Må vi snakke om EU? Det ynskjer i alle høve Steinulf Henriksen, sjefredaktør av Folkebladet, i ein kommentar artikkel 19. mars 2022. Kvifor ei slik spontan interesse for EU?

Grunnen er den usikre tryggjingssituasjonen både i Ukraina og for Europa grunna Putin og Russland sin invasjon av Ukraina. Redaktøren skriv: «I Norge bør krigen utløse en debatt om fullverdig medlemskap i EU og en plass ved leirbålet.»

Og Henriksen synest å vera like begeistra for EØS-avtalen, som gir oss bodplass i den indre marknaden i EU. Her må eg minna Steinulf Henriksen om at Noreg ikkje er noko shoppingsenter der hovudaktiviteten er kjøp og sal , og profitt, ofte for dei få.

Folk i Ukraina har vist ein heroisk vilje til å kjempa for landet sitt mot Putin og styresmaktene i Russland. Det me kan snakka om i Noreg er om kva slag styresett me ynskjer å ha her; folkestyre, demokrati eller marknadsstyre.

Å « flytta» nasjonalforsamlinga vår til Brüssel og gi frå oss sjølvråderetten, er det same som sjølvskading

Å arbeida for sjølvråderetten tufta på Grunnlova av 1814, og byggja landet etter dei lovene som som blir vedtatt av Stortinget, er for verdfullt til å skusla bort i arbeidet for eit EU-medlemskap og fjernstyring frå Brüssel. Noreg er eit lite land, men dette landet er vårt. Dette må me ta vare på, både når det gjeld matproduksjon , beredskap og samfunnsutvikling.

«Mellom bakkar og berg ut med havet», Ja, steinrøysa vår er ikkje så grøderik som mange av EU-landa, men den arbeidssame og kunnskapsrike bonden me har i Noreg, er garantisten for kva me er istand til å meistra av sjølvforsyning av mat i dette landet.

Me må snakka om korleis me ynskjer å ha det i Noreg, korleis me vil utnytta naturessursane våre; vatn, skog, jord, fisk, mineralar, vind, og ikkje minst korleis me skal fordela desse verdiane på folk flest.

Olav Flaate Foto: Linda Pedersen

Så kjem sjølvsagt spørsmålet om samarbeid med andre land og korleis dette samarbeidet skal fungera. Folkestyret kan vera både tungrodd og tidkrevjande, men det er likevel ved denne styringsmåten at me har bygd det velferdssystemet me har i dag. Å styra Noreg etter oppskrift frå EU, med konkurranseutsetjing og privatisering av offentleg sektor vil bremsa opp samfunnsbyggjinga i Noreg.

Henriksen avsluttar artikkelen sin med; «Mer enn noen gang før i moderne tid trenger vi gode venner, gode naboer og gode allianser fra Svalbard til Middelhavet».

Gode vener, sterke alliansar , samarbeid og fellesskap er viktig for oss alle, men å « flytta» nasjonalforsamlinga vår til Brüssel og gi frå oss sjølvråderetten, er det same som sjølvskading. Det ynskjer eg verken for naboane mine, det norske folk eller meg sjølv.