Gro Harlem Brundtland (Ap) lurte Stortinget til å gjera Noreg og det norske folk til ein husmannsplass og husmenn under EU gjennom EØS-avtalen. Overklassedama utan røter eller kjennskap til arbeidarrørsla nytta ålbogane til å arbeide for sterkast mogeleg tilknyting til EU (helst medlemsskap) og eigen karriere.

EØS-avtalen er blitt det som Gro Harlem Brundtland ville; å få Noreg sterkast mogeleg knytta til EU gjennom EU sitt regelverk og dermed direktivdiktat frå Brüssel. EØS-avtalen har til no hatt dramatiske verknader for den norske samfunnsmodellen. Stadige direktiv frå Brüssel og fri flyt av personar, kapital, varer og tenester har skapt mange «Wild west»-situasjonar innan arbeidslivet med sosial dumping, arbeidslivskriminalitet, korrupsjon og nedleggjing av seriøse verksemder, som fylgjer regelverket for norske løns- og arbeidsvilkår.

Offentleg sektor med stat, fylkeskommunar og kommunar blir alle diktert frå Brüssel. EU-medlemskap var viktigare for Gro Harlem Brundtland enn Noreg, det norske folk, Grunnlova og sjølvråderetten. Noreg hadde ein Handelsavtale med EU, ein tosidig avtale der EU og Noreg var likeverdige partar. Den er ikkje sagt opp og kan difor takast fram, børstast støv av, moderniserast og erstatta EØS-avtalen.

Sjølvråderett er sjølvsagt i eit fritt såkalla demokratisk land som Noreg er. Det må vera noko ibuande mangel på respekt for folket og for landet i Ap-bastionen. Det virkar som mykje dreier seg om ein indre maktkamp, trakassering, fortiingar og uklare fråsegner til velgjarane. No vil Espen Barth Eide «ta opp hansken» etter Gro Harlem Brundtland, og med sju krav til regjeringa i samband med ei eventuell overføring av konroll og reguleringsmyndigheit til ACER og EU. Dersom desse krava ikkje vert oppfylde, vil truleg Ap sei nei til noko ACER-dominans av norsk energiproduksjon. Dette er eit spel for galleriet, som det heiter. Espen Barth Eide er som Gro Harlem Brundtland sterk tilhengjar av EU-medlemsskap.

Denne Ap-strategien for å overføra meir av norsk sjølvråderett til EU avslører nok ein gong Ap si respektløysa ovanfor det norske folk, samstundes som dei klårt viser både ei styringsvegring og eit ynskje om makt, for makta sin eigen del. Den katastrofale tilbakegongen på meiningsmålingane for Ap viser tydeleg at ferre og ferre har tillit til det partiet, som spela hovudrolla med å byggje opp det velferdssamfunnet me har i Noreg. Den avideologiske sentralleiinga i Ap, frå det å arbeide for fellesskap, velferd og solidaritet til i stigande grad å overføra styringa av landet til marknadskreftene, har vore ein raud tråd i partiet frå Gro Harlem Brundtland og fram til i dag. I sak etter sak allierer partiet seg med Høgre.

Det «nye» partiet er blitt ein kopi av Tony Blair sitt New Labour i Storbritannia med sin NMP — new public management (ny offentleg leiing) styre landet etter bedrifrtsøkonomiske prinsipp. Jeremy Corbyn, som leier Labour i Storbritannia i dag, har sett galskapen i dei nedbrytande veknadene dette har for samfunnet. Sentralleiinga i Ap synest ikkje å ha oppdaga dette. Kanskje har det med ståstaden til partileiaren å gjera?

Trass i dette er det likevel eit gledeleg håp for partiet i horisonten. Ungdomspartiet til Ap, AUF, har vedtatt å gå mot det som vert kalla EU sin tredje energimarknadspakke og ACER. Leiaren, Mani Huseini, seier det slik; «Vi vil ha suverenitet over kraften. Den tilhører fellesskapet.» AUF-leiaren seier vidare at spørsmålet om å bli ein del av ACER må røystast over i samsvar med § 115 i Grunnlova, som krev tre fjerdedelar fleirtal på Stortinget for å overføra råderett av norsk eigedom til internasjonalt samarbeid.

Det er håp når ungdomen i Ap, dei som skal byggje landet vidare, ser klårare enn moderpartiet fellesskapsverdiane og sjølvråderetten er mykje viktigare for Noreg og det norske folk enn på enno eit område å gjera oss alle til husmenn under EU.

- Denne Ap-strategien for å overføra meir av norsk sjølvråderett til EU avslører nok ein gong Ap si respektløysa ovanfor det norske folk, samstundes som dei klårt viser både ei styringsvegring og eit ynskje om makt, for makta sin eigen del, skriv Olav Flaate. Foto: Francois Lenoir, Reuters