Det er no det brenn!

Den ukontrollerte prisstiginga på gjødsel, straum, maskiner og stort sett alle innsatsfaktorer i landbruket, har forverra ein fra før vanskelig situasjon for mange gardbrukarar.

Sjølv på bruk som har utvida driftsomfanget sitt kraftig er man no avhengig av partneren si lønn utafor bruket for å ha noko å leve av. Det haster med tiltak for å berge matproduksjonen for framtia. Jordbruksforhandlingane til våren kan gje eit bidrag som kjem til neste år. Men det er no det brenn!

No må jordbruket samle seg bak kravet Norsk Bonde og Småbrukarlag (NBS) har reist om tilleggsforhandlingar. Det er inga tid å miste. Etter hovedavtalen for landbruket har vi rett til det når ekstraordinære hendingar inntreff. § 2-4 i avtala er heilt klar på dette.

Dei tiltaka som er innført (el-kraft) er ikkje nok og dei tillegsforhandlingane som var i oktober 2021 har ikke fanga opp den radikale prisveksten etterpa. Varsler om ny prisauke understreker no alvoret.

Gjennom avtaleverket er jordbruket fanga opp i målprisar som hindrer ei prisauke på produkta fra landbruket. Når kjedebaronane no varslar prisauke i butikkane på mjølk, kjøt, korn og grønnsaker, kjem dette ikkje tilbake til bøndene. Prisen vi får er lik no som i sommar. Først gjennom forhandlingar kan vår pris regulerast.

Derfor må jordbruksorganisasjonene staå saman med NBS i kravet om tilleggsforhandlingar. Det må kome ei avtale raskt på plass som tar omsyn til små og mellomstore bruk, distriktsvariasjonar og forskjeller innad mellom produksjonene.

Eg vil sterkt rå til å bruke forhandlingsinstituttet i den situasjonen vi no står i. Tross sine mangler er denne ordninga ei muligheit for næringa til medvirking og ansvarliggjøring av staten for dei politiske vedtaka Stortinget og regjering har tatt.

Meir enn nokon gong treng landbruket å stå samla bak kravet om tilleggsforhandlingar. Er det ei tid da parti og organisasjonstaktiske vurderingar må vike, så er det no!