Går særleg ut over distrikts-Noreg

Behov for en stortingsreform om EØS og EU

TENESTER?: - Kva gjer eigentleg regjering og storting av tenester for det norske folk bortsett frå bit for bit å gi bort norsk sjølvråderett til EU? spør Olav Flaate.   Foto: Trond Sandnes

Noreg er eit land som flyt over av mjølk og honning

Olav Flaate

ARTIKKELFORFATTER: Olav Flaate.  Foto: Linda Pedersen

debatt

Det er behov for ei stortingsreform. Kvifor? Ulike reformar har har tilliks med EU direktiv hagla ned over det norske folk under den blå-blå regjeringa. Dei synest alle å ha ei målsetjing; effektivisering , sparing og privatisering; heilt i samsvar med den økonomiske politikken i EU.

Våre folkevalde tillitsmenn og kvinner på Stortinget og i regjering har heile tida fortrengt at fleirtalet av det norske folk i to folkerøystingar har sagt nei til EU-medlemsskap. Gro Harlem Brundtland trua det norske folk med at Noreg ville mista 100.000 arbeidsplassar dersom Noreg ikkje vart medlem av EU. For å heilgardera seg, og knyta Noreg tettast mogeleg opp til EU, tok ho og Jonas Gahr Støre initiativ til EØS avtalen, som eit fleirtal på Stortinget sa ja til, sjølv om landet hadde ein handelsavtale med EU.

EØS-avtalen påverkar i dag dei fleste samfunnsområda i landet så sterkt at han er i ferd med å øydeleggja den norske velferdsstaten. Ved å reflektere litt over dei ulike reformane frå sjukehusreform, nærpolitireform, forsvarsreform, universitets- og høgskulereform og kommune og regionalfreform, oppdagar ein oversrtyringa frå Brüssel.

EU sin fri flyt- og sparepolitikk for å bli «den sterkaste kunnskapsbaserte økonomien i verda» har dermed sigra over Kari og Ola sitt ynskje om å byggje landet, slik at det kan vera lys i husa frå nord til sør, frå aust til vest. Den blå-blå regjeringa, ut frå sin ideologiske ståstad og med god hjelp frå Brüssel, vil at meir og meir skal styrast etter bedriftsøkonomiske prinsipp. Difor er offentlege institusjonar delte opp i resultateiningar. Alt skal gå med overskot. Denne bedriftsøkonomi tankegangen starta for alvor med Gro Harlem Brundtland som statsminister.

Linda Hofstad Helleland (H) er vel den politikaren som gjorde det klårt for alle at regjeringa hennar «ville klemma så mykje ut av tuben» for den eksisterande samfunnsbyggjingsmodellen, at det skulle bli vanskeleg å koma attende på same sporet igjen. Statsrådane som var i «krigen» for reformane og nedbyggjinga av velferdsstaten, bortsett frå helse- og omsorgsminister Bent Høye, er skifta ut med utkvilte folk for å gjennomføra reform prosessen. Dette er til dels løyst med at dei gamle «krigarane» har fått nye departement.

I tillegg til dei «bedriftsøkonomiske og EU-tilpassa» reformane rana regjeringspartia i tillegg til Ap med den EØS-frelste leiaren, Jonas Gahr Støre, det norske folk for nasjonal sjølvråderett over norsk vasskraft og energiproduksjon. Trass i store protestar frå fagrørsla og grasrota i Ap, overførte eit fleirtal på Stortinget med frontfigurane Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide kontrollen med arvesølvet vårt til ACER — EU sitt energibyrå.

Noko liknande skjedde då eit stortingsfleirtal overførte det norske Finanstilsynet til EU sin sentralbank i Frankfurt. Begge sakene; overføringa av vasskraftkontroll og Finanstilsyn til EU, er i strid med den norske Grunnlova. Begge overføringane er og eit resultat av EØS-avtalen. Eit fleirtal av stortingspolitikarane synest å ha overført den grunnlovsgivande forsamlinga til Brüssel, for no kjem dei fleste lover og direktiv derifrå.

