Opent brev til Ice.net om ansvar ved å marknadsføre teletenestar — Ice.net si melding i dag 15. januar 2018 om namnebytte.

Som tidligare kunde (Ice.net) kan eg godt forstå at dokker vil skifte identitet. Men er det identiteten som er problemet? Var det ikkje betre å stelle seg slik at namnet kunne bli ein merkevare, og ikkje noko ein måtte lure seg unna i skam og skjensel?

Som tidligare kunde (eg hadde vel hatt ice.net-abonnement eit par månaders tid då dokker brått og uvarsla stoppa det 13. desember i fjor) hadde eg vore rimelig fornøgd så langt. Men desember 2017 lærte meg å ikkje gjere meg avhengig av ein IN-leverandør som behandlar kundane sine slik ice.net har gjort.

Spør ein seg vidare fram, får ein tak i ein «kundekonsulent», men den det gjeld, har ingen aktuell informasjon om nettbrotet og kan berre unntaksvis gje ein (feil) dato for kva tid nettet skal vere i orden att. Alle dei opplysningane vi har fått på det viset har bomma på dato, månad og årstal for kva tid nettet skulle komme att. Og ingen har hatt informasjon om kva som går føre seg; om det skjer noko fysisk på staden (Kistefjell) eller om det blir drøfta vidare i Oslo kva som skal skje. Då eg måtte reise heimefrå 1. januar i år, var vi framleis fri for IN, og då eg sist spurde, ca ei veka seinare, var stoda endå den same.

Vi hadde gledd oss til den kontakten vi skulle ha på IN med familie og vennar i advents- og juletida, i romjula og nyttårstida, så vi kan trygt seie vi fekk jula øydelagt av ein bagatell som ice.net ikkje brydde seg om å gjere noko med. Vi har altfor lenge trudd på det ice.net har kolportert, at nettet snart skulle vere i orden. Så vi har skuvd problemet framfor oss og satsa på snart-løysingar.

For meg verkar det naturlig at ice.net no ynsker å bytte namn. Men eg er ikkje overtydd om at den nissen dokker vil flytte ifrå, ikkje er med på lasset. Særlig for ice.net, som på 450-frekvensen har ein del grisgrendte område, altså med få kundar, vil det også i framtida vere ei innebygd freisting til å neglisjere desse kundane. Dei er jo ikkje så mange at dei betyr noko økonomisk. Men for dei det gjeld, er det minst like viktig som for alle andre å ha eit fungerande IN. Og — det offentlige har gjennom lange tider overført mykje pengar for å sikre IN for kundar i strok der det elles ikkje er lønnsamt å bygge ut.

Utan den tryggleiken det ville vere i back-up i eit anna system vil eg aldri sette mi eiga og familien si velferd på spel ved eit breiband-abonnement frå ice.net. Så om eg skulle vere villig til å vurdere abonnement, så måtte eg få eit eit års gratis abonnement først. Då kan eg ha back-up frå annan leverandør mens eg samlar erfaring om påliteligheit og service og seriøsitet frå «nye ice.net».

PS! I ein tidligare kronikk i Folkebladet nemnde eg Nordixnett i same vendingane som Ice.net. Etter det eg høyrer, har dei no vore så redelige at dei har tilstått overfor kundane sine at dei ikkje blir å halde nettet ved like lenger. Det er ikkje slike meldingar folk vil ha, men ei negativ sanning er betre enn ti positive løgner.

- Særlig for ice.net, som på 450-frekvensen har ein del grisgrendte område, altså med få kundar, vil det også i framtida vere ei innebygd freisting til å neglisjere desse kundane, skriv Steinar Nymo. Foto: Trond Sandnes