17. mai 2018, grunnlovsdagen, folket sin dag, er historie. Kvart år minner denne dagen oss om at Noreg fekk si eiga grunnlov. Steinrøysa, landet vårt langt mot nord var lite, men det var vårt og det var rikt på naturressursar.

Etter ei lang unionstid med Dannmark var det ei god kjensle for mange nordmenn å få meir sjølvråderett. Med grunnlova vår frå Eidsvoll 17. mai 1814 steig sjølvkjensla hos nokon og kvar. Det var stor fattigdom i Noreg på den tida og husmannsvesenet var ein del av samfunnsstrukturen. Eigedomslause leigde jord av bønder og måtte betala for dette med pliktarbeid på garden. Dei var prisgitt varierande haldningar og lynne til storbonden.

Rett nok gjekk me frå ein union med Dannmark til ein ny union med Sverige. Sjølvråderetten og kjensla av å vera herrar i eige hus var likevel mykje større i den nye unionen enn under dansketida. Men kravet om full sjølvråderett, både i innanrikssaker og i utanrikssaker, ulma heile tida.

Spente tider mellom Sverige og Noreg enda med at Noreg den 7. juni 1905 tydeleg kunngjorde at landet var uavhengig av Sverige med full suverenitet. Det kunne ha enda med krig, men gjorde heldigvis ikkje det, og 13. august 1905 vart det folkerøysting for eller mot unionsoppløysing. Kvinner, som sjølve ikkje hadde røysterett, gjorde ein kjempejobb med å få folk til å røyste ja til unionsoppløysing. Det vart ein suksess, for med ei valdeltaking på heile 85 prosent av røysteføre nordmenn stemte 368208 for unionsoppløysinga og berre 184 stemte mot. Engasjementet og entusiasmen blant tilhengjarane av ja til unionsoppløysing minner om dei to EU røystingane (1972 og 1994).

Å feire Grunnlova 17. mai kvart år er ei stor hending både for store og for små. Folketog med hornmusikk, leiker og godsaker for borna, talar for dagen av både vaksne og skuleungdommar, som ofte reflekterer over dei historiske hendingane kring Grunnlova, er viktige ingrediensar i Grunnlovsfeiringa.Men ingen ting varer evig dersom me ikkje heile tida arbeider for å ta vare på og tryggje demokratiet, grunnlova, og velferdsstaten me alle har vore med på å byggja opp.

På same måten som me må respektera og retta oss etter trafikkreglane for at det ikkje skal bli kaos i trafikken, må me alle, folk og folkevalde, respektera og fylgja det som står i Grunnlova. Det er då særleg viktig å minna kvarandre om § 1 i Grunnlova der det står: «Kongeriget Norge er et frit, selvstendigt, udeleligt og uavhændeligt Rige. Dets Regjeringsform er indskrænket og arvelig monarkisk»

Det er noko rart som skjer, og har skjedd, blant eit fleirtal av dei folkevalde politikarane våre på Stortinget og i skiftande regjeringar. Dei respekterer ikkje Grunnlova! Det heile starta med å erstatta Handelsavtalen med EU med EØS-avtalen. Dette var den største politiske avståinga av norsk suverenitet sidan unionsoppløysinga med Sverige i 1905. EØS-avtalen medførte ein djuptgripande overføring av norsk sjølvråderett til EU og var eit alvorleg brot på Grunnlova vår.

Gro Harlem Brundtland starta prosessen frå demokrati, folkestyre, til marknadsstyre EØS-avtalen, ein handelsavtale som er skreddarsydd for fleirnasjonale konsern, bestemmer at EØS-landet Noreg skal skriva inn lovar og direktiv frå Brüssel i det norske lovverket. Stortinget,den lovgivande institusjonen i Noreg, vert flytta til Brüssel!

