Usanne p

«To direktørar og EØS-avtalen»

BAUTA: - All uro knytta til den britiske utmeldinga frå EU skuldast uvilje både frå parlamentsmedlemmer og frå EU-kommisjonen. Statsminister Theresa May derimot står som ein bauta i respekt for resultatet av folkerøystinga og kjempar for ein Brexit med avtale om korleis samlivet med EU skal halda fram etter utmeldinga er blitt verksam.   Foto: Alastair Grant, AP.

Glorifiseringa av EØS er løgn og bedrag ovanfor det norske folk

debatt

I debattinnlegget «Viktig EØS-avklaring fra Island» i Folkebladet den 11.04.2019 i samband med at det islandske Alltinget skal sei ja eller nei til ACER, kem det fleire løgner og usanne påstandar om EØS-avtalen sin positive verknad for Noreg.

Det er direktørane Stein Lier Hansen i Norsk Industri og Knut Kroepelin i Energi Norge som serverer desse uhaldbare påstandane for lesarane av avisa.

Fyrst er det viktig å understreka at samarbeid er viktig. Samarbeid tufta på vilje og ynskje om å skapa gode relasjonar er fruktbart når alle partane har full sjølvråderett og på fritt grunnlag kan bli samde med dei andre partane om korleis dette samarbeidet skal fungera.

Noreg hadde eit slikt samarbeid med EF (EU) gjennom den gamle handelsavtalen mellom EF og Noreg frå 1973. Dette samarbeidet var tosidig. Det tyder at Noreg og EF var likeverdige partar. Noreg hadde hundre prosent handlingsrom og dermed sjølvråderett til å driva både distrikspolitikk og internasjonal politikk i samsvar med nasjonale interesser.

Men Gro Harlem Brundtland, den statsministeren frå Ap som la grunnlaget for bedriftsøkonomisk styring av landet vårt, ville at Noreg skulle bli medlem av EU. (EU er eit system for organisert bedriftsstyring av nasjonalstatar og unionen). Framføre folkerøystinga i 1994 om ja eller nei til EU-medlemsskap var ho usikker på stemmegivinga til det norske folk og kom med mange trugsmål om mange negative konsekvensar dersom det vart nei fleirtal. For å heilgardera seg mot eit eventuelt nei, og for å tilretteleggja for marknadskreftene og EF sin fri flyt politikk i Noreg, klarte ho å overtyda eit fleirtal på Stortinget til å akseptera EØS-avtalen mellom Noreg og EU.

Overgangen frå den «gamle» handelsavtalen, som framleis ikkje er sagt opp av nokon av partane, førte til at Noreg ga frå seg sjølvråderetten til EU. Lovar og direktiv frå EU, istadenfor frå Stortinget, bestemmer blant anna kva stat og kommune får lov til å gjera for å stimulera distrikts- og nasjonal utvikling i Noreg. Det har og ført til store kostnader for offentleg sektor å setja seg inn i , og etterleva alle påboda frå EU.

Sidan EU-EØS først og fremst tilrettelegg for næringslivsverksemder med konkurranse og marknadsstyring, kjem det og krav om privatisering av offentlege verksemder, som til dømes barnehagar, helseinstitusjonaer, jarnbane, drift av treningshallar og utleige av treningslokale osv.

Så til dei to direktørane som synest blotta for samfunnsbyggjande heilskapssyn. Dei skriv blant anna «EØS-avtalen har bidratt betydelig til utvikling av den norske velferden. Veksten har kommet lokalsamfunn over hele landet til gode i form av arbeidsplasser, store ringvirkninger og betydelig verdiskapning».Dette er generelle påstandar utan konkret å vise til kvar dette skjer. Når det gjeld arbeidsplassar og fri flyt av arbeidskraft for å dekkje opp for behov i Noreg, var dette og fullt mogeleg gjennom den «gamle» handelsavtalen, men då i meir regulerte og kontrollerte former.

