Herre i eige hus, eller husmann prisgitt ein herre?

EØS er ikkje ein reiskap for å utvikle det norske samfunnet på Noreg sine premissar

LYSE UTSIKTER: - Når det gjeld arbeidsplassar innan fiskerisektoren, vil det vera lyse utsikter utan EØS-avtalen, sjølvom Støre/Myrseth harsellerer over dette argumentet i debattinnlegget sitt. I tillegg til EU-marknaden ligg det ein global marknad og ventar på proteinrik fisk frå Noreg, skriv Olav Flaate.   Foto: Vidar Bjørkli

debatt

Jonas Gahr Støre, leiar av Ap og statsministerkandidat for partiet, og Cecilie Myrseth, fiskeripolitisk talsperson for Ap på Stortinget, har saman skreve eit debattinnlegg i fleire nordnorske aviser. Debattinnlegget har titelen «EØS-avtalen for fisk og folk»

EØS-avtalen er ikkje noko mål i seg sjølv, men ein reiskap for å gjera livet betre for folk i Noreg, skriv dei i dette innlegget. Men lat oss gå litt attende i historien. EØS er den handelsavtalen som statsminister Gro Harlem Brundtland og, dåværande sekretær ved statsministeren sitt kontor, Jonas Gahr Støre, presenterte for Stortinget og som eit fleirtal der røysta «ja» til. Statsminister Brundtland sin plan var å knyta Noreg tettast mogeleg til EU dersom det skulle bli nei-fleirtal ved folkerøystinga i 1994.

Ho sette i verk denne prosessen saman med noverande Ap-leiar Jonas Gahr Støre trass i at Noreg på den tida hadde ein handelsavtale med EU. Dette var ein handelsavtale som sikra Noreg full sjølvråderett både i innanrikspolitiske og utanrikspolitiske saker. Handlingsrommet for Noreg var dermed hundre prosent. EU og Noreg var likeverdige partar. Etter at eit fleirtal på Stortinget og dåværande regjering sa ja til EØS-avtalen, har leiande ja-tilhengjarar kvar gong dei har deltatt i ulike EU-relaterte TV-program, glorifisert EØS-avtalen for det norske folk. «EØS-avtalen tener landet godt», slik Støre/Myrseth gjer det i dette innlegget, unnateke ein ting, for dei skriv, «ikke minst langs kysten».Denne påstanden, servert gong etter gong i media, grensar til løgn.

Men folk har — i alle høve hadde — tillit til politikarane og trudde på løgnene. «Oppslutningen om EØS er heldigvis stor og økende i befolkningen» poengterer Støre. Ja, med uimotsagde glorifiseringar av EØS av Støre sjølv og andre EØS-tilhengjarar i media, er vel det naturleg. Folket hadde tiltru til politikarane. Når derimot fleire ting ved EØS-avtalen kjem som ein kaldgufs inn i samfunnsliv, distriktsutvikling, næringsliv og arbeidsliv, har truverde til våre folkevalde dalt tilsvarande.

Det er noko grunnleggjande galt som skjer når EØS-avtalen «flyttar» den lovgivande forsamlinga vår frå Stortinget til Brüssel. Om lag 12.000 direktiv/lover frå EU er blitt innlemma i det norske lovverket. Desse bestemer blant anna at kommunale og andre offentlege styresmakter ikkje lenger utan vidare kan gjera innkjøp av varer og tenester lokalt. Det same gjeld for investeringar i større prosjekt. Dersom kostnadene til dette går over ei viss kostnadsramme, må prosjektoppdraget lysast ut i heile EU/EØS-området. Dette utgjer ein stor kostnad for offentlege styresmakter. I tillegg kjem «medlemsskapskontigenten», betalinga for det å vera med i EØS-klubben, som utgjer mange millionar kroner i året.

