Noreg er eit demokrati. Både den tidlegare statsministeren Erna Solberg og den noverande statsministeren, Jonas Gahr Støre, kallar Noreg eit demokrati der folket styrer gjennom tillitsvalde politikarar.

Det har ikkje alltid vore slik. I fleire hundre år var Noreg i union med Danmark før det vart slutt på unionen i 1814 og Noreg fekk si eiga grunnlov. Men noko sjølvråderett vart det ikkje då heller, for politisk hestehandel i Europa gjorde at Noreg måtte inn i union med Sverige. Norske borgarar kjende seg likevel friare no , for dei hadde indre sjølvstyre. Sverige kontrollerte utanrikspolitikken.

Så endeleg i 1905 vart unionen med Sverige oppløyst og folket fekk full sjølvråderett. Litt om senn bygde dei landet både økonomisk og politisk. Håkon 7. vart Noreg sin konge og han tok valspråket «Alt for Noreg». Utviklinga av folkestyret er ein langsam prossess, men etter kvart vart det innført alminneleg stemmerett både for menn og kvinner (litt seinare).

Det hjelper lite med straumpakkar frå regjeringa for å hjelpa folk økonomisk, for dei høge straumprisane vil vera der

Med denne «grunnmuren» var folket rusta for framtida. Framtida ga oss ei rivande teknologisk utvikling. Moderne kommunikasjon knyter land tettare saman til det gode og det mindre gode. I Noreg var folkestyret viktig. Men så opplevde verda å få to politiske leiarar; Ronald Reagan president i USA og Margareth Thatcher, statsminister i Storbritannia, som begge meir og meir overførte folkestyre til marknadskreftene, der konkurranse, tilbod og etterspurnad erstatta den politikar-folkevalde byggjinga av samfunnet.

Norske politikarar vart påverka av denne liberaliseringa og undergravinga av folkestyret. Det var nett i denne Reagan/Thatcher-tida at eit fleirtal av stortingspolitikarane vedtok å gå bort frå den politikarstyrte fastprisen på straum til å gjera straum om til ei vanleg vare der prisen er avhengig av tilbod og etterspurnad.

Eit fleirtal av stortingspolitikarane vedtok og å sei ja til ein omfattande EØS-avtale med EU over hovudet på det norske folk. Dette gjorde dei sjølv om Noreg hadde ein handelsavtale med EF (EU) frå 1973. Denne avtalen er ikkje sagt opp enno av nokon av partane. I samband med denne Handelsavtalen var EU og Noreg likeverdige partar. Det kom ingen direktiv frå Brüssel.

EØS- politikarane var vel vitande om at EØS forplikta dei norske styresmaktene til å innlemma direktiv frå EU-kommisjonen i det norske lovverket. Dei visste og godt at direktiv frå EU ville overstyra norske lover der dei kom i konflikt med einannan. I slike situasjonar skulle EU-direktiv til og med overstyra den norske grunnlova. Med andre ord gir eit fleirtal av våre tillitsvalde politikarar på Stortinget bort mykje av norsk sjølvråderett til EU. Dette var eit svik ovanfor det norske folk.

Olav Flaate Foto: Linda Pedersen

Eit liknande tillitsbrot gjorde seg gjeldande i 2018 då eit fleirtal på Stortinget sa ja til å overføra regulerings- og styringsmynde av norsk vasskraft og energiproduksjon til ACER, EU sitt energibyrå. Er dette demokrati i praksis? Nei, sjølvsagt ikkje og handlingane til desse, våre tillitsvalde politikarar står i skarp kontrast til dei politikarane som for hundre år sidan vedtok konsesjonslovene og heimfallsretten i samband med byggjing av kraftverk i dette landet.

Det var og eit fleirtal av norske stortingspolitikarar som sikra oljerikdomen for det norske folk. Vasskraft og oljeutvinning har gjort Noreg til eitt av dei rikaste landa i verda takka være dyktige fagfolk og famsynte politikarar. Men det var då og ikkje no, for eit fleirtal av dagens tillitsvalde politikarar er både gjennom EØS-avtalen og elles i ferd med å overføra meir og meir av styringa av landet til marknadskreftene og EU- kommisjonen i Brüssel.

Dette er eit hån mot det trauste, men og til tider naive norske folket. Mange her i landet trur på politikarane, som seier dei vil byggja landet og ta i bruk heile landet, men i mange høve er dette retoriske talemåtar for å skapa velvilje i folket. Slik stoda i Noreg er no med skyhøge straumprisar , burde mange gjera eit skikkeleg opprør mot styresmaktene. Folk vert fortvila, for høge straumprisar øydelegg privatøkonomien deira og fleire frys i heimane sine fordi dei ikkje har råd til dei høge straumrekningane.

Det hjelper lite med straumpakkar frå regjeringa for å hjelpa folk økonomisk, for dei høge straumprisane vil vera der. Det verste er at den situasjonen er politikarstyrt. Denne regjeringa vil heller ikkje innføra føreseieleg fastpris på straum både for hushaldningar, industri, stat og kommune.

Stortingspolitikarane tener om lag ein million kroner i året for å byggja landet og vidareutvikla velferdssamfunnet. I stadenfor å ta tak i dette arbeidet, overfører dei fleire og fleire oppgåver til marknadskreftene, noko som underminerer folkestyret. Hurdalsplattformen legg opp til ei vidareføring av EØS-avtalen med fri flyt og ei marknadsstyring av landet.

Folkestyret, demokratiet, har tent Noreg godt. Dette må me ta vare på og ta kontroll over både energiforsyning, prissetjing og samfunnsutvikling. Det er verken USA eller EU som skal styra norsk forsvars- eller handelspolitikk. Det skal det norske folk gjera gjennom sine tillitsvalde politikarar med mottoet «Alt for Noreg». Slik skaper me eit samhalds-Noreg istadenfor eit marknads-Noreg.