No har nesten halvparten av VM-spelarane vore i Arna-Bjørnar

Her er historia om korleis ein liten klubb frå det bergenske bygdelandet vart ein hovudleverandør av VM-klare spelarar.

NÅDDE TRENING: Lisa Naalsund kasta seg på første fly då ho fekk telefonen frå landslaget.   Foto: Stian Lysberg Solum, NTB Scanpix

fotball

REIMS: Bergenske Lisa Naalsund kjem sveitt, glad og litt forfjamsa ruslande av treningsbana i Bezannes, ein liten by utanfor Reims. Det er ikkje rart det, at ho kanskje kjenner på at situasjonen er noko litt utanom det vanlege, for det siste døgnet har vore spesielt.

Denne veka fekk ho ein telefon frå landslaget om at dei ønskte at ho skulle slutta seg til VM-troppen. Som reserve vart ho kalla inn for Emilie Haavi som måtte reisa heim med eit øydelagt krossband. Ho kasta seg på flyet og rakk så vidt trening dagen etter.