hus. Då kan me verkeleg feira 17. mai, demokratiet, grunnlova og syngja «Ja, vi elsker dette landet...»