Kva gjer eigentleg regjering og storting av tenester for det norske folk bortsett frå bit for bit å gi bort norsk sjølvråderett til EU? Dei fleste av oss registrerer at det er skyhøge bustadprisar mange stader i landet og at leiarar i einskilde offentlege verksemder har «umoralsk» høge lønningar. Kva vert gjort for å endre på dette? Svar: Ingen ting.Desse, våre tillitsvalde i regjering og på storting har organisert helsetilbodet i Noreg i helseforetak, ein bedriftsliknande institusjon som skal gå med overskot.

Konsekvensane av sparepolitikken til våre folkevalde går særleg ut over distrikts-Noreg. Der høyrer me om både ambulansebåt og ambulansebiltilbod som vert kutta ut eller flytta. Andre stader om uverdig stell og pleie på omsorgsinstitusjonar. Tilbodet om helsemessig tryggleik for folk er fleire stader blitt ein salderingspost, ein post der politikarane kan redusera kostnader. Ei skam når det alltid er pengar til våre nye landsmenn. Det like viktig å ta vare på dei som var med på å byggja landet.

Noreg er eit land som flyt over av mjølk og honning. Styresmaktene er godt kjende med eldrebylgja, som bles inn over landet og med ei fornuftig økonomistyring, vil våre folkevalde kunne oppretthalde eit godt og trygt velferdstilbod til alle, både unge og gamle. Det er ikkje nødvendig at vårt felles oljefond skal veksa inn i himmelen, plasserast i aksjar, og drive skattekutt, når det er akutte både menneskelege og samfunnsmessige behov tilstades. Politikarane våre er styrte av direktiv frå Brüssel om sparing, sparing og mest mogeleg privatisering av offentleg sektor.

Denne krampaktige sparepolitikken kom tydeleg fram ovanfor bønder som vart sterkt skadelidande under den lange tørkeperioden i sumar. Dei måtte kjempe mot styresmaktene for å få økonomisk erstatning for å koma i balanse både økonomisk og mentalt. Det virkar som eit fleirtal på Stortinget og regjering har same haldninga til omsorg og velferd for det norske folk som romankarakteren Scrooge i Charles Dickens si «Ei julefortelgjing».

Alt saman, frå politikarane sine tåpelege reformar og nedbyggjing av velferdsstaten etter oppskrift frå EU, peikar mot at tida er overmoden for ein stortingsreform. Eit fleirtal av stortingspolitikarane har utruleg nok «outsourca»/overført den lovgivande oppgåva si til Brüssel. Prispolitikk — å setja eit tak for bustadprisar og lønningar til direktørar og andre leiarar av offentlege verksemder er overlatt til marknadskreftene.

I den EU-farga spare og effektiviseringspolitikken har faktisk eit fleirtal på Stortinget gjort det kunststykkjet — å gjera seg sjølve overflødige. Dei vil verken styra landet eller vedta lover. Når dei heller ikkje vil ha sjølvråderett, som i ACER og Finanstilsynet, som vart overført til EU , burde saka vera klar. For å unngå at eit fleirtal av dei folkevalde på Stortinget fjernar seg yttarlegare frå det «sunne bondevetet» og gir bort meir av folket sin eigedom til EU, må det vera i folket og landet si interesse å redusera talet på folkevalde på Stortinget tilsvarande talet på dei som vil ha ein EØS-avtale og overfører det norske folk sine ressursar til EU.

Med ei løn på om lag 800.000-900 000 kroner i året for ein stortingsrepresentant, er det her ein bra sum pengar å spare for den norske velferdsstaten. Samstundes kvittar me oss med folk som er meir lojale ovanfor EU enn ovanfor sitt eige folk og sitt eige heimland.