Det viktigste for Ola og Kari er ein god velferdsstat:

EØS — to ulike planetar

HØY PRIS: - Vasskrafta vart overført til ACER, EU sitt energibyrå. Begge desse overføringane er brot på den norske Grunnlova. Straumkablane til EU har ført til ein stor eksport av kraft, og norske forbrukarar og bedrifter har fått skyhøge straumrekningar, skriv Olav Flaate.   Foto: Trond Sandnes

Når skal NHO tenkje meir på velferd for folk enn på profitt for NHO-verksemdene?

Olav Flaate

ARTIKKELFORFATTER: Oalv Flaate.  Foto: Linda Pedersen

debatt

I eit svarinlegg til artikkelen min «Leve EØS — «drit» i Noreg og sjølvråderetten» skriv Målfrid Baik, regiondirektør i NHO Arktis; «EØS — mye mer enn en handelsavtale». Ja, det skal gudane vita at det er. I meir enn 25 år har norske styresmakter både på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå fått merka fjernstyringa frå Brüssel.

Regiondirektøren i NHO Arktis og eg synest å vera på to ulike planetar med to ulike filosofiar både når det gjeld vilkåra for den nasjonale samfunnsbyggjinga, og vilkåra for det politiske, kulturelle og økonomiske samkvemet med EU. Noreg må på fritt grunnlag gjennom dei politikarane me uheldigvis no har på Stortinget og i regjeringa, gjennom lovar og politiske vedtak bestemma både korleis landet skal utvikla seg, og korleis tilhøvet til både EU og resten av verda skal vera.

Eg freista i debattinnlegget å peika på at sjølvråderetten er alfa og omega i politikken og at EØS tar frå oss denne. Dette må regiondirektøren ha skumlese, og eg føler difor at eg må presisera at Noreg fekk Grunnlova si i 1814, og etter 1905, med slutt på unionen med Sverige var norske borgarar «herrar i eige hus» —sjølvråderetten var fullkomen.

Stortinget, den lovgivande forsamlinga i landet, skulle laga lovar og direktiv for å fremja demokrati og utvikling. Med dei andre institusjonane, regjering og domstolar, det utøvande og det dømande maktapparatet, var grunnlaget for ei demokratisk utvikling i Noreg tilstades.

Lat oss skru tida litt framover og gjera oss ferdige med den 2. verdskrigen. Då fekk det norske folk igjen kjenna på gleda over sjølve å kunna bestemma utviklinga i kongeriket. Det norske flagget gjekk til topps på flaggstengene og ingen direktiv, verken frå Berlin eller Brüssel. Fellesskapskjensla var stor, og å leggja til rette for distriktsutvikling var viktig for dei folkevalde.

Med hundre prosent sjølvråderett kunne stortingspolitikarane gi offentleg økonomisk stønad til tiltak der det var behov for det. For å stimulera gründarar vart DU, Distriktenes Utviklingsfond, etablert. Der kunne kreative folk søkje om midlar til startkapital. Den gongen var det ikkje noko ESA som la ned eit forbod fordi slik stønad kunne vera konkurransevridande. Det er slik det skal vera i eit fritt land, i tillegg til at politikarane arbeider for folk og land, og ikkje for kapitalkreftene.

Historia viser oss og at det norske folkeferd var aktive å søkja kontakt med andre nasjonar, og har etablert gode relasjonar, både kulturelt og handelspolitisk med mange land i verda. I 1973 inngjekk Noreg ein tosidig handelsavtale med det som den gongen vart kalla EF. Noreg og EF var to likeverdige partar. Det norske politiske systemet la samstundes til rette for dyktige entreprenørar og anna næringsliv i Noreg, og utvikla i fellesskap den velferdsstaten me no ser er i ferd med å forvitra på fleire område.

