EU og EØS tilhengjaren Svein Roald Hansen, stortingsrepresentant for Ap, har skreve eit lesarbrev til ei rekkje av avisene i Noreg. Det har overskrifta «Godt nytt for strømkunder» Det gode kjem ifylgje S.R.Hansen når Noreg (ikkje dersom) «tar inn bestemmelsene i EUs tredje energipakke» i det norske lovverket. Dette blir kalla energidirektivet.

Svein Roald Hansen nevner ikkje med eit ord at regjeringa og eit fleirtal av Ap sine stortingsrepresentantar i tilknyting til energidirektivet vil overføra kontroll og reguleringsmyndigheita av norsk vasskraft til ACER, som er EU sitt energibyrå. EU ynskjer å få dette inn som ein del av EØS-avtalen. I dag er det naturleg nok NVE (Noregs Vassdrags og Energidirektorat) som har kontroll og reguleringsmyndigheit knytta til vasskraftproduksjonen i Noreg. Vasskrafta er ein viktig del av ressursgrunnlaget for næringsverksemd og er ei uutømmeleg gullgruve, som tilhøyrer det norske folk.

Som stortingsrepresentant for Ap veit Svein Roald Hansen veldig godt at det å overføra kontroll og reguleringsmyndigheita av norsk energiproduksjon til EU, er eit fundamentalt inngrep i norsk suverenitet, sjølvråderett, til sjølv å ha kontroll og styring med eigen energiforvaltning. Energiressursane er ein del av dei samla naturressursane me har her i landet. Ei overføring av kontroll og reguleringsmyndigheita til EU vil difor vera i strid med paragraf én i Grunnlova der det står; «Kongeriget Norge er et frit, selvstendigt, udeleligt og uafhændeligt Rige. Dets Regjeringsform er indskrænket og arveligt monarkisk»

EU- og EØS tilhengjaren Svein Roald Hansen frå Ap nevner ingen ting om at Energidirektivet legg opp til at ACER, EU sitt energibyrå skal, overvaka både NVE og Statnett og sjå til at EU sitt regelverk for energimarknaden ( meir enn tusen sider) vert etterlevd og gjennomført i Noreg.

I samband med EU og EØS tilhengjarane i regjeringa sitt forslag om om å overføre ein viktig del av norsk sjølvråderett til EU, vil dei og etablera eit nytt reguleringsorgan for energi i Noreg. Det vert avkorta til RME, Reguleringsmyndigheit for Energi og skal skiljast ut frå NVE. Saman med ACER skal dette reguleringsorganet, RME, gjera bindande vedtak i samband med norsk energiproduksjon.

Det mest urovekkjande ved RME er at det skal vera heilt uavhengig av demokratisk valde politiske styresmakter. Ingen, verken regjering eller Storting kan stilla dei til ansvar for dei vedtaka dei gjer. Dette nevner Svein Roald Hansen (Ap) ingen ting om. Han nevner heller ikkje at ACER skal bestemme reglane for når straumen gjennom eksportkablane for energi frå Noreg til EU skal gå den eine eller den andre vegen.

Ved eventuell usemje om kostnader ved framtidige investeringar eller straumflyt den eine eller den andre vegen, skal dette og avgjerast av EU – kommisjonen og ACER. Kvifor nevner ikkje Svein Roald Hansen dette? I lesarinnlegget «Godt nytt for strømkunder» nevner Svein Roald Hansen (Ap) heller ikkje noko om den eventuelle prisen norske straumkundar må betale. I ein felles marknad EU, som det norske folk har sagt nei til å vera medlem av i to folkerøystingar (1972 og 1994), vil norske straumkundar, ved ei samordning av pristakstane for straum i dette området, truleg måtta betale meir for straumen ettersom prisnivået for straum i EU er mykje høgare enn i Noreg. Er dette «Godt nytt for strømkunder» Svein Roald Hansen?

I skrivande stund veit folk i heile Noreg at Ap har store mellommenneskelege problem i sentralstyret. Både kamp om politisk makt og posisjonar og graverande trakassering av kvinner i partiet får meg til å spørja meg sjølv; Kva slags menneske er det som har tatt på seg vervet som tillitsvalde for Noreg og det norske folk?

Eg trudde at dei skulle vera gode rollemodellar , vera ekte, truverdige og fylgja den for meg gode leveregelen, gjer mot andre det du vil at andre skal gjera mot deg. Når Svein Roald Hansen i lesarinnlegget sitt «Godt nytt for strømkunder» lar vera å fortelja om at Energidirektivet medfører at Noreg ved regjeringa og Ap på Stortinget vil overføre norsk suverenitet, med sjølvråderett til EU, er det å føra eit heilt folk bak lyset. Det er DEMAGOGI, folkeforføring.

Kven ha tillit til politikarar som verken har moralsk eller politisk integritet? Både Ap leiinga og ei rekkje sentrale politikarar frå andre parti må skiftast ut eller få ei opplæring i kva det vil sei å vera tillitsvalde for eit land og eit folk.

Noreg og det norske folk fortener å bli betre ivaretatt og respektert enn kva norske styresmakter gjer i dag.

Vasskrafta er ein viktig del av ressursgrunnlaget for næringsverksemd og er ei uutømmeleg gullgruve, som tilhøyrer det norske folk, skriver Olav Flaate. Foto: Harstad Tidende