Desse overskriftene er reaksjonar på artikkelen min i Folkebladet «Ap vil lure Stortinget igjen» Reaksjonane stod på baksida i Folkebladet tirsdag 6. mars 2018. Kjempebra med slike reaksjonar. Per Øystein Pedersen skriv blant anna; « En ren dusteartikkel»….» det nytter ikke å avspore debatten med å kaste skyld om hvem som innførte EØS-avtalen…»

Det er det så absolutt. EØS-avtalen er den knaggen EU vil nytte for at kontrollen med norsk vasskraft og energiproduksjon skal bli ein del av denne avtalen og dermed inngå i EU sin energiunion gjennom ACER. Eg kjem til å ha ei bjølla hengjande rundt halsen på Gro Harlem Brundtland for inngåinga av EØS avtalen mellom Noreg og EU så lenge det flyt blod gjennom blodårane mine.

Noreg hadde nemleg ein handelsavtale med EU på den tida — ein avtale som tente Noreg godt. EU og Noreg var då likeverdige partar. Det kom ingen direktiv frå Brüssel og Noreg hadde sjølvråderett. Fru Brundtland var derimot glødande EU-tilhengjar og ville at Noreg skulle bli EU-medlem. Ho var usikker på kva resultatet av folkerøystinga om norsk medlemskap eller ikkje i 1994, så ho fekk forhandla fram EØS-avtalen som skulle knytta Noreg tettast opp til EU utan å vera medlem og samstundes godta lovverket og direktiva frå EU.

EØS-avtalen, som både den politiske og økonomiske eliten i dette landet hevdar har tent landet godt, dirigerer, gjennom stadige direktiv frå EU kommisjonen i Brüssel, faktisk heile det offentlege Noreg frå Storting til kommune. Vår lovgivande forsamling som formelt er Stortinget vart «flytta» til Brüssel. Gro kunne «lure» fleirtalet på Stortinget til å røyste ja til EØS-avtalen fordi den var «gefundenes Fressen» ein godbit for fleire av dei andre partia, som var meir interesserte i å leggje til rette for profittskaping for kapitaleigarane enn å byggje samfunnet. Med Gro Harlem Brundtland starta høgredreiinga for alvor både i Ap og i Noreg.

Avsporing eller ikkje Per Øystein Pedersen. EØS-avtalen ER den avtalen EU vil freista å gjera bruk av for å kunna overstyra Noreg. EU ynskjer å kontrollera og regulera norsk energiproduksjon for at EU skal nå eigne målsetjingar.

Så til Roald Hansen sitt innlegg «Bare tøv». Han er lei seg fordi Ap får skulda for alt som går galt i dette landet. Sjølvsagt ikkje alt, men Ap spelar faktisk ei avgjerande rolle for ei uheldig samfunnsutvikling i Noreg. Uklare svar og politikk frå partileiinga har ført til stor frustrasjon og fråfall av medlemmer blant Ap velgjarane ute i distrikts Noreg. Når det gjeld ACER til dømes, er Ap på line med Høgre, som og i fleire andre saker, og ynskjer at Noreg skal bli ein del av EU sin energiunion.

Arild Tony Lyngstad skriv i innlegget sitt «Tøvete påstand» — «tøv å påstå at Gro lurte Stortinget. …». Som allereie nemnt. Dette var eit strategisk trekk frå EU entusiasten Gro til å få med seg eit meir enn villeg Storting til å slutte opp om EØS-avtalen.

Nils Øverland; «Ikke bare Aps feil» — Nei, men Gro Harlem Brundtland introduserte EØS-avtalen for Stortinget vel vitande om at den eksisterande handelsavtalen Noreg på det tidspunktet hadde med EU, var mellom to likeverdige partar. Med EØS-avtalen vart Noreg brått som ein husmannsplass under EU.

Karin Denver skriv i innlegget sitt « Lurte folket»- «…så var det i hvertfall Stortinget med Ap i spissen som lurte det norske folk.» Karin Denver er her ved kjernen i det heile. Våre folkevalde , som skal representera oss,folket, ga frå oss sjølvråderetten vår til EU utan at me, folket, fekk ytra meininga vår i ei så viktig sak. Dette var eit stort svik ovanfor det norske folk. EØS avtalen gjer sitt til å endre mange ting av den norske samfunnsstyringa. Difor er like viktig å ha ei folkerøysting om for eller mot EØS avtalen, som det i 1972 og 1994 var folkerøystingar for eller mot eit EU medlemsskap.

Det er på høg tid at Noreg igjen sikrar seg sjølvråderett både når det gjeld å ha kontroll med energiressursane våre, men og når det gjeld utviklinga av den samfunnsmodellen me ynskjer å ha i dette landet, og som mange land i verda misunner oss.

– Det er på høg tid at Noreg igjen sikrar seg sjølvråderett både når det gjeld å ha kontroll med energiressursane våre, skriv Olav Flaate. Foto: Trond Sandnes