Jonas Gahr Støre har nyleg vore på tur blant sine eigne. Det er i EU der han skal ha pantsett mykje av dei norske ressursane på 50 langsiktige kontraktar.

Den vesle Bummelen på byen der han, frigjort frå småligheitene her heime, blant likemenn og meiningsfeller, kunne strø om seg kontraktar som Tyskland har sikla etter i mange år. Helst vil dei ha «pumpekraft» der vatnet kan pumpast opp att i reservoaret når det er tilgang på vindkraft.

Steinar Nymo Foto: Birger Caspersen

Dei skal då, etter seiande, kunne gjenvinne 100 + 80 prosent av den krafta som det vatnet gir. Freistande? Sjølvsagt til skade for alt levande nedom kraftverket. Men, men. Har du først lillefingeren, så...

Då får ti års strøm til 40.000 lokomotiv ein heilt annan dimensjon enn når vi her heime kranglar om overføringslinjer og at vi, om vi skal bygge ut næringslivet nordafjells, sårt treng den vesle attributten vi har i form av overskottskraft. Så lenge det varer. For Støre og Ap tenker vel ikkje å gjere oss så snau for elstrøm at vi hylar etter vindkraft?

At han sjølv då kjem i skade for å selge seg så snau at han kjem heim med buksebaken bar, det har Prøysen illustrert ganske bra i ei kjent visa om han Lars som var på Hamar med slakt. Og H.C. Andersen er ikkje langt unna med «Keiserens Nye Klær».