Direktørane viser til den opprivande ACER-debatten, ein konsekvens av EØS, spørsmålet om å overføra kontroll- og reguleringsmyndigheita av norsk vasskraft og energiproduksjon til ACER, EU sitt energibyrå. Denne debatten vart opprørande med rette. 120 Ap-ordførarar og store delar av fagrørsla var sterkt imot å «gi bort» arvesølvet vårt, det som ga grunnlaget for vekst og utvikling i landet. Dette skulle vera på norske hender. Men Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide i god Gro Harlem Brundtland-ånd ville noko anna. Saman med regjeringa og eit fleirtal på Stortinget vart det tommelen opp for å gi bort arvesølvet vårt til ACER.

Facto — kunnskapssenter for fagorganiserte, har utarbeidd ein rapport om konsekvensane av auka eksport av kraft frå Noreg gjennom transportkablar til kontinentet. Det vil auka både straumprisar og nettleigeprisar i dette landet. Direktørane avviser i innlegget sitt denne konsekvensen av ja til ACER. Men fråsegner frå vanlege straumkundar viser til ei merkbar auke både av straumpris og av nettleige. Kan hende direktørskiktet saman med regjeringsmedlemmer og eit fleirtal på Stortinget slepp å betala straumekningane sine sjølve, eller dei lever i si eiga boble og ikkje registrerer desperasjonen mange vanlege folk opplever ved dei auka straum- og nettleigeprisane.

Direktørane unngår å nevne korleis EØS fekk konsekvensar for ei rekkje norske verksemder i samband med den nye energilova som vart vedtatt av Stortinget i 1991. Frå då vart elektrisk straum gjort til ei vare. Tidlegare hadde ulike kraftselskap inngått kraftkontraktar med ulike storbrukarar av elektrisk kraft for ein periode på frå 40 til 60 år. Desse kontraktane gjekk ut mellom 2005 og 2011. I 1999 la dåverande energiminister Arnstad fram forslag om å vidareføre dei stortingsbestemte gunstige kraftavtalane for ekstra kraftkrevjande verksemder. ESA, EU/EØS sitt overvakingsorgan, sette foten ned for dette og krevde at kraftavtalane skulle retta seg etter marknadspris.

Dette resulterte i at industriinvesteringar stoppa opp og verksemder vart nedlagde etter kvart som kraftkontraktar gjekk ut. Dette var verksemder som Lilleby i Trondheim, Meråker i Nord-Trøndelag og Hafslund i Østfold. EØS var og grunnen til at Rena kartongfabrikk måtte leggje ned verksemda si. ESA og EØS ville ikkje godkjenne ein finansieringsplan, der både stat og kommune var involverte , for å få verksemda på fote i etterkant av økonomiske problem. Rena kartongfabrikk var hjørnesteinsverksemda i kommunen og ein treng ikkje stor fantasi eller empati for å skjøna korleis nedleggjinga av verksemda virka inn på lokalsamfunner og den einskilde arbeidstakar som mista levebrødet sitt.

Direktørar — de må slutta å servera løgner om alt det positive EØS har gjort for den norske velferden. Tvert om har EØS ført til ei rekkje nedleggingar av verksemder . Det mest graverande er at EU overstyrer det norske Stortinget , som i samsvar med grunnlova skal vera den lovgivande institusjonen i Noreg. De poengterer og at «EØS-avtalen gir ... tilgang til et marked med 500 milloner innbyggere». Direktørane må vera klåre over at denne marknaden ikkje dunstar bort om Noreg erstattar EØS-avtalen med ei modernisert utgåve av den gamle handelsavtalen. EU vil framleis ha behov for den norske fisken, så trugsmåla dykkar om at mange arbeidsplassar er i fare , er skræmestrategi.

