Suverene demokratiske statar med eigne institusjonar som nasjonalforsamling, domstolar og eit parlamentarisk system, er eit godt grunnlag for å byggja ein sterk stat.

Statar med nasjonal sjølvråderett lagar sine eigne lover, bestemmer distriktspolitikk, kven, kva, kvar og kor mykje staten vil gå inn med økonomisk stønad til næringslivet eller privat hushaldningar som no med dei høge straumprisane.

I desse tider med ein tragisk krig i Ukraina tar Stein-Gunnar Bondevik, spaltist i Folkebladet, til ordet for at Noreg skal bli medlem av EU. Han skriv: « Den trygge havna for Norge heter EU». Han nyttar uttrykket at «EU leverer» i den måten EU taklar dei grufulle krigshandlingane i Ukraina med ulike hjelpetiltak på.

Det er heilt rett at Polen gjer ein kjempeinsats i mottaket av alle flyktningane frå Ukraina. Det at medlemsstatane i EU står saman både når det gjeld fordøming av Putin sitt åtak på Ukraina og handling i form av hjelpetiltak ovanfor folk i Ukraina er storarta.

Samstundes er det heilt naturleg at medlemsstatane i EU står saman mot det som dei oppfattar som ein felles fiende. Noreg samarbeider med EU om mykje, men gjer det på eit fritt demokratisk grunnlag. Noreg treng ikkje noko « trygg havn» for å gjera dette.

Konklusjonen må bli at EU er langt frå å vera ei frihavn for Noreg

Noreg må tvert om fri seg meir frå den klamme EU-handa gjennom EØS-avtalen, som påfører landet vårt heile EU-lovverket for fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft. Det er eit lovverk som grip inn i all offentleg verksemd i dette landet.

Sjølvsagt treng Noreg både handelsaktivitet og anna samkvem med EU , men det må vera tufta på eit tosidig grunnlag der EU og Noreg er likeverdige partar. Ingen skal diktera den andre parten noko som helst, slik det er med EØS-avtalen i dag når EU-direktiv frå Brüssel kneblar både politikarar og embetsverk.

Olav Flaate Foto: Linda Pedersen

Noreg og EU er i ein gunstig posisjon for å kunna etablera ein tosidig handelsavtale når det norske storting bestemmer seg for å sei opp EØS-avtalen. Noreg har nemleg ein tosidig handelsavtale med EU frå 1973. Denne er ikkje sagt opp av nokon av partane, og kan moderniserast og tilpassast den tida me lever i no i 2022.

Når EØS-avtalen er sagt opp, er det og enklare å gå ut av EU sitt energibyrå ACER. Dermed vil Noreg kunna få full kontroll med vasskraft og el-produksjon i dette landet, og bli frikopla EU sine el-prisar.

Konklusjonen må bli at EU er langt frå å vera ei frihavn for Noreg. Eit fleirtal av det norske folk ynskjer sjølvråderett. Det har dei gitt uttrykk for i to folkerøystingar; 1972 og 1994.

Så får me berre be, tru og håpa at det vert fred og normale tilstandar i Ukraina, slik at alle som måtte flykta ut av landet kan flytta heim att til det landet dei er glade i.