Straumprisar og straumprisar er samtaletemaet i mange sosiale grupper i dag. Det er ikkje så rart, for i store delar av landet går straumprisen til himmels. Ja, straumprisen har auka så mykje at det går ut over hushaldsøkonomien til mange menneske i landet.

Dukkar me ned i historia finn me ulike årsaker til dette og fellesnemnaren er at alle nedturane for folket er politikarstyrte. Det var stortingspolitikarane som bestemte at Noreg skulle endra prisfastsetjinga på elektrisk kraft (straum) frå at politikarane gjorde dette til det beste for heile samfunnet til å gjera straumsalet om til forretning. Staten skulle gjennom ei marknadsregulering av prisane på elektrisk kraft etter prinsippet om tilbod og etterspurnad auka inntektene til staten. Denne nye energilova vart gjort gjeldande frå 1. januar 1991.

Nokre år seinare, nærare tidfesta til 1. januar 1994 kom det eit kaldgufs inn i norsk politikk og samfunnsliv. Gro Harlem Brundtland, dåværande statsminister frå Ap og dåværande statssekretær ved statsministeren sitt kontor , Jonas Gahr Støre, klarte å overtyda stortingspolitikarane til å akseptera EØS-avtalen mellom EU og Noreg sjølv om Noreg på det tidspunktet allereie hadde ein handelsavtale med EU.

I avtalevilkåra for EØS-avtalen forpliktar Noreg seg til å godta at direktiv/lover frå Brüssel vil vera dei gjeldande lovane dersom det skulle oppstå ein konflikt mellom EU-lov og norsk lov. Til og med grunnlova er underlagt EU-lovene.

Artikkelforfatter Olav Flaate. Foto: Linda Pedersen

Noreg sin Handelsavtale med EU frå 1973 inneheldt inga slik juridisk underkasting ovanfor EU. Den handelsavtalen var ein to-sidig avtale der EU og Noreg var likeverdige partar. Men kvifor ein ny handelsavtale mellom EU og Noreg då me allereie hadde ein handelsavtale?

Gro Harlem Brundtland var svært uroa framføre folkerøystinga 28. november 1994 i spørsmålet om ja eller nei til EU-medlemsskap. Sjølv var ho for medlemsskap. I tida framføre folkerøystinga kom ho difor med mange skræmsler til det norske folk. Dersom folket ikkje røysta ja til medlemsskap, ville Noreg tapa 100.000 arbeidsplassar.

Prosedyren bør vera grei; Sei opp EØS-avtalen

Men likevel, etter ei grundig og systematisk mobilisering av nei-folk , vart det nei-fleirtal blant dei som røysta denne novemberdagen. EØS-avtalen , halmstrået til Gro Harlem Brundtland og Jonas Gahr Støre, har vore viktig for dei som ynskjer marknadsstyring og ikkje demokratisk politisk styring av samfunnet. Dette speglar seg i den fjernstyringa me har hatt av landet vårt frå Brüssel i 28 år.

I 2018 nytta Ap saman med eit fleirtal på Stortinget EØS-avtalen til å innlemma norsk energiproduksjon i ACER, EU sitt energibyrå og dermed knyta Noreg tettare til EU. Dette skjedde trass i at 120 Ap-ordførarar og fagrørsla protesterte mot å gjera dette. Arvesølvet, vasskraftenergien som gjorde Noreg til eit velferdssamfunn, vart bokstaveleg tala overført til EU. I tillegg har norske stortingspolitikarar, folket sine tillitsvalde kvinner og menn, opna opp for tilsaman 19 el-kablar til EU og Storbritannia.

Den energien som normalt skulle vera ein konkurransefordel for norsk industri og rimeleg energi for hushaldningar i Noreg, har våre politikarar gjort til ei handelsvare for å få mest mogeleg profitt for den norske staten. Nokre kallar denne politikken for kunnskapslaus. Men er det det når målet deira er å gjera Noreg til EU-medlem, slik Ap ynskjer det? Nei sjølvsagt ikkje.

Men det er eit svik ovanfor det norske folk – det er eit svik ovanfor norsk industri – det er eit svik ovanfor norske bønder – det er eit svik ovanfor offentleg sektor – det er eit svik ovanfor oss alle. Dersom marknaden, gjennom EØS-avtalen, framleis skal bestemma mykje av samfunnsutviklinga i Noreg, slik det er i EU, vil me oppleva eit veksande gap mellom rike og fattige i Noreg.

Dette vil vera til stor skade for oss alle, og difor er det viktig at det norske storting , nasjonalforsamlinga vår, tar initiativ til at dei sjølve som demokratisk valde politikarar, tar på seg styringa av landet. Det er det dei er der for. Prosedyren bør vera grei; Sei opp EØS-avtalen. Etter eitt år vil den gamle handelsavtalen frå 1973 bli gjeldande avtale mellom EU og Noreg.

Med full demokratisk sjølvråderett kan så Stortinget vedta ei ny energilov der prissetjinga på straum går frå forretning til forvaltning. Då har Stortinget mogelegheit til å setja makspris på straum til 30 øre pr. kwh for den einskilde husstanden og konkurransedyktige låge kraftprisar for næringslivet.

Når endeleg EØS-springbrettet inn i EU er borte, kan den demokratiske styringa av landet få utvikla seg til det beste for det norske folk utan å krypa verken for EU eller USA.