Den same skræmepropagandaen vart nytta i forkant av folkerøystinga i 1994 dersom eit fleirtal sa nei til EU-medlemsskap. Då ville Noreg mista 100.000 arbeidsplassar. Det motsette skjedde. Næringslivsaktiviteten auka. Direktørane peikar og på at «Det finnes ingen avtaler som har fordeler bare for den ene parten. Det begynner nå gradvis å gå opp for Storbritannia, og det har for lengst gått opp for Sveits.»

Det er skræmande kor lite direktørane er orienterte om bakgrunnen for Brexit, Storbritannia si utmelding av EU. Eit fleirtal av dei britiske borgarane røysta for Brexit fordi dei ville ha sjølvråderett og at Parlamentet, nasjonalforsamlinga, skal laga lovar for britane, ikkje EU-kommisjonen. Eit fleirtal av dei folkevalde i Parlamentet både blant dei konservative og blant Labour sine representantar repekterer ikkje resultatet av folkerøystinga (den same situasjonen som me har i Noreg der verken regjering eller eit fleirtal på Stortinget respekterer resultatet frå to folkerøystingar om for eller mot EU-medlemsskap.)

All uro knytta til den britiske utmeldinga frå EU skuldast uvilje både frå parlamentsmedlemmer og frå EU-kommisjonen. Statsminister Theresa May derimot står som ein bauta i respekt for resultatet av folkerøystinga og kjempar for ein Brexit med avtale om korleis samlivet med EU skal halda fram etter utmeldinga er blitt verksam. Dette er frå ein statsminister, som i utgangspunktet hadde ynskje om å halda fram som medlem av EU. Jonas Gahr Støre, Erna Solberg, Trine Skei Grande — de har alle mykje å læra av Theresa May.

Når det gjeld Sveits, er det meir demokratisk styresett der enn det direktørane synest å ha kunnskapar om. Då Sveits ville innføra tiltak mot sosial dumping, det at det var ulik betaling for likt arbeid, vart dei møtt med straffetiltak frå EU! Det er vanskeleg ut frå debattinnlegget til dei to direktørane å sjå føre seg kva slag framtidsbilete dei har av velferdstilboda og arbeidsvilkåra til dei 500 millionane i EU og dei fem-seks millionane i Noreg.

Debattinnlegget i Folkebladet og glorifiseringa av EØS-avtalen er nedslåande fordi EU vil erstatta det offentlege, sjølve lokomotivet, si rolle i samfunnsbyggjinga med ei mest mogeleg privatisering av offentleg sektor og dermed mest mogeleg profitt skapande verksemd. Den liberaliseringa/privatiseringa av offentleg sektor, som EU-EØS legg opp til, starta tidlegare i Storbritannia enn i Noreg, og skadeverknadene viser seg no tydlegare der enn i Noreg. Frå 1945 til 1960 åra bygde britane opp den mest imponerande velferdsstaten i Europa. Etter tiår med nyliberal EU- EØS-politikk, er det berre ruinar att av denne mønsterstaten.

Frå 2010 starta regjeringa med ein stor reform av offentleg tenesteyting. Det skulle skjerast ned meir og meir på dei offentlege budsjetta. Resultatet er ein håplaus fattigdom for stadig fleire menneske i Storbritannia. Det same er i ferd med å skje i Noreg, Stadig fleire grupper av menneske som er avhengige av offentleg stønad får denne redusert eller kutta.

Direktørar, dette er EØS-politikk! Glorifiseringa av EØS er løgn og bedrag ovanfor det norske folk.Noreg som Storbritannia har hatt eit godt og velfungerande velferdssystem. Dette er eit samfunnssystem som det tar lang tid med offentleg politisk styring å byggja opp, men som det med liberalisering, privatisering, fri flyt, marknadsstyring og ansvarsfråskriving går fort å riva ned.

Eit viktig steg for å ta vare på velferdsstaten vår og vidareutvikla han er å erstatta EØS-avtalen med ei modernisert utgåve av «den gamle» handelsavtalen. Det vil både private verksemder, det offentlege Noreg og folket vera tente med.