Offentleg sektor var lokomotivet i samfunnsbyggjinga. I tillegg til politikarar og entreprenørar som tenkte me/vi — fellesskap og ikkje eg (personleg vinning) var Noreg velsigna med rikeleg tilgang på naturressursar. Vasskraft (arvesølvet vårt), og etter kvart olje- og gassutvinning og rike fiskeressursar og skatteinnkreving, har vore grunnlaget for velferds- og velstandsutviklinga i Noreg. Ei utvikling me styrde sjølve. Det vart blomstrande lokalsamfunn med grendeskular, politi, sjukeheimar, legekontor og kulturhus. Og me fekk lov om Folketrygd. Folk kjende seg trygge.

Gro Harlem Brundtland og EØS-avtalen frå 1994 kom som ein kaldgufs inn i norsk samfunnsliv og offentleg styre og stell. Direktiv frå Brüssel instruerte det offentlege Noreg korleis offentlege innkjøp og byggeprosjekt skulle organiserast!

Regiondirektøren skriv om alle eksportverksemdene som i handel med EU «skaper tusenvis av arbeidsplasser , som igjen gir inntekter som gjør det mulig å ivareta et høyt velferdsnivå i hele landet». Dette kunne ha vore ein del av ein festtale, og som mange festtalar er det rein svada. Regionleiaren nemner ikkje at det var EØS som var årsaka til at det norske finanstilsynet var overført til Frankfurt og EU, og arvesølvet vårt — vasskrafta vart overført til ACER, EU sitt energibyrå. Begge desse overføringane er brot på den norske Grunnlova.

Straumkablane til EU har ført til ein stor eksport av kraft, og norske forbrukarar og bedrifter har fått skyhøge straumrekningar. EU og EØS er skreddarsydd for NHO. På den eine sida kontrollerer EU arbeidslivslovgivinga til fordel for NHO verksemdene, og på den andre sida reduserer og den EU-venlege regjeringa skattetrykket for dei same verksemdene. Ei side av same saka er skattereduksjonen til dei rikaste her i landet. Nokre av konsekvensane er at velferdsytingar til folk som treng det, vert fjerna. Dei som treng det mest mister den tryggheita dei hadde.

«For enkeltmennesker og bedrifter er EØS-avtalen en bidragsyter til trygghet og stabilitet», skriv Målfrid Baik. Kvifor er det då stadig fleire innan fagrørsla som ynskjer å sei opp EØS-avtalen? Med alle direktiva som strøymer inn over landet, mest som lyn frå klar himmel, skapar det utryggheit og ustabilitet. Når regiondirektøren framhever EØS fordi Kari og Ola får det så bra som forbrukar, pasient, student eller turist i EU, er det igjen eit døme på «Leve EØS — «drit « i Noreg og sjølvråderetten».

Det viktigaste for Kari og Ola er at dei har ein god velferdsstat i Noreg. Det er trass alt der dei er mesteparten av tida. Dei fleste tykkjer at det er positivt å samhandle med nabostatar og EU — men det må vera på eit fritt tosidig grunnlag.

Målfrid Baik avsluttar innlegget sitt slik: «For at vi skal bevare den norske velferden og skape nye arbeidsplasser i bygd og by, må vi møte fremtiden sammen, ikke hver for oss». Eg kunne ikkje ha skreve det betre sjølv, men det er utan EØS og med ein handelsavtale med EU der Noreg og EU er likeverdige partar utan direktiv frå Brüssel. Noko av det siste frå den kanten no, er at Brüssel vil førehandsgodkjenna lovar og forordningar frå norske styresmakter for å hindre at dei kan vera i strid med EU sine konkurransereglar.

Eg må nok ein gong minna regiondirektøren i NHO Arktis om at fleirtalet av det norske folk røysta nei til EU-medlemsskap i to folkerøystingar, 1972 og 1994. Den dynamiske EØS-avtalen, slik han har utvikla seg, har innlemma fleire ting som folk røysta nei til i folkerøystingane. Når skal NHO tenkje meir på velferd for folk enn på profitt for NHO-verksemdene?