Formannskapet i Senja gjekk i møtet 13. september inn for å gi Midt-Troms Helsebad driftsstøtte med kroner 200.000 slik at drifta er sikra ut 2022. Dette er bra, og det lovar godt når kommunestyret 22. september får saka på bordet.

No er drifta sikra fram til nyttår. Søknaden vår til kommunen er forma slik at vi søkjer om at driftsstøtta skal vera sikra også for neste år, og at kommunen legg driftsstøtta inn i økonomiplanen. Dette vil sikra drifta i eit lengre perspektiv, og vil gi tryggheit til brukarane. Vi ber difor Senja kommunestyre i neste møte vedta at rådmannen legg driftsmidlane på 400.000 kroner inn i neste års budsjett, og at støtta til helsebadet blir lagt inn i økonomiplanen slik at framtidig drift blir sikra.

Vi har sterk tru på at kommunestyret forstår situasjonen

Vi som overtar drifta av helsebadet må ha denne garantien når vi no skal søkja om investeringsmidlar frå det lokale næringslivet. Badet treng nytt ventilasjonsanlegg, og vi treng kapital til å skifta komponentar når ting blir øydelagt utan at drifta stansar opp.

Helsebadet gir raskare rehabilitering til arbeidstakarar som er ute av arbeidslivet med ulike problem, og vi er sikre på at bedriftene ser denne samanhengen. Dette gjeld sjølvsagt også for kommunale arbeidstakarar, og hugs at kommunen er den største arbeidsgivaren og har er det høgaste sjukefråværet.

Helsebadet har også mange pensjonistar og brukarar som er ute av arbeidslivet. Helsebadet gir dei trening og ein bedra livssituasjonen. Dette fører til at fleire kan bu lenger heime og er mindre hjelpeavhengige. For kommunen er det sparte utgifter i eit pressa omsorgsapparat.

Med grunnlag i dette ser vi fram til kommunestyremøtet 22. september, og har sterk tru på at kommunestyret forstår situasjonen og innarbeider driftsmidlar til Midt -Troms Helsebad i framtidige budsjett.