DEN 28. NOVEMBER for tjue år sidan sa fleirtalet av kvinner og menn i Noreg NEI til at landet vårt skulle bli medlem av EU.

UTOVER kvelden og natta var det valvake både blant JA–tilhengjarar og blant NEI-tilhengjarar. Det var spanande å fylgje opptelgjinga, for det var eit viktig verdispørsmål det norske folket skulle røyste over denne dagen.

DÅ RESULTATET var klart at NEI-tilhengjarane hadde vunne, strøymde tankar og kjensler gjennom heile kroppen. Kampen for sjølvråderett, demokrati og eiga nasjonalforsamling var vunnen. Gledestårer trilla nedover kinna som om det skulle ha vore etter ein stor idrettsprestasjon. Dette var stort!

FOR MANGE kjendest det like stort som då Noreg fekk si eiga grunnlov i 1814. Landet vårt hadde stått mot presset frå EU-kapitalismen. Me kunne framleis arbeide for eit samhalds–Noreg, handle med dei landa me ville og ha ein sjølvstendig stemme i internasjonale fora.

MEN NEI–SIGEREN kom ikkje av seg sjølv. Over heile landet var det lokale lag av «Nei til EU»-medlemmer og desse var/er knytta godt i hop i fylkeslag . Det sentrale nivået av «NEI til EU» i Oslo koordinerte (og koordinerer) det meste av kva som skulle gjerast til ei kvar tid. Mange einskildmedlemmer gjorde ein kjempejobb med å verve medlemmer til «Nei til EU» for å få økonomi til å drive det viktige og nødvendige informasjonsarbeidet i kampen for å halde Noreg utanfor EU.

I LENVIK var Bjørnulf Kristoffersen ei eldsjel av dei sjeldne. Seint og tidleg var han på farten med medlemsblokka og informasjonsmateriell til husstandane i kommunen. «Dette er kampen for DEMOKRATIET», sa Bjørnulf ofte.

I SØRREISA vart det arrangert mange folkemøter i forkant av folkerøystinga om EU-medlemskap. Blant innleiarane på nokre av folkemøta var blant anna Tove Strand, Jon Lilletun, Inge Staldvik og Espen Barth Eide.Gro Harlem Brundtland,den norske statsministeren på den tida, hadde bestemt at folkerøystinga i Noreg skulle gå føre seg etter røystinga i Sverige slik at me skulle bli dratt med i dragsuget etter svenskane inn i EU. Slik gjekk det heldigvis ikkje.

MEN STATSMINISTEREN (for overklassa i Noreg – Gro Harlem Brundtland) hadde gardert seg mot eit eventuelt nederlag med å inngå EØS–avtalen mellom Noreg og EU, trass i at Noreg allereie hadde ein frihandelsavtale med EU. EØS avtalen (godtatt av AP, Høgre og KrF) inneber at Noreg kvart år må betale ei «avtaleavgift» på milliardar av kroner til EU - noko som ikkje var noko vilkår knytta til den eksisterande Frihandelsavtalen.

I DAG ERFARER me korleis innhaldet av denne avtalen utviklar seg og endrar seg. Lover og direktiver strøymer inn til det norske Stortinget som mest utan kommentarer innlemmer desse i det norske lovverket. Gro Harlem Brundtland, den såkalla landsmoderen, har klart å setja Grunnlova og Stortinget, vår nasjonalforsamling og lovgivande institusjon på sidelina!

LOVENE, som skal gjelda i dette landet, skal ifylgje Grunnlova koma frå det norske Stortinget!

EØS–avtalen lovfestar fri flyt av arbeidskraft, kapital, varer og tenester over landegrensene. Kvar og ein kan gjera seg opp si meining om korleis EØS-avtalen grip inn i den norske samfunnsmodellen og pålegg norske styresmakter å gå utanom det som er til det beste for fellesskap og samhald i dette landet.

17. MAI syng me nasjonalsongen vår «Ja, vi elsker dette landet», ja, for me er glade i landet vårt. Så spørsmålet vert korleis me ynskjer å ha det i framtida både for oss sjølve og framtidige generasjonar. Skal me framleis godta direktiva frå EU? I den samanhangen er det skræmande korleis filosofien frå EU gjennomsyrer storparten av dei folkevalde på Stortinget. Sparepolitikken frå EU grip meir og meir om seg og i dette landet. Overføringane av pengar til kommunane samsvarar ikkje med oppgåvene kommunane skal ivareta. Skular og sjukehus, dei institusjonane som leverer basistenester til folket får mindre å rutte med. Resultatet vert nedlegging eller privatisering.

EØS-AVTALEN legg ei klam hand over over landet. Me treng enno ein gong å mobilisere for sjølvråderetten og fri oss frå det tyngjande åket som EU legg på oss. Me treng å styrkje organisasjonen – me treng at fleire vert medlemmer for å kunna halde trøkket oppe med informasjonsarbeid.

Likevel – trass i dei veldig uheldige konsekvensane av EØS-avtalen – vart 28. november 1994 ein stor dag for demokratiet og dei verdiane me har tufta dette landet på. Me kan ikkje gjera det til ei handelsvare. Difor må me enno ein gong gjera ein felles dugnad for demokratiet og landet.

FAKSIMILE: Folkebladet 29. november 1994 - da Norge hadde sagt nei til EU.
Norge sa nei til det som het EF i 1972. Faksimile fra Folkebladet 26. september 1972.