«Med lov skal landet vårt byggjast , og ikkje med ulov øydast.» Dette sitatet fra Frostatingslova er vel kjent for dei fleste som eit retts- og rettferdigheitsprinnsipp som enno lever i folks bevisstheit.

Frostatingslova fekk si form i 1260, etter eit manuskript av denne lova som vart skriven i andre halvdel av 1200-talet. Etter denne tida er fleire lovar komen til, nokon reviderte, nokon heilt nye, i takt med utviklinga i samfunnet. Men lovpraksisen frå Magnus Lagabøtes lov 1274, Den norske Grunnlova og vidare inn i vår tid, inneheld likevel dei prinsippa om at landet vårt, heilt fra storting/regjering og ut til bygd, by, og kommunar skal styrast og byggjast etter lov og orden, og ikkje minst likheit for lova.

Grunnen til dette avisinnlegget frå meg, er at eg kom over ein blogg på Facebook med navnet Bondetampen. Eit innlegg på denne bloggen, «Speilets dronning i Lenvik», gjorde meg til dei grader så fælen at eg ikkje anna kunne enn å gå ut med tankar og spørsmål kring innhaldet i bloggen. Ole Henriksen, bloggens forfattar, er ein varslar, ingen tvil om det. Men Ole, slik eg kjenner han, er ein ærleg og redelig kar, og han er nok ikkje i tvil om at han sjølv utsett seg for å hamne i «gapestokken». Det skal mot til å varsle om ting som kan vera i strid med lover og reglar. Men dette motet har Ole Henriksen, og han synes å være mentalt sterk nok til «å stå han av».

Ole Henriksen sitt varemerke i det illegale som bloggen peikar på er ikkje påstander. Det er heller fleire spørsmål i høve til Lenvik kommune si handsaming av namngitte saker som kan vera i strid med regelverket. Det er vidare spørsmål om leiarskap, kameraderi, om vennekrets og slektsskap i tilsettingssaker, om lønnsavtaler og mykje, mykje meir. Det er lov å spørre, slik Ole har gjort, og det er lov å vone på eit svar. Men, «det er stille i fjøset», som visa seier om stillheita som rådde i hønsehuset då reven sneik seg inn. Ole Henriksen skal, ser det ut til, «teias i hel». Det rare er at ikkje nokon i formannskapet eller kommunestyret har noko å seia til ein eller fleire mulige overtramp i sakshandsamingar, som kan ha skjedd ved at nokon med makt har tatt avgjersler i strid med regelverket.

Jau, eit par ulne ytringer har ein vel sett i ei avis. Så kan ein saktens spørre: Kor er dei ulike partia i desse sakene? Korleis er meiningane til desse staute representantane frå Arbeiderpartiet, frå Frp, frå Venstre, frå Høgre, frå KrF, frå Lenviklista og eventuelt andre innvalde representantar til kommunestyret? Kvifor er det så stille om kanskje ulovlege overstyringar i saker som mange meiner dei kjenner til, men ikkje vil blanda seg inn i? Dei meiner vel kanskje «ikkje tør blanda seg inn i». Det er jo vi skattebetalarar som har valt dokker inn i styre og stell på våres vegne, så litt må ein då kunne kreve for den møtegodtgjersla dokker tek i mot. Eller er det slik at sløvheita har teke over og «humla får suse» slik ho sjøl vil? Likegyldigheit er ein lite hyggelig diagnose, både for dei som er med i politisk arbeid, og for dei politiske partia som skal vakte over dei verdiane som skal til i arbeid for truverdigheit og anstendigheit, både i forvaltning og politisk styring.

Kva seier så «Den fjerde statsmakt» som liksom skal vera «vaktbikkjer»; seia frå dersom nokon misbrukar si makt og sin innflytelse? Stille i fjøset der også! Desse to avisene, Nordlys og Folkebladet, med store dekningsområde i Lenvik kommune og kringliggande kommunar, ser ut til å leve opp til det Pilatus blei mest kjent for. Dei sit på gjerdet og toer sine hender, og har på ingen måte vist sin journalistiske interesse for spørsmåla til Ole Henriksen, og han meiner sjølv å møte ei kald skulder når han møter til desse avisane med sine skriftlige varsler om svikt og kanskje misligheiter i den kommunale forvaltninga.

Dersom dette er ei sanning, kan ikkje eg sjå at media gjør jobben sin. Altså svikter dei som informasjonskilde til befolkningen om alvorlige tilstandar som kan ha gått føre seg i den kommunale forvaltninga og det fleirpolitiske ansvar. Kor er redaktøransvaret i begge desse Troms-avisene? Ei anna sak er at dersom spørsmåla i bloggen Bondetampen ikkje har hold i virkeligheita? Kva så? Då er det jo alvorlege skuldningar som må få sine konsekvensar. Det samme må vel seiast dersom innlegget «Speilets dronning i Lenvik» er sanning. Då må også det få konsekvensar for dei det gjeld. Den nøytrale pressa, den fjerde statsmakt, er difor eit verktøy som kan vera med å høyne det reinslege nivået i vårt demokrati på alle plan, bidra til truverdighet og tryggheit, både i forvaltning og i dei politiske fora, og for folk flest.

Pressa skal også ha mot til å ta opp saker både av populær og upopulær karakter. Som skattebetalarar og innbyggarar i Lenvik kommune er vi mange som har behov for å vite kva som er den objektive sanninga i det som den namngitte bloggen meiner kan ha skjedd. Mange historier går som eld i tørt gras på folkemunne, om det som kan ha skjedd i i kommunens administrasjon, og om den antatte sløvskapen i det politiske maktapparatet.

Ole Henriksen har gjort det mange ikkje har hatt mot til: Han har gjort si fordømte plikt. Det bør og skal han respekteras for, ikkje mobbas for. Til slutt: «Blindheita er størst hos dei som med vilje ikkje ser». Likegyldigheit gagner ingen. Men truverdigheit og anstendigheit gagnar alle, vil eg då tru!

- Desse to avisene, Nordlys og Folkebladet, med store dekningsområde i Lenvik kommune og kringliggande kommunar, ser ut til å leve opp til det Pilatus blei mest kjent for. Dei sit på gjerdet og toer sine hender, skriver Olav Andreas Winther. Foto: Stian Jakobsen