Forsvarsministeren

fortalde under si nyttårstale i Oslo Militære Samfund 6. januar 2014 at «jeg har sagt tidligere at åpenhet er viktig for meg. Og da mener jeg ikke åpenhet som et honnørord, men reell åpenhet. Åpenhet betyr særlig å bidra til et korrekt bilde av virkeligheten». Høgre si leiing av Forsvaret har diverre vore prega av alt anna enn openheit.

Regjeringa la fram sin langtidsplan for Forsvaret 17. juni i fjor. Å legge fram ei melding dagen før Stortinget tek ferie, vert gjort av ei regjering som ynskjer minst mogleg debatt om avgjerdene dei har fatta. Senterpartiet har heile tida vore i mot denne planen. I langtidsplanen brukar Høgre og Frp enorme summar på å byggje ned kapasitet ein stad, for så å bygge opp tilsvarande ein annan stad, utan at dette gjev ein auke i kampkraft. Nedlegginga av Andøya flystasjon og hovudbasen for helikopter på Bardufoss er nettopp slik pengesløsing, der regjeringa øydelegg både militær evne og lokalsamfunna som har tilpassa seg forsvaret sine behov.

Det finst ikkje ein einaste soldat eller fagmilitær person i Noreg, som ærleg tala meiner det styrkjer Noreg si sikkerheit å drastisk redusere vår evne til å ta i mot allierte forsterkingar. Dette er nettopp resultatet av å legge ned Andøya flystasjon. Det er heller ikkje mogleg å argumentere for at ein styrkar Hæren gjennom å avskaffe Hæren sine helikopter på Bardufoss. Det finst ingen moderne hær i verda i dag som ikkje har denne kapasiteten for mellom anna å kunne rekognosere, forflytte troppar og sikre medisinsk evakuering.

Nedlegginga av hovudbasen for helikopter på Bardufoss hevdar regjeringa vil spare inn minst 100 millionar kroner. Likevel har ikkje forsvarsministeren klart å identifisere kvar ho vil spare inn dei pengane. Tvert i mot får vi meldingar frå forvarstilsette på at kostnadane aukar, ikkje reduserast slik Høgre hevdar.

I vinter opplevde me ei rein farse på Stortinget. Riksrevisjonen hadde avdekka at verken politiet eller Forsvaret kunne sikre objekt i Noreg under ei krise på ein trygg måte. Faktisk konkluderte Riksrevisjonen med at situasjonen var «svært alvorlig», noko som er den aller dårlegaste vurderinga Riksrevisjonen kan gje. Kva gjorde så regjeringa? Jau, i staden for å rette fullt fokus på å styrke Heimevernet, valde regjeringa å hemmeleghalde Riksrevisjonen sin rapport. Medan rapporten allereie var publisert av Dagens Næringsliv, pressa regjeringa Stortinget til å diskutere rapporten i løyndom. I staden for ein ærleg og grunnleggjande debatt om korleis vi best sikrar norske borgarar sin tryggleik, valde regjeringa hemmeleghald for å drepe all debatt og kritikk.

Debatten om Heimevernet var likevel ikkje over. Senterpartiet la i år fram eit forslag på Stortinget der vi bad om umiddelbarstans i nedbygginga av Heimevernet og nedlegginga av Sjøheimvernet. Høyre og Frp kjempa derimot beinhardt for å presse i gjennom begge deler. Medan Heimevernet sjølv rapporterer at dei har 40.583 soldatar, hevdar regjeringa at meir enn 2.500 av desse soldatane ikkje eksisterer.

Det absolutt mest grunnleggjande av alt i Forsvaret, nemlig soldatane, klarer altså regjeringa å gje Stortinget feil informasjon om. At det uansett er Høgre og Frp sitt ansvar at Heimevernet ikkje hadde 45.000 soldatar, slik Stortinget frå før av hadde bestemt, ynskjer regjeringspartia minst mogleg merksemd om.