I FØRRE VEKA sendte rådmannen i Lenvik ut ein «prøveballong» i Folkebladet: Lenvik Havn skal no under rådmannen si kappa. Grunngjevinga er ein psykiatrisk diagnose på formannskapet; dei må «vitaliserast». Vi skal ikkje sjå bort frå at rådmannen, med sin helsefaglige bakgrunn, fêr i noko hêr. Robek-lista er og skal vere eit økonomisk sedativ på politikarar som ikkje er i stand til å handtere andre sine pengar på ein edruelig måte. Kanskje vi skulle la metafôren om «den fulle sjømannen» kvile ei stund? «Å strø om seg med pengar som ein politikar» ville vere fullt forståelig for alle som har med Lenvik etter år 2000 å gjere.

ARTIKKELFORFATTAR Steinar Nymo fra Nymoen på Senja.

MEN TIL

saka: Det siste vi treng i Lenvik, er vel å bytte ut eit vel fungerande kommunalt føretak med noko som er eit fordekt rådmannstyre. Kva vil rådmannen med hamnene? Har det med økonomi å gjere? Vi kan berre gjette. Det som kan seiast for visst, er at hamnefunksjonane vil bli skadelidande under rådmannens klamme hand. På rådhuset er det viktig å ha «Margrethe-sveis». Det er tronge kår for fagkunnskap og integritet og klokskap under den sveisen.

NÅR DET GJELD Finnfjordhamna, så vil kommunen bli skadelidande om ein enkelt aktør, den store – og kravstore – naboen skal regjere der. Berre eit sjølvstendig føretak under ei leiing som ikkje er til fals, kan ivareta kommunen sine interesser der. Det er derfor slike føretak finst. Om så Finnfjord AS kan skrø av støvlane sine på resten av det kommunale Lenvik, så skal dei ikkje kunne gjere det med hamna.

VI SOM GJEKK og trudde at formannskapet sjølv var i stand til å finne meiningsfylte oppgåver, får berre revidere vår meining og heller prøve å hjelpe dei. Første tips: Kva med å sjå utanfor Finnsnes sentrum etter oppgåver? Neste: Kutt engasjementet nede i Kunnskapsparken! Det må vel vere andre måtar å lære innvandrarar svart økonomi på, enn å ause ut millionar på ei kafédrift som fortrenger dei som driv på lovlig vis? Ein viktig føresetnad er då at formannskapet tek tilbake nokre av dei fullmaktene som no er delegerte til rådmannen. Har ikkje erfaringane vist at dessa vedtaka var ekstremt uheldige?

NÅR NO FYLKESMANNEN føreskriv ein valium-kur for lenvik-politikarane, så har det si årsak at dei, økonomisk sett, har gått på party-dop etter det famøse byvedtaket ved hundreårsskiftet. Alt i Lenvik handlar no om å bygge by på Finnsnes. Næringsutvikling for kommunen kjem i fjerde rekka. Pengane blir brukt til fjas, jåleri og lite talenterte påfunn som ingen har klart å gjere noko vettig ut av. Kva tid skal det bli slutt på det der barneby-tøvet som vi berre gjer oss til latter med?

EI MEININGSFYLT kommunal oppgåve må vel vere kommunikasjonssektoren. Eg nemner hêr kommunale vegar og fiberutbygging, område der kommunen har både «frie» og øyremerka midlar til rådvelde. Om det finst nokon plan for kva tid vi utanom tettstadene kan få fiber? Viss ikkje, var det ikkje då meiningsfylt å få laga ein slik? Når det gjeld kommunen sine vegar, så har stellet av dei, både vedlikehald og opprusting, vore «sterkt underfinansiert» i fleire tiår. Dei akkumulerte behova til vegsektoren er no trulig på meir enn 100 millioner kroner. Og då tenker eg ikkje på asfalt ein gong.

KOMMUNEN BRUKER «den brente jords taktikk». Han trekker seg tilbake frå utkantane. Når ansvarlige kommunale organ på alvor diskuterer – og vedtek, å vinterstenge fem kilometer veg for å spare brøytinga, då må det vere eit katastrofevarsel. Kva med dei som bur ved den vegen? Inga synd på dei, skal det vere sagt i formannskapet: dei har to snøscooterar. Minner meg om tilbaketoget frå Finnmark 1944. Der galdt ein liknande parole: «Mitleid mit der Zivilbevölkering ist nicht am Platze.» Men kva med dei som vil besøke folk som bur slik til? Må dei søke dispensasjon frå lova om motorisert ferdsel? Og kva med feiar, brannvesen og ambulanse? Og dei som skal krevje inn kommunal eigedomsskatt? Skal dei grynne?

ØKONOMISK POLITIKK. I skattelova er det frådrag for «utgifter til inntekters ervervelse. Når Lenvik kommune sine investeringar for det meste knyter seg til ting og tiltak som er dyre å halde i drift, så blir det «utgifter til utgifters ervervelse». Slikt må gå gale. Kunne det ikkje vere «meiningsfylt» for formannskapet i Lenvik å få til ein økonomisk praksis der tæring kom etter næring? At det ikkje kvart år oppstår «uforutsette tilfelle» som gjer at budsjettet på underprioriterte område blir plyndra.

VEDLIKEHALD AV kommunal eigedom? Som no det er, så er det store verdiar som går tapt ved at bygg blir forsarva og er saneringsmodne etter altfor kort tid. I all ikkje-kommunistisk økonomisk tenking høyrer avskriving, drift og vedlikehald med når det skal investerast. Kommunar som ikkje budsjetterer nok til vedlikehald, har ikkje ei seriøs leiing. Styrer dei Blå-Blå lenvik-økonomien etter ein kommunistisk modell? Eller må vi hente forklaringa frå psykologien? Det blir reist bautaer etter eldsjeler som får til politiske vedtak om monumentale bygg og anlegg. Men aldri etter dei som sørgjer for at det er økonomi til å reparere eller halde ved like. Kan det vere noko der?

DEI SOM RØYSTAR på dei som lovar mest, blir etter kvart klar over at også gode tiltak skal finansierast med innsparing andre stader. JA til badeland kan vere NEI til vedlikehald av veg og bygningar. Opne leikeareal i Kunnskapsparken kan gje vinterstengte vegar og nedlegging av endå fleire skolar. Ikkje rart det stadig blir fleire av oss som vil trekke kommunegrensa langs sundet.