Det er ikkje berre grasrota i Ap og store delar av fagrørsla som er motstandarar av EØS-avtalen. Det same er 73 prosent av dei som har svart på ei meiningsmåling om EØS-avtalen på Høgre si Facebook-side.

Det synest som det no er i ferd med å spreie seg ein panikk blant EU-EØS-tilhengjarane. Presset mot EØS-avtalen aukar i styrke. Etter at næringsminister Torbjørn Røe Isaksen var ute i dagspressa og uttrykte uro over at stadig fleire frå Ap no seier nei til EØS-avtalen, virkar det som EØS-tilhengjarane har starta ein stafettliknande EØS-propaganda i fleire aviser.

Blant desse er stortingsrepresentant for Ap, Svein Roald Hansen, som peikar på at EØS-medlemskap gir «tryggere ferie» i EU-landa. Han nemner at me som turistar vil møte den same mattryggheita i EU som me har i Noreg.

Han nevner ikkje at EU reduserte kvaliteten på mattryggheita i Noreg både ved å tillate fleire tilsetjingsstoff i matvarer og tillate fleire fargestoff i matvarene. Både tilsetjingsstoffa og fargestoffa kan ha kreftframkallande skadeverknader.

Noreg hadde streng veterinærkontroll av import av kjøtt og levande dyr til landet for å hindre eventuell smitte. Føre var-prinsippet var rådande tankegang i Noreg før EØS- regelverket med sin profitt- tankegang tok til å infisere det norske lovverket.

Vette Wang Solheim, stortingsrepresentant for Høgre og leiar av Høgre sitt Europa-utval, hevdar at «pasientene trenger EØS». Han poengterer at Noreg si deltaking i EU sitt legemiddelnettverk gir oss store for-delar og gjer prosessen med å utgreia og godkjenna nye medisinar raskare. Dette må vera krampetrekningar frå Høgre, for Noreg hadde etablert et nært og tett samarbeid med EU på helsesektoren før stortingsfleirtalet sa ja til EØS-avtalen.

Magnus Thue, statssekretær for Høgre i nærings- og fiskeri- departementet, skriv i eit tilsvar til underteikna at «EØS-avtalen er verdifull for Norge». Der understrekar han at 80 prosent av eksporten vår går til EU og at EØS-avtalen dermed «utgjør forskjellen på liv og død for mange eksportbedrifter og arbeidsplasser.»

Det har dei siste to hundre åra utvikla seg eit naturleg og nært samarbeid mellom Noreg og Europa både handelspolitisk, kulturelt og på utdanings- og forskningsområde. Det var uavhengig av EØS-avtalen. Det nære samarbeidet mellom Noreg og EF, som EU då heitte, vart formelt gjennom den gamle handelsavtalen mellom EF og Noreg. Denne avtalen er ikkje sagt opp enno.

Med denne handelsavtalen var Noreg og EU likeverdige partar. Stortinget var då Noreg si lovgivande forsamling både i navnet og i gavnet. Den gamle Handelsavtalen sikra full sjølvråderett for norske styresmakter. Stortinget vedtok nødvendige lover for byggjing og tryggjing av landet på demokratisk vis. Med den såkalla «verdifulle EØS-avtalen» kom det eit kaldgufs inn i den demokratiske styring av landet. Frå då av skulle lovene/direktiva frå Brüssel leggje til rette for næringslivet og mindre for samfunnsbyggjing.

EØS-avtalen bestemmer at Stortinget, Noreg si demokratrisk valde nasjonalforsamling og lovgivande forsamling, skal gjera lover og direktiv vedtatt i Brüssel til gjeldande norske lover. Offentlege subsidier for å strimulere ulike produksjonsverksemder, offentlege institusjonar og midlar til å fremje distriktsutvikling vart bannlyste.

EØS-avtalen grip og meir og meir inn i samferdslesektoren på veg, sjø og jarnbane. Kabotasjeregelverket, eit regelverk for vegtransport bestemmer blant anna at utanlandske transportørar, som har frakt frå utlandet til Noreg kan ta tre transportoppdrag for norske verksemder medan dei er i landet. Med eit lønsnivå ein brøkdel av det norske seier det seg sjølv at dei utanlandske transportørane er eit trugsmål for næringsgrunnlaget for norske transportørar (bussar, vogntog og andre).

Det er ufatteleg at Magnus Thue er politikar. I eit demokrati , ei styringsform dei fleste seier at me har i Noreg, skal dei folkevalde lytta til eigne innbyggjarar, leggje til rette for arbeidsplassar og busetjing, infrastruktur og sikra gode offentlege tenester. Magnus Thue og EØS-tilhengjarane ynskjer at den upersonlege marknaden skal styra samfunnsutviklinga og direktiv/lover frå Brüssel (ca. 11.000 til no) skal sikra mest mogeleg profitt for næringslivet.

Demokratiet er skjørt, og det varer ikkje evig om me ikkje arbeider for det. Me er så heldige å ha ei grunnlov i Noreg, ei grunnlov som me feira 200 års bursdag for i 2014. Det er noko som har gått av hengslene når dei folkevalde, på Stortinget og i regjering, dei som er våre tenerar bryt det norske folk si grunnlov, den lova som skal sikre sjølvråderetten og at landet forblir «et frit, selvstendigt, udeleligt og uafhændeligt Rige», som det står i grunnlova.

Kva gjer «tenerane» våre? Dei overfører norsk sjølvråderett over finanstilsynet til EU og sentralbanken i Frankfurt. Dei overfører kontroll og reguleringsmyndigheita av norsk vasskraft og energiproduksjon, det norske arvesølvet, til ACER, EU sitt energibyrå. Begge desse vedtaka er i strid med grunnlova. Samarbeid mellom frie sjølvstendige land, samarbeid mellom frie menneske er eit gode for alle. Det er difor noko fundamentalt galt når eit land eller eit menneske blir diktert korleis ein skal samarbeida.

EØS-avtalen er ein slik dikterings- og kontrollavtale, og dermed ei tvangstrøye for det fridomselskande Noreg. ESA, EU sitt kontrollorgan, leitar med lys og lykte etter brot på konkurransereglane i EØS-avtalen. Dette er både nedverdigande og krenkande ovanfor det norske folk. Den dynamiske EØS-avtalen trollbind oss med nye direktiv på område etter område. Dette er ein provokasjon mot utviklinga og tryggjinga av demokratiet i Noreg.

Det er fullt mogeleg å seia opp EØS-avtalen. Det står i artikkel 127 av EØS-avtalen: «Hver avtalepart kan trekke seg fra denne avtale ved å gi minst tolv måneders skriftlig varsel til de andre avtaleparter. (…) Straks etter varselet om at en avtalepart akter å trekke seg fra avtalen, skal de andre avtalepartene sammenkalle en diplomatisk konferanse for å vurdere de endringer det måtte være nødvendig å gjøre i avtalen.»

Olav Flaate Foto: Linda Pedersen