Fylgjene av anbodskravet i EØS var at fleire lokale leverandørar mista livsgrunnlaget sitt. Overstyringa frå EU gjer seg og gjeldande i næringslivet. I 1996 gjekk Rena kartongfabrikk, hjørnesteinsverksemda i Åmot kommune, konkurs. Dåværande ordførar i Åmot kommune, Åse Grønlien Østmoe (Sp), arbeidde iherdig for å redda «Kartongen».Sparebanken Hedmark, SND og Rena Kartongfabrikk kom fram til ei finansiell løysing, som ville gi billegare drift. Men ESA, EU sitt kontrollorgan, godtok ikkje denne finansieringsplanen, og difor var alt håp ute. 30.10.1998 var konkursen eit faktum og 170 tilsette mista arbeidet.

Ordførar Åse Grønlien Østmoe kommenterte dette slik: «Det er spesielt bittert å sjå at vi itte styrer i eget hus, at det ligger i utlandet. Vi skal også opprettholde vårt land og våre ressurser». Jonas Gahr Støre; dette var arbeidsplassar i eit lokalsamfunn, som sårt treng arbeidsplassane for å oppretthalde folketalet. EØS-avtalen sette ein stoppar for det.

Framføre folkerøystinga i 1994 om Noreg skulle bli medlem av EU eller ikkje, serverte ja-sida, med Gro Harlem Brundtland og NHO, påstanden om at eit nei til EU-medlemsskap ville resultera i eit tap av 100.000 arbeidsplassar! Det verkelege resultatet var at talet på arbeidsplassar hadde ein merkbar stigning. Når det gjeld arbeidsplassar innan fiskerisektoren, vil det vera lyse utsikter utan EØS-avtalen, sjølvom Støre/Myrseth harsellerer over dette argumentet i debattinnlegget sitt. I tillegg til EU-marknaden ligg det ein global marknad og ventar på proteinrik fisk frå Noreg.

Lat oss difor sjå på noko statistikk frå 2017: Eksport av fisk til EU ligg på 61 prosent i 2017. Storbritannia, som nå går ut av EU, kjøpte i 2017 110.000 tonn fisk. Av totaleksporten til EU på 1,6 millionar tonn blir dette 6,5 prosent. Med andre ord vil EU i 2019 kjøpe ca. 55 prosent av den fisken som går til eksport.

Isen har smelta mellom Kina og Noreg. Det same vil han gjera i høve til Russland dersom Høgre og Støre lyttar til Kåre Willoch og opphever dei EU-bestemte sanksjonane mot Russland på grunn av anekteringa av Krim halvøya. Russland var eit svært viktig importland av norsk fisk før boikotten av Russland i 2014. Importen var mykje høgare enn det landet i EU som importerte mest fisk frå Noreg. Russland importerte då 292.000 tonn med høg importtoll, medan Danmark, som var det fremste importlandet i EU, importerte 231.000 tonn med mykje lågare toll enn Russland.

Det er vidare litt underleg at Støre/Myrseth trekkjer inn veterinæravtalen med EU som garantisten for kvalitet på norsk fisk til EU-marknaden. Kanskje er veterinærkontrollen god nok for EU, men norske styresmakter slutta seg til EU-direktivet frå EU, og det reduserte kontrollen av grensekryssande matvarer i høve til den norske standarden til veterinærkontroll. Det skulle vera mest mogeleg fri flyt av alle slag varer, både mat og andre varer. Profitten synest å vera viktigare enn folkehelsa.

«Oppslutningen om EØS er heldigvis stor og økende i befolkningen» poengterer Støre. Ja, med uimotsagde glorifiseringar av EØS av Støre sjølv, og av andre EØS-tilhengjarar på TV, er vel det naturleg. Folket hadde tiltru til politikarane. Støre/Myrseth nemner ikkje at store delar av fagrørsla no seier nei til EØS. Det nyttar lite å snakka om å utnytta det mykje uttalte handlingsrommet for å overtyda fagrørsla om det gode ved EØS. Dei kjenner på kroppen korleis EU overstyrer regelverket for det norske arbeidlivet.

