ARTIKKELFORFATTAR Olav Flaate, Sørreisa. Foto: Linda Pedersen

Me har ei

regjering og eit stortingsfleirtal som gir blaffen i levande bygder.

Trygg, kortreist mat tyder ingen ting. Pleie av kulturlandskap tyder ingen ting. Rekruttering til landbruket tyder ingen ting. Me har ein landbruksminister som er oppflaska på Frp ideologi.

Han gjer det same med landbruket, med sentralisering og nedbyggjing, som Jan Tore Sanner gjer med kommune Noreg,og det same som skjer med nedbyggjing av lensmannskontor, sjukehus, samanslåing av skular og høgskular. I tillegg vert offentlege midlar til velferdsgoder for einskilde grupper skore ned.

Det går føre seg ein medviten bedriftsøkonomisk omstrukturering av landet vårt frå det å vera samansett av mange små livskraftige kommunar og levande bygder med matproduserande jordbruk og variert næringsliv til det å slå saman kommunar til såkalla robuste einingar, eit gigantisk sentraliseringsprosjekt. Dette er velkjend EU/EØS strategi.

Jon Georg Dale, landbruksministeren frå Frp, viser med den nye jordbruksmeldinga at han vil knyte jordbruksnæringa enno tettare til EU /EØS området sjølvom jordbruket er unnateke EØS avtalen. Men gjennom auka import av ost og andre jordbruksprodukt frå EU viser regjeringa og landbruksminisrteren at det er viktigare å imøtekoma EU enn å stimulere norske bønder til å gjera Noreg mest mogeleg sjølvforsynt med mat, deriblant ost.

Landbruksministeren nedvurderer den norske bonden på den måten at han vil redusere overføringar frå staten til velferdsordningar for bonden. Det gjeld offentlege tilskott til avløysing ved ferie og fritid, og ellers når det er særlege omstende for bondevikar.

Jon Georg Dale veit sikkert at ferie og fritid er viktig for alle yrkesgrupper. Reduksjonen i tilskott kamuflerer han på ein finurleg måte ved å ta bort eigne avløysartilskott til det å la desse pengane gå inn i husdyrtilskotta.

Den viktigaste oppgåva me har som folk, som borgarar av dette landet er å ta vare på landet vårt og i det arbeidet er jodbruket med matproduksjon og skogsdrift ein veldig viktig del.Me må ta vare på landet vårt som om det skulle væra vår eigen heim og ikkje ei handelsvare.

Det kjem generasjonar etter oss. Me har eit stort ansvar med å overlate landet vårt, helst betre til dei enn kva me fekk overlevert frå våre foreldre og besteforeldre.

Me treng ein aktiv, framtidsretta rekrutteringspolitikk for småskala jordbruk i heile landet og då er velferdsordningar for bonden viktige i tillegg til at styresmaktene stimulerer til auka jordbruksproduksjon.

Då må fellesskapet vera villeg til å satse av våre skattepengar til å skape arbeids, løns og velferdsordningar/fritidsordningar for bonden, som gjer det attraktivt både å ta over slektsgarden og for andre å gå inn i bondeyrket.

Me treng folk på Stortinget og i regjering som vil byggje landet — ikkje som no, med ei regjering og eit stortingsfleirtal, som ruinerer og byggjer ned landet vårt. Veit dei kva det vil sei å vera glad i landet eller er dei berre interesserte i eigen karriere? Bonden er verneverdig og styresmaktene må gjera sitt til at nedleggjinga av småbruk stoppar opp og tar fram fleire gulerøtter for at bønder skal bli værande i yrket og nye bønder kjem til.