Kvar vert det av sjølvråderetten? Stortinget kan rett nok reservera seg mot å gjera EU-direktiv til norsk lov. I praksis skjer det ikkje. Til no er meir enn ti tusen direktiv frå EU blitt gjeldande lover i Noreg. Det er og eit stort tankekors at dersom det skulle bli ein konflikt mellom norsk lov og eit EU-direktiv, er det EU-lova som gjeld. Det norske folk står ovanfor ein ny husmannkontrakt. Eit fleirtal av norske politisk folkevalde tillitsmenn og kvinner på Stortinget har gitt frå seg noko grunnleggjande viktig for den norske sjølvråderetten, styringsretten til å laga lover i eige land, over hovudet på det norske folk.

Korleis var det mogeleg? Fleirnasjonale selskap styrer meir og meir den utviklinga som folkevalde nasjonalforsamlingar i Noreg og i andre land skulle ha styrt. EØS-avtalen bestemmer blant anna at norske kommunar, fylkeskommunar og staten skal sende ut på anbod i heile EU/EØS-området anleggsprosjekt med ei kostnadsramme over ein viss sum. Det same geld ved innkjøp/anskaffelse (innkjøpsdirektivet, anskaffelsesdirektivet) av tenester, materiell osv. over ei viss kostnadsramme.

Det var dette regelverket i EØS-avtalen som låg til grunn for å lysa ut anbodet på flyambulansetenester i nord i heile EU. Jonas Gahr Strøre, Erna Solberg, Terje Søviknes og dei andre ja til EU-EØS-partia på Stortinget seier likevel heile tida at EØS-avtalen tener oss godt. Flyambulansesaka viser oss at EØS-avtalen tener multinasjonale (fleirnasjonale) selskap godt. Men kvifor setja ut på anbod ein flyambulanseteneste som fungerte godt både for pasientar, legar og pilotar?

Å gamble med liv og helse for å auke profitten for kapitaleigarane, å setje marknadsstyre framføre folkestyre og demokrati , det som me blant anna feirer 17. mai — grunnlovsdagen. Det er og viktig å spørja seg kvifor regjeringa og fleirtalet på Stortinget i 2014 skulle overføra det norske finanstilsynet til EU sin sentralbank i Frankfurt? Dette var og i strid med den grunnlova me feira for nokre dagar sidan.

Landet vårt med alle tenkjelege naturressursar frå fisk, vasskraft, skogar og olje tilhøyrer det norske folket. Likevel vedtok den norske regjeringa og eit fleirtal på Stortinget den 22. mars 2018 å overføra kontoll og reguleringsmyndigheita av norsk vasskraft og energiproduksjon til ACER, EU sitt energibyrå. Dette er ein del av norsk sjølvråderett og det å overføra denne suvereniteten frå det norske folk til ACER er og eit brot på den grunnlova me feirer kvart år den 17. mai.

Det mest oppsiktsvekkjande i denne samanhangen stod Det norske Arbeidarpartiet for. Jonas Gahr Støre, i god Gro Harlem Brundtland-tradisjon, saman med Espen Barth Eide svinga partipisken på Stortinget og støtta Høgre-Frp-regjeringa utan å lytta til 108 Ap-ordførarar i heile landet og utan å lytta til breie lag av fagrørsla, som var sterkt imot å overføra denne myndigheita til ACER.

Gong på gong krenkar regjering og storting den norske grunnlova. Å gjera lovbrot er straffbart. Korleis skal folket kunna straffa sine tillitsvalde for at dei erstattar folkemakta med marknadsmakta? 17. mai står for meg som noko stort. Eg tenkjer på «Ja,vi elsker dette landet» og «Mellom bakkar og berg ut med havet». Det er litt rart når storting og regjering i sak etter sak er meir mot folket enn for folket.

Dette kan me, folket, gjera noko med — og det fyrste steget er å få sagt opp EØS-avtalen, slik at me kan byggje opp att demokratiet i Noreg og skaffe oss politikarar som respekterer både folket og grunnlova.

Olav Flaate, Sørreisa. Foto: Linda Pedersen