Når leiaren i Ap, og Ap sin statsministerkandidat Jonas Gahr Støre, snakkar om handlingsrommet i EØS-avtalen, virkar det litt rart. Noreg, som eit suverent land, skal ha hundre prosent handlingsrom. I dag overstyrer til og med EU norsk Høgsterett. Med EU-EØS sin fri flyt av arbeidskraft er det skapt kaotiske tilstandar innan ei rekkje bransjer av arbeidslivet. Det er blitt sosial dumping, underbetaling og dårlegare arbeidsvilkår for mange arbeidstakarar. Dette har enda med at seriøse entreprenørar , som fylgjer lov og avtaleverket, har måtta avvikla verksemdene sine.

Det var vidare mest sjokkarta reaksjonar i store delar av det norske folket då Jonas Gahr Støre slutta seg til regjeringa med å gjera kontrollen med og styringsretten til norsk vasskraft og energiproduksjon til ein del av EØS-avtalen. Arvesølvet, grunnlaget for norsk velstandsoppbyggjing vart overført til ACER, EU sitt energibyrå. Dette var Jonas Gahr Støre med på trass i at 120 Ap-ordførarar protesterte mot denne overføringa.

Kvar er respekten for folket sin eigedom og for alle dei ordførarane i dette landet, som vart overkøyrde av partileiinga? Verken Jonas Gahr Støre eller Espen Barth Eide har kommentert, at dei vilkåra dei sette opp for å slutta seg til regjeringa sitt forslag om å overføra «arvesølvet» vårt til ACER ikkje er juridisk bindande ovanfor EU. Jonas Gahr Støre og Ap støtta og den blåblå regjeringa med å overføra det norske finanstilsynet til EU sitt finanstilsyn i Frankfurt som ein del av EØS-avtalen. Kvifor?

Så korleis er det mogeleg for nokon å vera i halleleluja-stemning når det gjeld EØS-avtalen? Slik EØS har influert den norske samfunnsmodellen har han vore, og er, som ein husmannskontrakt for det norske folk å regne. Folket må godta alt som kjem frå Brüssel. EU er rett nok ein viktig marknad for norske varer. Men ein stor del av det norske folk ynskjer at denne handelen skal vera regulert slik at Noreg og EU vert likeverdige partar og dermed fri Noreg for overstyringa frå Brüssel.

Når Jonas Gahr Støre, Ap sin statsministerkandidat, einsidig fokuserer på at EØS-avtalen er nærast «livsviktig» for norsk sjømat til EU og fiskeriarbeidsplassar, og gløymer all styringa av Noreg som er overført til Brüssel, er det sterkt urovekkjande. Noverande, såkalla dynamiske EØS-avtale, (at han utviklar seg i samsvar med alle påfunna EU-kommisjonen kjem med) vert meir og meir som eit EU-medlemsskap utan røysterett.

Dette er verre enn det medlemsskapet det norske folk sa nei til både i 1972 og i 1994. Jonas Gahr Støre og Gro Harlem Brundtland har aldri akseptert resultata av desse folkerøystingane. EØS er ikkje ein reiskap for å utvikle det norske samfunnet på Noreg sine premissar.

«For Arbeiderpartiet er ikke EØS-avtalen et mål i seg selv» skriv Støre/Myrseth. Det har dei heilt rett i. Støre sjølv er EU-tilhengjar og ynskjer at Noreg skal bli medlem av EU. EØS er ein nyttig reiskap til å nå dette målet.Når han kunne vera med på å gi det norske arvesølvet til ACER og EU, kan han i framtida vera med på å gi kontrollen med norske fiskeriressursar til eit eventuelt Fiskeribyrå i EU.

Det norske folk derimot er mest tente med å få erstatta EØS-avtalen med ein tosidig handelsavtale med EU. Det er stor forskjel på å vera herre i eige hus og å vera ein husmann prisgitt ein herre.